Eg kjem til å miste alt.

 

Denne tanken plaga Geir Egil Eiksund lenge.

Då han var elleve, skjønte han det: Eg er annleis. Og ingen må få vite det …
Han heldt på løyndommen i 14 år før han fortalde sanninga.
No vil han bruke erfaringane sine for å vere det trygge førebiletet han sjølv hadde trunge.

Den indre kampen

– Det er fint om vi kan ha ein mikrofon i bakhand, men vi må også vere førebudde på at ingen stiller nokon spørsmål.

Det seier Geir Egil Eiksund før han opptrer under Pegasus-programmet på Norsk litteraturfestival i Lillehammer i mai.

Ingen grunn til å frykte manglande engasjement, viser det seg. Blant dei 150 femteklassingane som får høyre han lese frå boka Kampen, er det langt fleire spørsmål enn han klarer å svare på.

Spørsmål om fotball og forelsking, den rare dialekten hans og korleis det gjekk med barna i boka til slutt. Hendene skyt i vêret. Han lèt så mange som mogleg komme til orde, og blir igjen etter framsyninga for å snakke med alle som vil.

Sånn har han alltid vore: ein som bryr seg om andre, korleis dei har det og kva dei tenkjer på. Før kvar framsyning går han rundt og småpratar litt med publikum.

– Eg vil at dei skal kjenne seg komfortable, seier han.

    Den nye guten

    Kampen handlar om Andreas. Bokomslaget på storskjermen viser soverommet til 11-åringen, og elevane får gjette kven hovudpersonen er ut frå kva dei ser. Han speler orgel, han heiar på Liverpool. Frå vindauget kan han sjå bygda der han bur.

    Og han teiknar. På skrivebordet ligg det ei teikning av to gutar som kyssar. Det er ikkje før eit stykke ut i formidlinga at konflikten i boka blir avslørt: Andreas forelskar seg i den nye guten på heimstaden, Viljar.

    –Det er eit poeng at dei skal bli kjende med Andreas før dei skjønner kva boka handlar om, forklarer Geir Egil.

    "Kampen" - bokomslag

    Attpåklatten

    Kampen er den første boka Geir Egil har skrive, og til hausten startar den første skuleturneen hans i Den kulturelle skulesekken. I vår har han fått prøve seg på vegen med nokre skulebesøk i heimkommunen og her på festivalen.

    –Eg storkoser meg når eg får henge saman med barn, seier forfattaren.

    Heldigvis, får ein nesten seie, når det er snakk om nokon som vart onkel for første gong før fylte tre år. 25 nevøar og nieser har det vorte på attpåklatten i søskenflokken på 12. – Eg har alltid vore han «leike-onkelen», seier han leande.

      Geir Egil voks opp nokre kilometer frå Ørsta sentrum, mellom vatn og fjell i Sunnmørsalpane. Begge foreldra var rektorar, og familien var aktiv i den lokale frikyrkja. Livet heime var fint og roleg – det er ni år mellom Geir Egil og nestemann, så dei fleste var for lengst flytta og etablerte då han voks opp.

      – Vi var eigentleg alle ganske like på mange ting, fortel han om søskenflokken.

      Dei var trygge og snille, og det var lite krangling. Særleg då han vart «åleinebarn» som elleveåring. – Eg fekk ikkje så mykje trening i det å diskutere, meiner han.

      Akkurat dette vart ei utfordring for Geir Egil, som ikkje vart heilt komfortabel med konfrontasjonar.

      I femte klasse gjekk det opp for han at han likte gutar. Det var ingen «Viljar» i biletet, han berre skjønte det. Bad til Gud om å få vere som alle andre, utan at det hjelpte.  Plutseleg var han annleis – men det skulle ingen få vite.

        Elleveåringen Geir Egil heime i Ørsta.

        Ein vegg av tvil

        – Har de også ei sånn stemme inne i dykk som seier «ikkje gjer det der, det blir dumt, det kjem ingen til å like»? Det har i alle fall eg, seier Geir Egil til publikummet i Lillehammer.

        Ingen snakka om homofili då han voks opp, verken i familien eller på skulen.

        – Eg fiska heile tida etter teikn på at det var trygt å komme ut. Men det var liksom aldri eit tema.

          Etter kvart snudde fiskinga til å bli ei evig jakt etter kvart minste teikn på negative eller positive haldningar til homofili.

          – Eg torde ikkje tru på at det kom til å gå bra, og lét tvilen min vekse seg til ein vegg som vart større og større etter kvart som tida gjekk. 

