Styrker kulturarven i skulesekken

Styrker kulturarven i skulesekken

Kulturarv er ein av seks sjangrar som alle skuleborn får oppleve gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). No setjast det i gang prosjekt som skal bidra til å styrke kulturarv-produksjonane i DKS.

- Kulturminne og lokalhistorie er kjelder til kunnskap og opplevingar, og grunnlag for styrking av lokal eigenart, identitet og fellesskap. Det å kjenne seg som ein del av eit nærmiljø med ei felles historie er ein føresetnad for å slå rot der ein veks opp, enten ein har kome som innflyttar eller innvandrar, eller slekta har budd der til alle tider, seier Louise Brunborg-Næss.

Brunborg-Næss er prosjektleiar for eit samarbeid mellom historielag, museum og kommune, som skal føre til at enda fleire born blir kjende med deira felles kulturarv og nære historie.

Landslaget for lokalhistorie har fått pengar av Sparebankstiftelsen DNB og Kulturrådet for å gjennomføre eit pilotprosjekt i Hedmark, Oppland og Troms, i samarbeid med Riksantikvaren og Museumsforbundet. Pengane skal gå til å arrangere arbeidsverkstader for historielag, museum og kommunar, og spreie informasjon om DKS for å stimulere til fleire gode prosjekt om kulturarv og lokalhistorie. Det skal også gis tilskot til utvikling av nye produksjonar i dei utvalde fylka. Prosjektet blir gjennomført i tett samarbeid med Kulturtanken, som har nasjonalt ansvar for DKS.

- At fleire historielag no får moglegheit til å samarbeide med profesjonelle om opplegg for skuleklassar, vil bety at mange born og unge vil kunne møte deira kulturarv og lokalhistorie på ein ny måte, seier Brunborg-Næss i ei offentliggjering av prosjektet på nettsidene til Landslaget for lokalhistorie.

- Dette er eit veldig fint høve for Kulturtanken til å bli betre kjent med kulturavfeltet, og eit prosjekt av eit slikt kaliber er ein god start, seier Bente Aster, seniorrådgjevar i Kulturtanken.

-  I tillegg ønskjer vi å bli kjent med andre aktørar som kan bidra til å gje eit løft for heile dette feltet i Den kulturelle skulesekken, seier Aster.

Kulturtanken sit i styringsgruppa til prosjektet, som er tenkt å vare ut 2017.

 

 

Fra Hysj Til Halloi: Barnas erobring av folkebibliotekene

Fra Hysj Til Halloi: Barnas erobring av folkebibliotekene

STEPS trår inn på asylmottakene

STEPS trår inn på asylmottakene