Ei reise til framtida

Ei reise til framtida

Odda har Smelteverket, Frode Grytten, Trolltunga og Lothepus. Odda har Knut Olav Åmås, Hardanger Musikkfest og Børge Brende. Og Odda har nokre utruleg engasjerte og dedikerte folk som jobbar energisk for at born og unges skulekvardag og fritid skal vere meiningsfull, meistringsrik, innovativ og lærerik - på dei unges eigne premiss. Kulturtanken dro til Odda for å treffe nokre av dei.

Reisefølgjet frå Kulturtanken bestod av direktør Lin Holvik, fagsjef teknologi og digitale tenester, Sølve Huse-Amundsen, og kommunikasjonsleiar Guro Kleveland. Vi fikk ei svært hyggjeleg mottaking hos kultursjef Lage Thune Myrberget den kvelden vi kom til Odda i liten kuling, med kultursjefen og primus motor for besøket, rektor Sven Olaf Brekke ved Odda ungdomsskule, som vertskap. Her fikk vi møte musikklærar Per Terje Moe, festivalsjef for Litteratursymposiet, Ingvild Ystanes, og ordførar Roald Aga Haug.

Morgonen etter møttast vi rundt kommunebordet, til den meir formelle delen av programmet. Her var også kommunalsjef for oppvekst, Morten Vevatne, og kulturskoleleiar og DKS-kontakt Eldbjørg Furholt til stades.

Tema for møtet var korleis Kulturtanken og Odda kommune kan finne moglege modellar for samarbeid innan kunst, kultur og skule, til dømes med teknologi i sentrum. Hensikta er å kunne tilføre kvarandre kompetanse, og at Kulturtanken kan bruke Odda som ein modell eller eit døme på nasjonalt nivå, som ein stad for «best practice» - eller «best learning». Den kulturelle skulesekken skal stå sentralt i arbeidet, og vi ønskjer å sjå på ei tettare samhandling mellom kultur og skule innanfor arbeidet med DKS. Odda ungdomsskule er ein stad og ei moglegheit der det kan fungere godt å prøve ut ulike samarbeidsmodellar, også innan bistandsarbeid Kulturtanken gjer gjennom Global kultur-verksemda.
 

På Odda ungdomsskule er kunsten og kulturen tett knytt til skulekvardagen. Skulen har proft oppbygde og organiserte øvingsrom for musikk som elevane brukar både i og utanfor skuletida, og ein sal for framføring av musikk og framsyningar elevane lagar. Vi fekk nokre veldig fine smakebitar live frå 8. og 9. trinns versjon av Ola Bremnes’ «Har du fyr?», med dikta til elevane skrivne inn etter prosjektet «Skrifta på veggen» i samarbeid med den palestinske rapparen Khaled Harara og forfattar Frode Grytten.

Elever frå 8. og 9. trinn ved Odda ungdomsskule fremfører si versjon av Ola Bremnes’ «Har du fyr?».

Elever frå 8. og 9. trinn ved Odda ungdomsskule fremfører si versjon av Ola Bremnes’ «Har du fyr?».

Disse elevane og dette prosjektet opna Litteratursymposiet sist haust, til stor suksess. Tekstane til elevane blei projisert på veggane i festivallokala gjennom heile Litteratursymposiet, og var slik ein del av heile festivalen. Samarbeidet mellom ungdomsskulen og litteraturfestivalen i Odda har gått over fleire år, og er eit samarbeid som både kan vidareutviklast og vere modell for samarbeid andre stader. Visjonen til Kulturtanken kan siast å stå som ei overskrift for besøket, som ein pekepinn på kor vi kan gå saman: Vi skal opne dører til kunsten og framtida.

Direktør Lin Holvik, rektor Sven Olaf Brekke og kommunikasjonsleiar Guro Kleveland blei intervjua av Hardanger Folkeblad ved redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

Direktør Lin Holvik, rektor Sven Olaf Brekke og kommunikasjonsleiar Guro Kleveland blei intervjua av Hardanger Folkeblad ved redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

Her er oppslaget Hardanger Folkeblad hadde etter intervjuet med Sven Olaf Brekke frå ungdomsskulen og Lin Marie Holvik og Guro Kleveland frå Kulturtanken:
 

Kunst og kontraster i skoleprosjekt

Kunst og kontraster i skoleprosjekt

Å vurdere kvalitet i barnehagekonserter

Å vurdere kvalitet i barnehagekonserter