– Eg ønskte å gjere meg kjend med opplegget

– Eg ønskte å gjere meg kjend med opplegget

Rune Kvammen er rektor og kulturkontakt på Sande skule. Han meiner det er vinn-vinn å kombinere dei to rollane.

Kulturkontakt Rune Kvammen - portrett
Rune Kvammen er kulturkontakt på Sande skule.

Svaret på kvifor Rune Kvammen blei skulens kulturkontakt er enkelt:

– Når ei ny ordning blir starta opp, ønskjer eg sjølv å gjere meg kjend med opplegget. Eg såg det positive ved sjølv å administrere det heile på skulenivå, fortel Kvammen, som har vore rektor på Sande skule i 25 år.

Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 291 elevar.

DKS er eit umåte godt tilbod til skulane i regionen. Profesjonelle utøvarar inntar skulen sine lokale, og vi får ta del i det dei vil formidle. Ofte får vi tilgang til materiell som gjer at vi er godt førebudde til økta, og tidvis får vi hint om korleis vi kan jobbe vidare med det vi har opplevd. 

Er det nokre fordelar eller ulemper ved at du er både rektor og kulturkontakt?

– Eg ser vel ikkje negative ting ved det i det heile. Det positive er at eg kan førebu framsyningane på ein slik måte at alle partar vert nøgde, svarer Kvammen.

LAST NED: Ti tips til kulturkontaktar

Lærarane må innpasse DKS-besøk i sine planar

Kvammen har aldri opplevd at lærarar har vore negative til besøk frå Den kulturelle skulesekken. «Det ville ikkje bli akseptert», som han seier.

– Ettersom lærarane får melding om tidspunktet i god tid, må alle innpasse dette i arbeidet for den veka. Det er viktig at ein førebur seg til opplegget, og at ein bearbeidar det i etterkant, så besøket ikkje berre blir eit morosamt avbrekk, understrekar den erfarne kulturkontakten.

Når rektoren tar på seg kulturkontakt-hatten, orienterer han lærarane muntleg eller skriftleg om det som skal skje, til dømes kva tid dei skal møte opp i rommet som skal brukast. I ettertid sjekkar han korleis dei opplevde framsyninga og sender så svara tilbake til DKS Vestland.

Ein aktiv kulturkontakt

Han er oftast med på arrangementa og gjer sjølv mykje av det praktiske arbeidet før, under og etter. Treng han hjelp, drar han vekslar på dei som jobbar på skulen og elevane.

Skulen har ikkje kulturvert-ordninga, men ei klasse får i oppdrag å følgje opp kvart arrangement. Kvammen orienterer og lærer opp klassane etter tur. Elevane hjelper til med opp- og nedrigg av lokalet, er ofte med på å ta imot kunstnarane og ryddar lokalet etter framsyninga.

Kva gir deg mest glede ved å være kulturkontakt?

Det er interessant å tilretteleggje for at kvar oppsetning skal bli vellukka, svarar Kvammen.

Eg såg det positive ved sjølv å administrere det heile på skulenivå.
Rune Kvammen

Glad for hjelp frå fylkeskommunen

Skulens DKS-tilbod blir valt ut av dei som driv DKS-arbeidet på fylkesnivå, altså administrasjonen i fylkeskommunen. Dei første åra kunne skulen sjølv komme med ønskjemål til program.

– Til alt hell slutta ein med det, kommenterer Kvammen.

Han forklarer at skulen tidlegare fekk ein katalog dei kunne velje frå, men at det vart vanskeleg for fylket å komme dei i møte med ønskja deira, sidan naboskular tenkte ulikt.

– Ordninga vart forkasta, og bra var det. No får vi topp innslag innanfor mange sjangrar.

Kvammen ønskjer at elevane skal få mest mogleg ut av besøka frå Den kulturelle skulesekken. Eit tips til andre kulturkontaktar er å trekke fram elevgrupper som omarbeider stoffet på ein god måte, til inspirasjon for andre.

