Teikna helsingar til Midtausten

Teikna helsingar til Midtausten

«Slottet i sanden - songar frå Midtausten» er ein skulekonsertproduksjon med musikarar frå Palestina, Jordan og Noreg. Utøvarane speler bornesongar, folketonar og ny musikk frå Midtausten, og fortel historia om vesle Laila.

Produksjonen blei laga av Rikskonsertane i samarbeid med utøvarane, og har turnert mange fylke i landet. Sist høst vitja «Slottet i sanden» Østfold, der konserten blei spela på Sarpsborg Scene med 12 konsertar på fem dagar.

Kurland borneskule i Sarpsborg var der, og elevane blei så begeistra for utøvarane, historia og musikken at dei teikna kort til utøvarane med skildringar av inntrykk og opplevinga etter konserten. Korta er skanna inn og sende til utøvarane, som blei svært glade og takksame – ei slik tilbakemelding frå publikum betyr enormt mye. Tusen hjarteleg takk til 1. og 4. klasse ved Kurland skule som har teikna helsingane, og til kontaktlærar Elisabeth Brynildsen som sende oss dei flotte korta!

Her kan de lese meir om «Slottet i sanden» i Østfold haust 2016.

Aktuelt: Kort om litt

Aktuelt: Kort om litt

Fra Hysj Til Halloi: Barnas erobring av folkebibliotekene

Fra Hysj Til Halloi: Barnas erobring av folkebibliotekene