Kulturreforma skjer no

Kulturreforma skjer no

Av Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken

Eg er svært glad for at regjeringa har beslutta å lage ei ny kulturmelding. Eg sluttar meg også fullt og heilt til innspelet frå Kulturrådet om at kunst og kultur må forankrast i den norske utdanninga frå barnehage til universitet, og at ei kulturmelding må interessere seg for dei estetiske fagas tyding for kunst og kulturliv.

Kunnskap går stadig raskare ut på dato. Teknologien endrar samfunnet, og digital kulturbruk skjer frå barnehagen til universitetet. For å sikre verdiskaping i informasjonssamfunnet må ungdommane våre lære å forløyse og forvalte eigen kreativitet. Kven kan dette betre enn kunstnaren og kultursektoren?

Opplæringslova § 1.1 fortel oss at skulen skal «opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring». Regjeringas etablering av Den kulturelle skulesekken (DKS) i 2001 var eit bidrag for å gi elevane slik kulturell innsikt.

Vidare har regjeringas stortingsmelding om skulen, Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet (St. meld no. 28, 2015 – 2016), gitt danningsoppdraget ein tydelegare plass i skulekvardagen. Utdanningsdirektoratet utarbeider strategi for fagfornyinga, og Kulturdepartementet oppretta i 2016 Kulturtanken som ny aktør for å få retning og mål på Den kulturelle skulesekken i eit vidt kulturelt danningsperspektiv.

Sjeldan har vi sett ei skulereform som er så viktig, dyptgripande og ambisiøs. Og sjeldan har vel kunst- og kultursektoren vore ein meir naturleg alliert for å nå dei måla som er satt.

I meldinga om skulen (St. meld no. 28) står fokuset på fagkunnskap sterkt, men meldinga søkjer seg også forbi faget, ut og opp i storsamfunnet og inn i framtida. Med dei fagovergripande temaa demokrati og medborgarskap vil skulen utdanne aktive og ansvarlege samfunnsdeltakarar. Gjennom fokuset på livsmeistring og folkehelse vil skulen ta tak i det heile mennesket, og gi eleven verktøy til å ivareta ein balanse gjennom utfordringane i livet.

I skuleløpet til elevane skal dei gjennom disse fagovergripande temaa. Og skulen treng kulturen i danningsoppdraget! Med kunst og kultur når vi heilt inn til born og unge, kultur er identitetsarbeid, kulturelle markørar er djupt personlege for ungdommar, det er her dei utforskar og artikulerer kven dei er og kor dei høyrer til. Kulturlivet representert gjennom Den kulturelle skulesekken kan skape arenaer for medborgarskap og kritisk refleksjon, meiningsbrytning, samtalar og kollektiv identitet som dannar eit samfunn. Kunsten artikulerer dilemmaa i samtida.

Den kulturelle skulesekken kan være det verktøyet skulen treng, i saumlaust samarbeid med dei praktiske og estetiske faga og lærarane. For korleis jobbar ein ballettdansar? Kva krevjast av ein skulptør; korleis blir ei teateroppsetjing til; korleis utviklar ein eit godt dataspel, korleis blir historia, musikken, filmen til? Kunst- og kulturlivet har kunnskapen om dette og institusjonane i det, kulturskulane og Den kulturelle skulesekken er deler i eit kulturelt økosystem og bidreg til utviklinga av framtidas borger.

Kulturtanken tar i 2017 initiativ til fleire breitt samansette utval på tvers av kunst-, kultur- og skulesektor for å diskutere desse store temaa som grunnlag for samarbeid. Ei kulturmelding er viktig. Det er også fagfornyinga og den naudsynte endringa vi står overfor. Men målet er uansett å legge til rette for det beste for våre unge – og for vår felles framtid.

Kjelder:
St meld no. 8 (2007 – 2008): Kulturell skolesekk for framtida
Stortingsmelding no. 28 (2015 – 2016): Fag, fordypning, forståelse, en fornyelse av Kunnskapsløftet
Strategi for fagfornyelsen:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/strategi-for-fagfornyelsen/id2537794/

Foto: Illustrasjonsbilde fra Istockphoto

 

Å vurdere kvalitet i barnehagekonserter

Å vurdere kvalitet i barnehagekonserter

Møte med 100%-kommunene

Møte med 100%-kommunene