MuSIKK i DKS

Kontakt:
Matias Hilmar Iversen
mhi @ kulturtanken.no
 

Frå Rikskonsertane til Kulturtanken – kva skjer med musikken?
Kulturtanken skal framleis arbeide kreativt og vere involvert i utviklingsprosjekt på tvers av kunstartane i DKS. Men det ligg ikkje til mandatet vårt at vi skal produsere og gjennomføre turnear, slik Rikskonsertane har gjort. Dei tidlegare turné- og produksjonsoppgåvene til Rikskonsertane skal fasast ut til fylka i løpet av 2018.

Skulekonsertane
Kulturtanken har henta innspel frå fylka til kva som trengst for at kvaliteten i skulekonsertane skal bli ivaretatt og styrka. Vi har etablert ei prosjektgruppe som ser på ei løysing og ei mogleg organisering for produksjonsmiljøa, og for kvalitetssikring av musikken i DKS. Vi ønsker ein ekstern samlande aktør på musikkfeltet i DKS.

Skulekonsertordninga med sine to konsertar i året er nedlagd, og frå 2018 blir alle midla til DKS éin pengestraum (spelemiddel). Fylka står då friare til å bestemme kor mange konsertar og korleis musikktilbodet i DKS skal sjå ut. 

Programrådet og programbank
Programrådet kjem til å fortsetje som i dag fram til ei anna form for kvalitetssikring er på plass. Krava til kvalitet vil vere dei same for fylke og for 100 %-/direktekommunar. Ein oppdatert Programbank med ny nettside er under utvikling.

Dialog og orientering:

Fylkeskultursjefane: På eit møte 18. oktober 2016 blei ein plan for utfasing av turné- og produksjonsoppgåver lagt fram for alle fylkeskultursjefane.

Musikkprodusentane: Kulturtanken har orientert produsentane i fylka om framdriftsplan for utfasing og overføring av oppgåver knytta til turné og produksjon av skulekonsertar.

MFO /Musikarane: Vi har sendt prosjektplanen til MFO, og vil vere i dialog med dei og musikarane om endringane.

DKS-nettverket: Kulturtanken og DKS-nettverket, samt nokre av dei tidlegare nasjonale aktørane, har hatt ei samling. Der orienterte vi om endringa i organiseringa av Den kulturelle skulesekken og oppgåvene Kulturtanken skal løyse.
 
Barnehage
Rikskonsertane har hatt ein tilleggsavtale med fylka om barnehagekonsertar. I dag er det 12 fylke som produserar og sender musikk på turné i barnehagar. Ordninga har vore eit 50/50-spleiselag, der vårt tilskot også har dekka produksjonsmiddel og informasjonsmateriell. Barnehage ligg ikkje i mandatet til Kulturtanken, og er ikkje ein del av DKS. Vi vil likevel oppretthalde «spleiseordninga» i 2017.

Bornas verdsdagar
Rikskonsertane har arrangert festivalen Bornas verdsdagar (BVD) i Oslo, som del av Oslo World Music festival, siden 1999. I tillegg har Rikskonsertane oppretta eit nasjonalt nettverk av BVD-arrangørar i heile landet. Vi arbeidar no med Kulturdepartementet med å finne ei løysing for både BVD i Oslo, og BVD-nettverket.