Back to All Events

Dialogkonferanse: Kunst og kreativitet i framtidas skule


  • Scandic Seilet, Molde Molde (map)

Onsdag 23. januar 09:00 - Torsdag 24. januar 16:00

Molde: Konferansedagar for Den kulturelle skulesekken

Konferansedagane har to delar, med ulike målgrupper.

Del 1:
Fagdagar for Den kulturelle skulesekken er meint for kommunekontaktar, kulturkontaktar i skule og elevar i vidaregåande skule. Fagdag for grunnskule går over ein dag (23. januar), medan vidaregåande skule får eit program som går over to dagar (23. og 24. januar).

Det blir visning av produksjonar, verkstad og ulike foredrag.

Del 2:
Dialogkonferansen «Kunst og kreativitet i framtidas skule» går over ein dag, den 24. januar, og er meint for leiarar for oppvekst, skule og kultur, politisk leiing, kommunekontakt for DKS og rådgivarar innan oppvekst og kultur. Både kommunane og fylkeskommunen blir oppmoda til å stille med ei samla gruppe der skule og kultur på alle nivå er representert.

Dialogkonferansen gir deg ny innsikt om kreativiteten si betyding for eleven si læring! Lytt til hjerneforskar Kjeld Fredens, la deg inspirere av dramapedagog Nina Andresen-Borud og få siste nytt frå internasjonal forsking om betydinga kunst og kultur har for elevar sitt liv – «Time to Listen». Og! Diskuter alt med kollegaene dine, på ein og same dag!

Dialogkonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, SEANSE og Kulturtanken.

Se hele programmet her

Earlier Event: January 14
Tromsø internasjonale filmfestival
Later Event: January 23
Edtech-messe: BETT 2019