Ledige stillingar i Kulturtanken

Ledige stillingar i Kulturtanken

Vi opnar dører til kunsten og framtida for alle born og unge i Noreg. Har du lyst til å vere med?

Kulturtanken skal forvalte og utvikle Den kulturelle skulesekken (DKS) for framtida, og oppretthalde og vidareutvikle Noreg som føregangsnasjon for profesjonell kunst og kultur til born og unge i skulen.

Då treng vi dykk som ønsker å vere med på å styrke den kunstnarlege og formidlingsmessige kvaliteten i DKS-tilbodet. Vi treng dykk som er tett på kunst og kultur, nær elevane, og som kan formidle, utvikle, forvalte og dele på framifrå vis. Vi treng dykk med erfaring frå kunst og kultur, skule, digitalisering av forvaltninga, eller kunnskapsproduksjon gjennom forsking på fagområda innan DKS. Vi treng ideane, kunnskapen, innsikta og forståinga for samtida born og unge står i, og vi ønsker at du har relevant erfaring med bruk av ny teknologi. Delingskultur og samarbeid er viktige verdiar i Kulturtanken. Saman skal vi bidra til å styrke Den kulturelle skulesekken i Noreg.

Sjå alle stillingsutlysingane her!

 

Kulturtanken ruster seg for framtida

Kulturtanken ruster seg for framtida

Vil bidra til at sekken pakkes med det beste

Vil bidra til at sekken pakkes med det beste