Aktuelt i Kulturtanken

Aktuelt i Kulturtanken

Her har vi lista nokre saker somm er aktuelle i Kulturtanken for tia.

Styringsdialog
Mellom 26. februar og 16. mars 2018 gjennomfører Kulturtanken styringsdialog med 30 tilskotsmottakarar. Dette er ein samtale om tilstanden i Den kulturelle skulesekken hos kvar enkelt tilskotsmottakar, både kunstnarleg og administrativt. Hensikta med styringsdialogen er koordinering og utvikling av Den kulturelle skulesekken.


Ungdomsråd
Ungdomsrådet til Kulturtanken hadde sitt første møte i år fredag 16. februar. Ungdomsrådet er involvert i eit større prosjekt om elevmedverknad som startar denne våren. Elevmedverknadsprosjektet omfattar samarbeid med enkelte fylke og kommunar samt ein konferanse om temaet hausten 2018. Prosjektdeltakarane jobber no med å greie ut ulike moglegheiter for elevmedverknad i DKS.

Les meir om ungdomsrådet her: http://www.kulturtanken.no/ungdomsrad

Samarbeidsprosjekt  
I 2018 tilbyr Kulturtanken fleire samarbeidsprosjekt med tilskotsmottakarar og andre DKS-aktørar. På bakgrunn av dialogen med fylke og direktekommunar så langt, har vi invitert tilskotsmottakarar til samarbeid om følgjande prosjekt knytta til DKS:

Forum for skuleleiarar. Skuleleiarar er viktige for DKS. Vi vil opprette eit forum for dialog med skuleleiarar i samarbeid med fylke og kommunar

Prosjekt for kulturkontakter. Kulturkontaktane ved skulene er ein sentral ressurs i DKS. Korleis styrker vi mandatet og posisjonen til kulturkontaktane i skulen?

Elevmedverknad. Saman med ungdomsrådet til Kulturtanken (sjå over) skal vi opprette pilotar som utforskar moglegheitene for meir elevmedverknad i DKS.

Kunstnerisk fagråd. Korleis sikre kvalitet i DKS-produksjonar? Vi involverer forskarar og kunstnarar i eit prosjekt om kvalitet i formidling og kunstproduksjon.

Produksjons- og formidlingskurs - eit tilbod for nye produsentar i DKS. Korleis sikre nye produksjonar på tvers i dei ulike kunst- og kulturformane?

Nye formidlingsformar ved bruk av digitale teknologiar. Vi tar imot idear til pilotar samarbeidspartnarane og Kulturtanken saman kan utvikle vidare.


Dataspel og skule, dataspel i skulen
Utgreiinga «Den norske spillbransjen» blei overlevert kulturminister Trine Skei Grande nyleg. Utgreiinga er laga av Oslo Economics, i samarbeid med Vasa Marketing, på oppdrag frå Kulturdepartementet. Statsråden trakk fram potensialet som ligg i krysninga mellom dataspel og skulen, noko Kulturtanken sluttar seg begeistra til.

- Dataspel er ein del av oppveksten, og ein viktig kulturell og sosial arena der mange kulturelle og kunstnarlege uttrykk smelter saman, seier Kulturtanken-direktør Lin Marie Holvik. - Utdanningssektoren snuser allereie på spel for læring. Kulturtanken utforskar for tida dataspel som eit nytt kulturuttrykk i Den kulturelle skulesekken, og vi er klare for å ta ideen ut i DKS-ordninga!

Les saka her!

 

Kultursekk for barnehagebarn?

Kultursekk for barnehagebarn?

Formidlingens kunst

Formidlingens kunst