DKS samling.jpg
 

Oppsummering og referat fra samling på Gardermoen 24.01.2016

I notata frå borda kom det fram ulike stemningar. Nokre var klart avventande til kva Kulturtanken hadde å koma med, andre var meir på den negative sida til at det var oppretta ein etat med sete i Oslo, medan fleire var positive til at det var ein felles aktør som skulle samla DKS, for dermed å styrkje ordninga. Det deltakarane var relativt unisont einige om var at Kulturtanken må vera aktive ute i DKS-miljøet. Vere ute og lytte, ha hyppige dialogmøte og sørge for solid forankring. Det er ei klar forventning om at Kulturtanken skal bidra til å styrke regionane, og at regionane sjølve skal vere førande på utvikling saman med, og med støtte frå Kulturtanken. Kulturtanken må med andre ord fremje regional og kommunal utvikling gjennom god samhandling.

Dette kan gjerast mellom anna gjennom å styrke nettverka, og det er eit ønskje at også fylkeskultursjefane deltek aktivt. Det er nødvendig med fleire møtepunkt mellom leiarar og det operative leddet, og DKS-organisasjonen nasjonalt må riggast på ein slik måte at nokre ledd har legitimitet til å snakka på vegne av andre (td. AU).

Relevans og kopling mot skulen
Ei utfordring som vert løfta fram for å gjere DKS relevant for skulen, er sjølve koplinga mot skulen. Fylkeskommunar opplever generelt manglande formelle arenaer for dialog, og ønskjer fleire og betre møteflater. Kan Kulturtanken gjennom styrka dialog med Kunnskapsdepartementet også styrka linja til skuleeigar og dermed DKS i skulen? Ei utfordring som vert løfta fram er til dømes at mange kulturkontakter ikkje har frikjøpt tid til DKS, og når det ikkje er frivillig å delta i DKS-ordninga er dette sjølvsagt problematisk. Dersom det er slik at DKS skal bidra til å styrkje måla i framtidsskulen, må det setjast av tid, og ressursar til dette i skulen.  Det er vanskeleg å sjå korleis ein kan kople kvalitet, læreplan og kunst utan å ha tid til å snakka om det saman. Men DKS-nettverket vil gjerne vere med på dette saman med skulen. Det som var klårt rundt borda var ønsket om at Kulturtanken kunne sikre at DKS-ordninga difor ikkje var vilkårleg og avhengig av den enkelte rektor eller skuleleiar, men inngjekk i eit system som sikra nettopp at ein kunne bidra til å styrkje måla i læreplanverket på ein fagleg, kunstnarleg og pedagogisk god måte.  

Kvalitet
Når det gjeld mål om kvalitet vert det teke godt i mot rundt borda. Det vert peika på at ein bør kartleggja kva som finnast i dag av ulike modellar av kvalitetsrutinar, både sentralt og i fylka. Det er eit ynskje om at kvaltitetsbegrepet må utviklast saman med både skule, elevar og regionane. Og at dei tidlegare nasjonale aktørane både må sjåast på med nye auge og delta med sin opparbeida kompetanse over mange år. Det er også viktig at Kulturtanken inviterer til diskusjon rundt alle kunstartane og involverer produksjonsmiljø og kunstnarar.

Andre tema som vart peikt på som viktige var at Kulturtanken måtte bidra til å ny teknologi, betre digitale forvaltningstenester, og ei god økonomistyring. Økonomiansvarleg, Kristian Fosser, svarte på mange spørsmål om nettopp økonomi, difor vel eg å ikkje referere så mykje av det som var sagt rundt borda om dette.

Når det gjeld utviklingsmidlar vart det uttrykt at fylka måtte følgjast litt opp slik at alle på ein eller annan måte måtte dela i utviklingsarbeid.

Lin M Holvik

Last ned oppsummmering her

Bilde: Livlige diskusjoner rundt bordene, når deltagere fra DKS-nettverket i hele landet er samlet. Foto: Lars Opstad