
– Desse tilskotsordningane er med på å skape mindre skilnader for barn i Noreg
Bli kjent med to av prosjekta som Kulturtankens ungdomsråd innstilte til «Inkludering i kulturliv».
Kulturtankens ungdomsråd er involvert i søknadsbehandlingsprosessen av tilskotsordninga. Alle prosjekta ungdomsrådet innstilte for tilskot i år, fekk midlar.

– I ei tilskotsordning som dette, der mangfaldet av aktørar og kulturuttrykk er så stort, dukkar det frå tid til anna opp prosjekt der vi gjerne skulle hatt meir av den ungdomsfaglege kompetansen med i vurderinga. Då er det veldig fint å kunne kople på Ungdomsrådet, som jo representerer målgruppa, understrekar seniorrådgivar Jo Morten Weider, som har hovudansvar for Kulturtankens ungdomsråd.
Rådsmedlem Rasmus Fægri (19) er oppvaksen i Oslo. Han representerer Hyperion i LNU.
–Det at Kulturtankens ungdomsråd blir høyrd og deltek i søknadsprosessen, er supert. Dersom ein skal gi støtte til gode arrangement for barn og unge, så er det vi som sit i rådet som veit kva som treffer. I innstillinga vår har vi vektlagt god medverknad, moglegheit for at prosjekt kan halde fram etter perioden det får tilskot og ei heilskapsvurdering, fortel Fægri.

– Basert på eigne interesser, så vil eg framheve Magicon som ein av dei organisasjonane som fekk tilskot. Cospaly, gaming og nerding har tradisjonelt ikkje hatt fysiske møteplassar. Det at ungdom medverkar i sjølve arrangementet er òg ein stor bonus, poengterer Fægri.
Les om to av prosjekta som Kulturtankens ungdomsråd innstilte
Magicon 2023

Christopher Helland er styreleiar i Magicon-organisasjonen og også produsent for Magicon 2023. Prosjektet fekk 200 000,- i støtte frå årets utdeling av milder frå Inkludering i kulturliv.

Det at Kulturtankens ungdomsråd innstilte prosjektet deira – kva verdi har det for dykk?
Å drive frivillige, non-profit organisasjonar er utfordrande i oppstartperioden. Den typen arrangement miljøet forventar, krev høg produksjonskvalitet, kombinert med at billettprisen må haldast låg sidan målgruppa er barn og unge. Kulturtankens bidrag vil sikre at vi kan skape eit arrangement som ikkje berre er nyskapande, trygt og inkluderande, men òg at vi kan invitere gjester frå utlandet og nytte meir eigna lokale sentralt i Oslo.
Kva betyr det at det finst tilskotsordningar som «Inkludering i kulturliv»?
Inkludering er den første og viktigaste verdien som blei skrive inn i vedtektene til Magicon då vi blei stifta. Målgruppa er lik oss som driv Magicon, då vi var på same alder. Vi var usikre på oss sjølv, stort sett introverte og ofte mobba eller ledd av på grunn av våre interesser eller legningar. Slike tilskotsordningar hjelper oss til å nå fram til desse personane, presentere noko som ikkje verkar alt for skummelt og skape ei plattform der alle kan vere seg sjølv og finne likesinna.
Inkludering er den første og viktigaste verdien som blei skrive inn i vedtektene då Magicon blei stifta.
Christopher Helland
Kva er målet med Magicon 2023?
Det finst ikkje eit godt nok tilbod til miljøet i Oslo. Til fortvilinga til mange blei pilot-arrangementet vårt tidleg utselt, derfor doblar vi kapasiteten i 2023 og kjem til å halde fram med det til alle som vil, får vere med.

