mikrofon på en scene

Bruk av statlege DKS-midlar etter 1. mai 2020

Då skulane brått stengde 12. mars blei òg alle oppdrag i Den kulturelle skulesekken avlyst. Det blei då viktig å sikre føreseielegheit i ein svært krevjande situasjon, både for utøvarar og oppdragsgivarar i DKS. Kulturtanken fekk klarsignal frå Kulturdepartementet om å akseptere rapportering på bruk av spelemidlar til kostnader til planlagd aktivitet som ikkje kunne gjennomførast i perioden ut april.

Dermed vedtok fylkeskommune og direktekommunane som er oppdragsgivarar i DKS, at det ved alle avlyste DKS-turnear fram til ut april blei utbetalte honorar til utøvarar i samsvar med inngåtte avtalar.

Etter 1. mai

No er situasjonen ein annan. Stortinget har vedteke mellombelse ordningar som mellom anna inneber inntektssikring for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande, og kompensasjon for inntektsbortfall. (Sjå òg informasjon lagt ut på CREO nettsidene sine.)

Dei statlege DKS-midlane som Kulturtanken forvaltar har eit klart formål som er definert av Kulturdepartementet. Midlane skal nyttast til eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skulen for barn og unge.

Det å framleis nytte tilskotsmidlar utan at det genererer aktivitet vil dermed ikkje vere i tråd med formålet med midlane, og Kulturtanken vil ikkje kunne akseptere rapportering for kostnader til avlyste DKS-arrangement etter 1. mai. Det blir lagt til grunn at utøvarar i DKS blir varetekne av dei generelle tiltaka som Stortinget har vedteke (sjå over).

Alternativ formidling

Kulturtanken oppmodar fylkeskommunar og kommunar til å saman med utøvarar vurdere alternative måtar å gjennomføre DKS-formidling på, dersom det er mogleg. (Fleire gode tiltak har allereie sett dagens lys). Dersom det er praktisk gjennomførbart så kan planlagde DKS-oppdrag òg utsetjast til eit seinare tidspunkt, når skulane igjen opnar for vanleg drift.

Viss denne situasjonen held fram lenge og det viser seg at ein stor del av tildelte midlar ikkje blir brukt i 2020, kan det vere aktuelt å avrekne mot dette ved seinare tilskotsutbetalingar. Dette blir i så fall vurdert på eit seinare tidspunkt. Dagens praksis for overføring av ubrukte midlar blir vidareført.

Les òg Øystein Strand, direktør i Kulturtaken, innlegget sitt i Ballade, der han mellom anna skriv om bruk av DKS-midllene og formåla deira. Teksten er eit tilsvar til eit innlegg frå musikar Erlend Apneseth som etterlyste informasjon om honorerin etter 1. mai i Den kulturelle skulesekken.

Er du utøvar og har spørsmål vedr. avlysing? Ta kontakt med oppdragsgivaren din i fylkeskommunen eller kommunen som du har inngått oppdragsavtale i DKS med. Her finn du informasjon for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar.