Nysjerrige barn tester ut digitale briller

Spora etter det som har vore

Kulturarv-feltet i Den kulturelle skulesekken møttest hos Kulturtanken i Oslo nyleg, og fylker, direktekommunar og ulike aktørar på feltet var samla til samtalar, diskusjonar, demonstrasjonar og inspirasjon.

Deltakarane delte tankar og informasjon i kortformatet petcha-kucha, mellom anna om korleis dei ulike arbeider på området rundt i landet. Kva for nokre utfordringar, ønsker og behov har og ser dei på feltet rundt i landet? Korleis verkar elevane med i produksjonane, og korleis inkluderer og involverer dei teknologi i kulturarv-produksjon? Korleis speglar produksjonane det mangfaldige samfunnet vårt?

Bente Aster, kontaktperson for kulturarv i Kulturtanken, fortel at ein møteplass som denne er viktig.
- Ein møtestad som denne gjer det mogleg for feltet, på tvers av fylke og direktekommunar, å bli kjende med arbeidet til kvarandre og å opprette kontakt. Dette tydeleggjer korleis dei ulike jobbar, seier ho. - Denne samlinga var den første etter at Kulturtanken tok over ansvaret for området kulturarv i DKS etter Kulturrådet. Vi ønska i denne omgangen å ha fokus på produsentar og ansvarlege på feltet i DKS, og å løfte konkrete tema innan programmering av kulturarv i DKS: Elevmedverknad, bruk av teknologi, formidlingsformer og nyproduksjon. 

Jente viser voksen noe på datamaskinen

Kva er kulturarv?


Spørsmålet om kva kulturarv er stillast og diskuterast ofte blant aktørar, produsentar, leverandørar og distributørar av program i Den kulturelle skulesekken.

Eit par nettsøk om feltet fortel at «kulturarv kan sies å være hele den historiske plattformen samfunnet står på. Begrepet er en samlebetegnelse for materiell og immateriell kultur.» Vidare at kulturarven og vern av denne er heilt sentralt for menneskas «grunnlag for identitet og rotfeste», at han skapar «forståelse av at egne tradisjoner representerer noe verdifullt» og legg premiss for vidareutviklinga i eit samfunn. Slik er kulturarv viktig for enkeltmennesket, for lokalsamfunna og for «åpne, tolerante og robuste samfunn». Her høyrer også den immaterielle kulturarven til; språk, tradisjonar, skikkar, utøvande kunst, kunnskap, ferdigheiter, filosofi, verdiar og tankesett. Desse er med på å danne fundamentet for identitet, forankring i historia og for samfunnslivet; frå riktig gamle dagar til vår eiga tid, frå alle sosiale lag og frå alle etniske grupper.  

Video: Borgkraft - Elever opplever middelalderbyen Borg - ved å bygge i Minecraft
Foredrag ved Christine Haugsten Ellefsen frå Borgarsyssel Museum

Kulturarven kjem til live


Eit av hovudformåla med denne dagen var å formidle korleis vi kan fremje vår kulturarv gjennom bruk av ny og innovativ bruk av teknologi. Difor hadde vi med oss tre niåringar frå Sarpsborg på samlinga, og med dei fekk vi demonstrert ny teknologi og måtar å formidle og oppleve historie og kulturarv på. Borna gjenskapa ein tapt mellomalderby i Minecraft,
«Borgcraft» heiter det, og er basert på eit formidlingsopplegg frå Borgarsyssel Museum.

Gjennom bruk av hololens (ein versjon av augmented reality-briller), virtual reality og 3D-printing fekk vi eit innblikk i moglegheitene som ligg i framtidas læring, deltaking og inkludering. I tillegg demonstrerte teknologien ein måte å levandegjere kunsten, kulturen og historia på, og gjer det mogleg å sjå heilt nye typar opplevingar. Det er dette teknologien skal bidra til: Å styrke læring, interesse og engasjement hos elevane, og gjere at kulturarven kommer til live. For, som ein av deltakarane på samlinga sa: «Kulturarv ruler!»

Bladet Museumsnytt ved redaktør Signy Norendal var til stades på samlinga halve dagen, og her kan du lese saka om kulturarv i DKS frå siste utgåve av bladet.

Video: Kulturarv i den digitale brytningstiden 
Foredrag ved den nyansatte avdelingsdirektør for Forskning og utvikling i Kulturtanken, Ståle Stenslie

Nyttige lenker:
unesco.no/kultur/immateriellkulturarv/
www.immateriellkulturarv.no/
www.kulturarv.no/
www.noku.no/files/1016/file/bok-grunnskolen-1-32-bm.pdf