Føringar for Den kulturelle skulesekken - foreløpig tilskotsbrev

Føringar for Den kulturelle skulesekken - foreløpig tilskotsbrev

Kulturtanken har nyleg sendt ut skrivet «Den kulturelle skolesekken – Foreløpig brev om spillemidler for skoleåret 2018-2019». Det er eit foreløpig tilskotsbrev til fylkeskommuner og direktekommuner som administrerer Den kulturelle skulesekken (DKS). Tilskotsbrevet skal gi føringer for dei tildelte midla til DKS. Endeleg tilskotsbrev er forventa utsendt til alle tilskotsmottakarar innan juni neste år.

- Frå Kulturtanken si side er dette svar på eit ønske frå tilskotsmottakarane om å motta styringssignal før dei faktisk planlegg neste skulesekkår, seier direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik. Vi har stilt Holvik nokre spørmål for å utdype nokre punkt i brevet.


Noko nytt?
Kva er nytt, og verdt å merke seg ved dette tilskotsbrevet?
- Også dette brevet inneheld føringar til Den kulturelle skulesekken (DKS) frå Stortinget. Men Kulturtanken har fått i oppdrag å forvalte, utvikle, fornye og koordinere DKS, fortel Holvik.

- Difor har vi gjort eit omfattande kartleggingsarbeid og ei oppsøkjande verksemd i året som ligg bak oss. På bakgrunn av dette, samt tidlegare rapportar om DKS, har vi eit nytt avsnitt i brevet i år om moglege samarbeidsprosjekt*(sjå nederst i saka). Disse er kring tema som både byggjer opp under utfordringane slik dei er blitt peikte på av våre DKS-aktørar landet rundt, våre eigne strategiske målsetjingar, samt oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet og  Kunnskapsdepartementet. Dette er samanfallande, og syner retninga for kor vi vil setje inn våre prioriteringar i åra framfor oss. Vi byrjar i år med nokre område, og vil utvide i åra som kjem. Skule er eit av temaa for samarbeidsprosjekt, både skuleeigarane, kulturkontaktane og elevane. Så har vi prosjekt kring produsentane, kvalitet og ikkje minst formidling via nye teknologiar.
 

Lokal forankring
Det står i tilskotsbrevet at «Den kulturelle skolesekken skal sikre et profesjonelt kunst- og kulturtilbud i skolen for barn og unge i hele landet, innenfor alle de seks kunst- og kulturuttrykkene i Den kulturelle skolesekken: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst». Korleis kan Kulturtanken følge opp at dette tilbodet sikrast i DKS over heile landet?

- Vi er heilt avhengige av godt samarbeid på kryss og tvers, seier direktøren. - Spesielt med lokal DKS-administrasjon i fylke og kommunar, men også av kunstnarlege produksjonsmiljø og ikkje minst skulesektoren. Alle samarbeidsprosjekt skal forankrast lokalt. Det er eit prinsipp og ei fane vi vil halde høgt. Vi skal vere på tilbodssida og bidra med det ein stor nasjonal aktør kan gjera, til dømes kompetansehevande tiltak, samle kunst-, kultur- og skulemiljøa til konferansar og seminar, og forske på og dele kunnskap om ordninga.

Samstundes arbeider vi no med ein nasjonal digital DKS-portal for heile ordninga. Portalen blir eit felles administrativt system for forvaltningsnivåa, søknadsportal for kunstnarar og visningsarena for alle produksjonar i Den kulturelle skulesekken. I arbeidet med portalen har vi tett dialog med samarbeidspartnarar og andre aktørar i DKS, slik at portalen på best mogleg vis vil kunne dekkje behova feltet har for eit heilskapleg system.    
(link til saken om portal)

-Vil det kunne kome betydelege endringar innan det endelege tilskotsbrevet som sendes våren 2018?

- Det ligg ikkje an til å bli store endringar i det endelege tilskotbrevet i juni, slik det ser ut no, avsluttar Lin Marie Holvik.

Jmfr. henvisninga til samarbeidsprosjekt i teksten over. Dette er punkt 4 i tilskotsbrevet:

*Samarbeidsprosjekt
I 2018 planlegg Kulturtanken å tilby fleire samarbeidsprosjekt med tilskotsmottakarar og andre DKS-aktørar. På bakgrunn av dialogen med fylke og direktekommunar så langt, har vi forslag til følgjande tema til samarbeidsprosjekt:

• Forum for skuleleiarar (17/00568). Skuleleiaren er viktig for DKS, og vi ønsker å opprette eit forum for dialog med skuleleiarar i samarbeid med fylke og kommunar.

• Prosjekt for kulturkontakter (17/00573). Kulturkontaktane ved skulane er ein viktig ressurs for DKS. Korleis styrke mandatet og posisjonen til kulturkontaktane i skulen?

• Elevmedverknad (17/00569). Stemmene til elevane i DKS er viktig. Saman med Ungdomsrådet til Kulturtanken skal vi opprette pilotar som utforskar moglegheiter for meir elevmedverknad i DKS.
• Kunstnarleg fagråd (17/00570). Korleis sikre kvalitet i DKS-produksjonar? Vi involverer forskarar og kunstnarar i eit prosjekt om kvalitet i formidling og kunstproduksjon.

• Produksjons- og formidlingskurs, eit tilbod for nye produsentar i DKS (17/00571). Korleis sikre nye produksjonar på tvers i dei ulike kunstformane?

• Nye formidlingsformer ved bruk av digitale teknologiar (17/00572). Vi tar imot idear til pilotar vi saman kan utvikle vidare.

Vi inviterer tilskotsmottakarar til å melde si foreløpige interesse for samarbeidsprosjekt til: postmottak@kulturtanken.no innan 15.12.2017. Vær venleg å merke e-posten med referansenummer og namn på prosjektet. Eventuelle forslag til andre tema for samarbeidsprosjekt i 2018 eller påfølgjande år kan også sendast til oss innan angitt frist."

SJÅ HEILE BREVET HER

Foto: Petter Hellman / forestillingen "Super Sunday" (Race Horse Company) som har vore vist i DKS i ein rekke fylker.

Hva skjer 'a?

Hva skjer 'a?

PROFIL: fagansvarlig for scenekunst

PROFIL: fagansvarlig for scenekunst