– Bruk tid på førebuinga og ettersjå at alle har førebudd seg på beste måte, oppmanar han.

Kva synest du er aller viktigast å få fram om det å være kulturkontakt?

– At det er ei triveleg oppgåve, som kan gje elevgruppa mange møte med profesjonelle artistar gjennom ein tiårig skulegang.

Bruk tid på førebuinga og ettersjå at alle har førebudd seg på beste måte.

— Rune Kvammen

Kvammens arbeidsoppgåver som kulturkontakt

Før ei framsyning

  • Gjere kjent for tilsette at det kjem ei framsyning til skulen.
  • Sjekke ut om det vert lagt opp til førearbeid.
  • Påminning – sjekke ut at ein har gjort førearbeidet.
  • Lage til lokalet etter dei ønskja artistane har. Elevar gjer det.
  • Ta imot artistane. Orientere dei om toalett/scene.
  • Bistå transport av utstyr inn i bygget. Drar vekslar på elevar.

Under ei framsyning

  • Avklare korleis ein organiserer introduksjonen.
  • Sleppe inn elevane i salen – roleg gange – ro i salen.
  • Alltid ha mange vaksne med elevgruppene.

Etter ei framsyning

  • Få tilbakemeldingar frå dei som fekk oppleve framsyninga (elevar og vaksne).
  • Melde tilbake til DKS.
  • Sjekke ut at elevane gjennomfører etterarbeid  av opplegget, så framt det var laga føringar for det.

10 tips til kulturkontaktar – last ned

Vi har samla tips fra dei seks kulturkontaktane i ein nedlastbar pdf.

Fakta om Rune Kvammen

  • Yrke: Rektor
  • Arbeidsstad: Sande skule. Skulen ligger i Sande i Sunnfjord kommune. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har eit elevtal på 291.
  • Antall år som rektor: 25 år (siden august 1995). Vart tilsett på Sande skule i august 1983. Har vore tilsett i Gaular kommune i alle desse åra. Har jobba på Sande skule med unntak av ca. to år, då han var nestleiar på skule-/kulturkontoret i Gaular med tittelen pedagogisk konsulent.
  • Antall år som kulturkontakt: Har hatt funksjonen så lenge som ordninga har eksistert i Sogn og Fjordane.
  • Tid brukt på kulturkontakt-rolla: Det varierer alt etter kor mange framsyningar som vert sett opp på skulen.
    – Eg får 4.000 kroner årleg som ein symbolsk kompensasjon for arbeidet eg legg ned.
  • Antall kulturvertar: Kvart år får ein klasse i oppdrag å følgje opp dei som vitjar skulen.
  • Rekruttering av kulturvertar: Kvammen orienterer og lærer opp klassane etter tur.
    – Ei klasse får i oppdrag å følgje opp alt i høve eit arrangement ved skulen.
  • Illustrasjon: Norgeskart med tegninger av kulturkontakter.


    Les:
    DKS Vestland om kulturkontakt-rolla

    Relaterte artikler

    illustrasjon av et band på en scene

    Lanserer digitale kurs for kulturarrangører

    – Vi ønsker både å ruste opp kompetansen i mottakerapparatet og å bidra til økt anerkjennelse av viktigheten av å være kulturarrangør. Dette er et steg på veien og vårt bidrag, sier Jim-Raymond Hansen, teknisk produsent i DKS Nordland.

    – Du må ha lyst og et indre driv

    Svein Arve Våge ønsker utøvere velkommen med nystekte vafler. Som så mye annet med rollen som kulturkontakt, handler det om å ligge i forkant.

    Illustrasjon: Norgeskart med tegninger av kulturkontakter.

    Kulturkontakt – en essensiell rolle

    Seks kulturkontakter landet rundt forteller om gleder og utfordringer ved å være kulturkontakt.