Godt nytt skuleår!

Godt nytt skuleår!


Velkomen til eit nytt kulturelt skulesekk-år frå oss i Kulturtanken!

Det er den tida på året igjen. Skulane fyllast opp av elevar i alle aldrar, forventingsfulle, glade og nokre dessverre likegyldige til heile greia. Vennskap skal likevel knytast, kunnskap settast i arbeid, ein nyutdanna lærar skal kanskje ta til i sin fyrste jobb, og ein kunstnar skal heilt sikkert på turné med Den kulturelle skulesekken før haustferien. Kanskje er han erfaren, og veit kva elevane ønskjer seg; kanskje er han ny og skal prøve ut sin fyrste produksjon. Vil det bli tatt godt i mot?

I Kulturtanken er vi utruleg stolte av alle kunstnarar som kommande skuleår skal reise rundt til kvar einaste skule i landet vårt, vi er stolte av alle lærarar som skal ta i mot og vi gleder oss stort på vegne av alle elevar som får dette tilbodet inn i sin skulekvardag. Den kulturelle skulesekken (DKS) har vore ein del av regjeringa si kulturpolitiske satsing for grunnskulen sidan 2001, og blei etter kvart utvida til vidaregåande skule. Det betyr at DKS møter alle unge i landet mellom 6 og 18 år. Kvart år finn tusenvis av møter mellom utøvarar, kunstnarar, formidlarar, elevar og tilsette i skulene stad. Og kvar dag jobbar folk i det frie kunst- og kulturlivet, i kommunar, fylke og stat for å produsere, programmere og leggje til rette for at DKS er det fantastiske systemet og samarbeidet som gjer at generasjonar av unge får kunst og kultur av høg kvalitet inn i skulekvardagen sine. Dette betyr noko for vår oppveksande slekt. Dette betyr noko for det å oppleve at ein meistrar, at ein tek del i noko og at ein kan uttrykkje seg på andre, og ulike, måtar gjennom kunst og kultur. Kanskje treff det ein nerve hos ein elev som elles stiller seg likegyldig til skulen? Saman er det mogeleg for oss å opne dører til kunsten og framtida. For fleire elevar.


Lykke til!

 

 

Kulturtanken offisielt åpnet:  En ny æra for Den kulturelle skolesekken

Kulturtanken offisielt åpnet: En ny æra for Den kulturelle skolesekken

Hold deg oppdatert

Hold deg oppdatert