Kva betyr det for unge som driv med «fantastiske fritidsinteresser» å ha fysiske møteplass der dei kan møte ungdom med felles interesser?
Samfunnet fokuserer mykje på ballsport og korps, men dei som ikkje kjenner seg heime i desse felta blir utanfor og kjenner seg ofte åleine. Spesielt etter pandemien er eit slikt tilbod kjempeviktig. 30 prosent av dei besøkjande på Magicon 2022 hadde aldri vore på eit convention før, det seier mykje. Dei får sjå at det finst tusenvis av likesinna, oppleve at det finst eit trygt tilbod og får stadfesta at det er greitt og kult å ha sine interesser.
Kor mange barn/unge driv med cosplay i Noreg?
-Dette er eit vanskeleg spørsmål, men den største Facebook Cosplay-gruppa i Noreg har 4600 medlemmer. Samtidig veit vi at eit tidlegare arrangement (som ikkje lenger finst) hadde opp mot 9000 besøkjande. Alle er velkommen til Magicon, det vere seg data/brettspel-interesserte, Magic: The Gathering-spelarar, tabletop -spel som Warhammer eller Warmachine, tegnersier og manga, film og seriar . Lista kunne vore mykje lengre. Grunnen til at ein ofte kallar slike arrangement Cosplay Convention, er fordi cosplay blir eit mellomledd mellom alle desse interessefelta, då mange kler seg ut som karakterar frå desse og ofte spelar ut personlegdommen deira.
Kva slags tilbakemeldingar fekk de etter Magicon 2022?
Det var overveldande, heilt rørande. Det var så å seie utelukkande positivt, og dei konstruktive tilbakemeldingane vi fekk vil vi komme i møte allereie neste arrangement. Vi utførte ein grundig tilbakemeldingskampanje og sidan ein av våre verdiar er openheit, publiserte vi desse offentleg så raskt vi kunne etter arrangementet.

Flying Seagulls Noreg - Sol og sirkus

Prosjektet fekk 300 000,- i støtte frå årets utdeling av milder frå Inkludering i kulturliv.
-Målet er å skape varige augneblink fulle av positivitet og glede. Vi planlegg å besøkje asylmottak, krisesenter, dagsenter for menneske med psykiske utviklingshemningar og område der det bur mange familiar i låginntekt, fortel Eline Hallem, som er prosjektleiar for Sol og Sirkus.

Det at Kulturtankens ungdomsråd innstilte prosjektet deira – kva verdi har det for dykk?
Innstillinga er avgjerande for at vi får gjennomført dette prosjektet med å nå barn frå familiar som ikkje har råd til å betale for fritidsaktivitetar og kulturtilbod, ikkje har høve til å reise for å delta på aktivitetar, eller er i ein sårbar situasjon av andre grunnar. Vi meiner at desse gruppene er dei som treng kulturtilbod mest, og derfor er det viktig at det finst tilskotsordningar som støttar gratis tilbod som reiser dit barna er. I tillegg er det ein stor verdi for oss at Kulturtankens ungdomsråd ser verdien i arbeidet vårt som kombinerer kultur og humanitært arbeid, og dermed er med på å fremje rettane til barna og retten til ein god barndom.
Kva betyr det at det finst tilskotsordningar som Inkludering i kulturliv?
Desse tilskotsordningane er med på å skape mindre skilnader for barn i Noreg. Samtidig som at tilbodet sørgjer for at grupper som ofte blir ståande utanfor òg får tilgang på spesielt tilpassa kulturtilbod, er det òg med på å skape ei bevisstgjering av viktigheita av kultur i kvardagen for barn og unge.
I aktivitetane våre skal barn kjenne seg sett, oppleve meistring og kjenne at dei har ein verdi.
Eline Hallem
Prosjektet heiter Sol og Sirkus - sol kan de kanskje ikkje love, men mykje sirkus?
-Det er ikkje alltid sol ute, men målet vårt er skape sol og varme kvar enn vi dreg. I aktivitetane våre skal barn kjenne seg sett, oppleve meistring og kjenne at dei har ein verdi. Samtidig jobbar vi med å skape ei inkluderande gruppekjensle og så mykje positiv energi at det ikkje speler nokon rolle om sola skin eller ikkje.
Sol og Sirkus er allereie i gang – kva erfaringar har de så langt?
-Når vi har komme til mottaka, har barna komme springande mot oss i glede og forventning til det som skal skje. I løpet av fem dagar har barna fått prøve ulike sirkusferdigheiter, utfalde seg kreativt, dei har fått nye venner, opplevd meistring og viktigast av alt, dei har hatt det gøy! Ein far ved eit av mottaka sa til oss: «Tusen takk for at de kjem hit. Det er bra for barna, men det er òg bra for oss vaksne.»

Meld deg på nyheitsbrevet vårt, og hald deg oppdatert om Kulturtankens tilskotsordningar, Den kulturelle skolesekken og kunst og kultur for barn og unge.