llustrasjonsbilde med rapportforside

Innspel: Kunst- og kulturtilbod for barnehagebarn

Kulturtanken presenterer og vurderer moglege tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet for barnehagebarn.

Kunst- og kulturtilbodet i mange barnehagar er mangelfullt. I dette innspelet presenterer og vurderer Kulturtanken moglege tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet for barnehagebarn over heile landet. Desse tiltaka er både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Kulturtanken vurderer særskilt moglegheitene og konsekvensane av å inkludere kulturtilbod til barn i barnehagen i DKS-ordninga innanfor dagens økonomiske ramme.

Innspelet byggjer på eit omfattande kunnskapsgrunnlag. Forutan kompetansen som allereie finst i Kulturtanken, er hovudkjeldene svar på skriftlege bestillingar og spørjeundersøkingar som blei sende til alle fylke, kommunar og barnehagar i landet. I tillegg har Kulturtanken motteke uttale frå Kunstnernettverket.