Det aller første tilskotsbrev

Det aller første tilskotsbrev

Det aller første tilskotsbrevet frå Kulturtanken er no sendt ut til alle fylka og kommunar i landet med ansvar for Den kulturelle skulesekken (DKS) lokalt. Tilskotsbrevet gjer ei fordeling av spelemiddel til DKS, og legg føringar og retningsliner for midla.

Det overordna målet med DKS er at «Den kulturelle skolesekken skal sikre et profesjonelt kunsttilbud i skolen for barn og unge i hele landet», slik det heiter i tilskotsbrevet. Eit demokratisk prinsipp ligg til grunn; DKS skal vere eit tilbod til og for alle elever, uansett bustad, gjennom eit 13-årig skuleløp.

Tidlegare har middel og føringar for DKS kome frå Kulturdepartementet. No er det altså Kulturtanken som har ansvar for middel og føringar for desse, og eit av måla er å sikre kvalitet og bredde i kunst- og kulturtilbodet i DKS, over heile landet og innan alle felta.

Kommunikasjonsstaben i Kulturtanken har intervjua direktør Lin Marie Holvik om det aller første tilskotsbrevet til den nasjonale etaten for Den kulturelle skulesekken.

Kva er dei viktigaste føringane i Kulturtankens aller første tilskotsbrev?

- Først av alt er det å seie at det er med stor glede at vi i dag sender ut det første tilskotsbrevet frå Kulturtanken, med ca. 270 millionar kroner til fordeling til Den kulturelle skulesekken for 2017. Eit tilskotsbrev viser økonomiske rammer, prioriteringar, forventa mål og rapporteringskrav for fylke og direktekommunar som er mottakarar av spelemiddel til DKS-ordninga.

Den kulturelle skulesekken har vore og skal vere kjernen i regjeringas politikk for kunst- og kulturformidling til born og unge, og vår jobb er både å bevare og å fornye. I tilskotsbrevet for 2017 vil ein difor kjenne att grunnverdiane, som at vi skal speile eit mangfaldig samfunn, eller at alle kunstuttrykk skal vere med i det 13-årige skuleløpet. Men vi vil også løfte fram og understreke elevmedverknad og bruk av samtidas teknologi i nyproduksjon. Tilskotsbrevet for i år har også eit avsnitt som vi kallar for «Den kulturelle skolesekken for framtida». Der peiker vi på kor viktig den eigne stemma til elevane er, og vårt nasjonale ansvar for kvalitetsutvikling av ordninga. Vi oppfordrar alle tilskotsmottakarar til å peike ut pilotprosjekt saman med forskingsmiljø, og viser til korleis vi ser at Stortingsmelding 28, Fag – Fordypning – Forståelse — En fornyelse av Kunnskapsløftet, vil bety mykje for DKS også i framtida.

Er det noko i dette tilskotsbrevet som skil seg frå tidlegare brev, dei som har kome frå KUD?

- Det er fleire ting som skil seg frå tidlegare tilskotsbrev. Vi forventar til dømes av fylke og direktekommunar at dei har eit kompetent mottaksapparat som si medfinansiering av ordninga, og dette er noko vi vil drøfte og jobbe saman med mottakarane om å finne fram til kriterium for. Kva er det å ha kunstnarisk mottakskompetanse, eller god og ressurseffektiv forvaltingskompetanse? Eit anna døme gjeld at svært mange frå det frie kunstfeltet har oppdrag i Den kulturelle skulesekken. Difor stiller vi også krav i tilskotsbrevet om at det skal betalast i tråd med bransjestandard, og at interessene til rettshavarane skal bli tatt vare på i samsvar med åndsverklova.

Korleis vil Kulturtanken følgje opp føringane som er lagt til grunn i brevet overfor DKS lokalt i fylke og kommunar?

- Det som er nytt i samband med rapportering på tilskotsbrevet, er at vi i tillegg til ordinær rapportering på mål skal inn i styringsdialogar med samtlege fylke og direktekommunar. Og som omgrepet seier: Dette er ein dialog for utvikling, ikkje for kontroll. Han vil skje kontinuerleg gjennom året. Vi vil leggje eit løp gjennom vår avdeling for organisasjon og forvaltning samt i samråd med tilskotsmottakarane, slik at det er overkommeleg for alle partar.

Det skal rapporterast om følgjande punkt: økonomi og ressursutnytting, gjennomførte aktivitetar innanfor alle kunst- og kulturuttrykka i DKS-ordninga, gjennomført utviklingsarbeid, elevmedverknad og samarbeid mellom kultur-, forskings- og utdanningssektor.

Sjå eksempel på tilskotsbrevet her (Oslo Kommune).

 

 

 

 

Første filmtilskudd er klare

Første filmtilskudd er klare

Testlab for kunst i DKS

Testlab for kunst i DKS