          – Alt var ganske fint elles, så eg fortalde meg sjølv at eg ikkje trong å seie noko. Men det at ein har det bra utanpå, betyr ikkje at ein ikkje kan ha det vondt inni seg, poengterer han.

          Som forfattar lèt han hovudpersonen sleppe å halde på løyndommen særleg lenge. I boka blir forelskinga til slutt avslørt, og alt går bra. Akkurat slik det skulle gjere for Geir Egil. Men ikkje før det var gått mange, mange år.

            Den hemmelege mappa

            Etter folkehøgskulen byrja Geir Egil på journalistikk ved Høgskulen i Volda. Han fekk nye vener, og nokre av dei var til og med homofile. Sjølv ikkje då avslørte han seg.

            – Eg vart også involvert i eit kristent studiemiljø, og det var nok med på å gjere frykta for å miste vener dersom eg kom ut, større, seier Geir Egil.

            På pc-en hans låg ei hemmeleg mappe lagra. Under eit diskré namn fanst den hemmelege verda hans: Tekstar og lenkjer som gjorde han glad. Historier om homofile det gjekk bra med. – Og så hugsar eg at eg lagra lenkjer med klipp frå YouTube der menn som elskar menn, frir til kvarandre med svært offentlege flashmobs, fortel Geir Egil.

            – Det var merkeleg kor mykje trøyst eg fann i slikt. Kanskje det var eit slags håp om at også eg ein dag skulle kunne gifte meg.

            Pc-en skjulte også eit dokument, eit langt brev som skulle sendast til familie og vener ein gong. Kanskje. Han flirer når han fortel om den skjulte mappa, og er enno synleg ukomfortabel når det gjeld brevteksten. – Han var så dramatisk!

              Geir Egil som 25-åring.

              –Eg flytta til Oslo etter journalistikkstudia og byrja på årsstudium i drama det som i dag heiter OsloMet. I løpet av studiet så hadde vi eit kurs i musikkteater. Då hadde vi nokre veldig bra timar med ein mannleg lærar. Det var noko med han som gjorde at eg kjende meg igjen i han, og det var liksom ingen tvil om at han var homofil.

              Det å sjå reaksjonen til dei andre elevane vart det store vendepunktet.

              –Det var så lett å sjå at legninga hans var uproblematisk for dei, det var liksom ikkje viktig.  Eg trur eg trong akkurat den stadfestinga.

              Geir Egil tok motet til seg.

              – Det var som å slå på ein brytar. Eg gjekk frå å tenkje at dette skulle eg halde hemmeleg til «korleis skal eg fortelje dette». Eg kunne ikkje halde på sånn lenger.

              Opne armar

              Den hausten heldt han fram med å skrive på brevet som berre vart lengre og lengre. Eitt år etter at han starta, delte han det via Dropbox.

              –Eg sende det til nokre søsken først, og så heile gjengen.

              Den første han sende det til, var ein bror som han kjende seg spesielt trygg på. Rett etter at han trykte send, ringde broren: «Eg skal faktisk  til Oslo i morgon tidleg! Kan du møtast?»

              Forfattaren ler. – Den samtalen kom litt tidlegare enn eg hadde tenkt.

              Fleire gode samtalar følgde. Familie og vener tok imot han med opne armar.

              Musiker, kunstnar og venn Henrik Koppen står for lyd og musikk i produksjonen «Kampen», og deler av sine eigne livserfaringar med publikum. Han kom ut som homofil berre nokre måneder etter Geir Egil.

              I ettertid har det komme fram at fire av sju klassekameratar på den vesle grendeskulen han gjekk på, også er skeive.

              –Vi skulle jo ha funne kvarandre allereie då! Og det er rart å tenkje på kor lenge eg heldt det hemmeleg for familien, no er det liksom ikkje eit tema eingong. Eg kjenner meg heldig.

              Regnboga i kyrkja

              Heldigvis har det skjedd mykje sidan Geir Egil gjekk i femte klasse. Noregs aller første Bygdepride vart starta i Ørsta og Volda i 2017. Og hausten 2021 vart det arrangert regnbogemesse i Ørsta kyrkje.

              –Det var veldig sterkt å vere i kyrkjerommet den dagen, seier Geir Egil og beskriv korleis heile kyrkja var dekt i regnbogefargar.

              Alt er sjølvsagt ikkje roseraudt. I frikyrkja hadde det nok vore «utenkjeleg» med regnbogemesse, ifølgje Geir Egil, og nokre få protestar dukkar jamleg opp rundt Pride-feiringa. Desse episodane har også inspirert ei scene i boka.

