Ei særskild takk og gode ønskjer

Ei særskild takk og gode ønskjer

Ei særskild takk og gode ønskjer

Kulturtanken reiser seg akkurat no opp på føtene, i heilt ny drakt, nye fargar og nye former. Kulturtanken står stødig på ei grunnmur av kompetanse, erfaring og heilhjarta kunst- og kulturarbeid gjennom nær 50 år med konsertverksemd. Alle dykk tusenvis av musikarar, musikkprodusentar og turnéleggjarar i fylke og kommunar som har arbeidd for at musikken skulle nå fram – i alle ordets tydingar - til kvart einaste born i kvar einaste krok i regionane: Kulturtanken sender dykk ei særskild takk og helsing på vegner av Rikskonsertane.     

Kvar skuledag, året rundt, fer kunstnarar og formidlarar gjennom landet vårt. Dei er på reise for Den kulturelle skulesekken. Dei vitjar klasserom og gymsalar, grusbaner og kulturhus. Dei møter elevar, hundretusenvis av born og unge, over heile landet. Det er dei komande generasjonane kunstnarane og formidlarane møter, det er dei som blir rørte ved, som føl med, som gler seg, gruar seg, er likesæle, som kjenner seg igjen, som gret, veks, vil ha meir, mindre, oftare, annleis. Som vil delta, diskutera og meine.

Det er kunstnarane som kjem. Kunstnarane som auser av sin rikdom, sin kunnskap og formidlarevne. Og læraren tek i mot.

Stundom har både kunstnar og lærar lyst å hiva kvarandre ut av både gymsal og klasserom. Eg veit det, fordi eg har vore på «den andre sia». Det passar ikkje. Vi har matteprøve. Men så skjer det noko. Og dette noko kan ikkje målast i tal eller karakterar. Dette noko skjer kanskje ikkje kvar gong, men ofte nok til at ein ikkje vil gje slepp på opplevinga. Kunsten og kulturen rår med å formidla der vi andre ofte ikkje når inn, med dette noko som treff den gode strengen i hjartet til ungdomen. Det vil eg takka kunstnaren og formidlaren for.

Eg veit ikkje om kunstnaren og andre formidlarar som reiser i Den kulturelle skulesekken ofte vert takka. Eg veit at eg, då eg var rektor, ofte takka lærarar for alt det fantastiske dei gjer og står for.

Men i dag vil eg takka deg som er DKS-kunstnar og -formidlar for at du er med på å gjere den oppveksande generasjonen nordmenn ikkje berre til menneske, men til medmenneske. Sjeldan har vel det oppdraget vore viktigare enn no. 

Så vil eg takka alle de som jobbar med DKS i fylkeskommunar og kommunar for alt arbeidet de legg ned kvar dag, og alle de som er kulturkontaktar på skulane, og sjølvsagt de som er lærarar. Og ikkje minst elevane, alle dei mange hundretusen av unge som Den kulturelle skulesekken når kvart år.

No går vi straks inn i eit nytt år, og har mykje å gleda oss over. Saman skal vi jobba for eit tettare samspel mellom skulen og kultursektoren. Vi i Kulturanken skal arbeide engasjert og samlande, og halde fingeren på at god kan bli til betre både innan kvalitet, digital utvikling og forvalting. Og så skal vi sjølvsagt ha det moro saman.
 

God jul til dykk alle,

frå direktør Lin Marie Holvik

 

 

 

Kunsten å samtale

Kunsten å samtale

Kulturtanken i ny drakt

Kulturtanken i ny drakt