              Men samhaldet i bygda og familien er framleis sterkt. Faren, ein tidlegare leiarskikkelse både i kommunen og frikyrkja, møtte opp både i pride-paraden og i regnbogemessa for son sin.

              –Eg merkar kor mykje haldningane har endra seg på berre få år, også i klasseromma, seier forfattaren.

              Han fortel om eit skulebesøk og ein gut som skaut armen i vêret då han avslørte at Andreas forelska seg i gutar. – Akkurat som meg! ropte guten.

              – Det var fantastisk!

              Størst av alt er kjærleiken

              Ikkje lenge etter at han kom ut, møtte Geir Egil den store kjærleiken på kontora til Noregs Mållag. I sommar giftar han seg med Fredrik etter over 7 år saman.

              – Eg fekk ein heller kort karriere på Gaysir, humrar han.

              Dei to bestemde seg for å forlove seg på femårsdagen sin. Ingen store gestar – ein tur i gatene dei gjekk saman første gongen og ein betre middag var alt dei trong. – Han er diverre ikkje typen for flashmob, så det vart ingen overraskingsdans på han, seier Geir Egil med eit glis.

              Kyrkja på Fredriks heimstad kjem til å bli stappfull. Sånn er det når ein har ein stor familie. Geir Egil gler seg.

              – Heile familien skal bu saman på ein leirstad, og det blir så bra å henge med alle saman.

              Fleire av onkelbarna til Geir Egil har komme ut av skapet etter han. No er han fri til å vere eit førebilete for dei – og andre.

              Geir Egil og Fredrik på Bygdepride i Ørsta – i bunadane dei skal gifte seg i.

              Du går aldri heilt åleine

              – Det har vorte ei kampsak for meg å vere eit tydeleg førebilete, og å skape eit trygt rom der det ikkje er farleg å vere seg sjølv. Også for dei ein ikkje kjenner. Det hadde nok hjelpt meg veldig som barn.

              Produksjonen Kampen sluttar alltid med ein orgelversjon av «You’ll never walk alone» spelt av makker Henrik Koppen. Akkurat som i dei siste sidene i boka. Det er ei rørande avslutning på den raude tråden i Geir Egils formidling:

              – Eg har lyst til at dette skal vere ei bok for alle, sidan alle kan ha det vanskeleg av ulike grunnar. Håpet er at dei kan finne litt tryggleik i denne forteljinga, at ho kan hjelpe på eit eller anna vis.

               

              Eg vil ikkje at nokon skal kjenne seg så åleine som eg gjorde.

              Fakta om Geir Egil Eiksund

              • Geir Egil Eiksund (f. 1988) er forfattar, journalist og utdanna lærar.
              • Kampen er hans debutroman.
              • Boka er gjeve ut av Samlaget for målgruppa 9-12 år.
              • Eiksund har laga produksjonen Kampen basert på boka, saman med musikar og kunstnar Henrik Koppen.
              • Forfattarbesøket var eit av dei utvalde prosjekta som fikk stønad til vidareutvikling gjennom ordninga Meir nynorsk i DKS i 2021.
              • Eiksund deltok på konferansen Den mangfaldige nynorsken våren 2022 for å fortelje om boka og deltakinga i nynorsksatsinga.
              • Kampen skal på turné i Viken og Innlandet fylkeskommuner i skuleåret 2022/23. Målgruppa er 5.-7. trinn.

              Les meir om DKS-produksjonen Kampen

              Les meir om Geir Egil Eiksund

              Foto i denne artikkelen: Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken, Marte Glanville/Kulturtanken og private bilete.
              Portrettbilete av Fredrik og Geir Egil: Kristianne Marøy.
              Bokomslag: Samlaget.

              Shaakir Muhammad - portrett

              Reisen hjem

              Han rømte fra Hallingdal etter en trøblete ungdomstid. Han reiste tilbake for å vise hva det hadde blitt av ham. Vi ble med da Berat Jusufi, hovedpersonen i filmen Krigere, dro tilbake for å vise filmen om sitt liv.

              Fra kommentarfeltet til klasserommet

              Kan elever bli bevisst egne holdninger gjennom rollespill – ved å måtte forsvare meninger de kanskje er dypt uenige i? Filmskaper Marin Håskjold, Fotogalleriet og DKS Oslo testet nylig et formidlingsopplegg om kjønnsidentitet.

              Kulturtanker

              Møter med spennende mennesker og nyskapende prosjekter.