Ole Henry Snildalsli viser fram en lapp hvor det står "Elevarrangør"

Kurs for elevarrangørar i DKS

Elevarrangøreneer eit brukarvennleg kurs for opplæring av elevar som skal ta imot utøvarar frå Den kulturelle skolesekken.

Kurset kan gjennomførast som grunnopplæring for nye elevarrangørar, men det eignar seg òg som repetisjon av, eller som eit supplement til, eksisterande elevvert- eller elevarrangørkurs i regi av DKS-administrasjonar i fylke og kommunar.

Det er tilrettelagt for at kulturkontaktar og lærarar kan gjennomføre kurset som ein del av den interne opplæringa si. Kurset er utvikla og produsert av DKS Trøndelag.

Målgruppe er 5.-10. trinn.

Kursinnhald

Kurset består av av filmane Elevarrangørene og HOW TO.  Begge filmane er inndelte i episodar etter tema, og har ei lengd på 3-8 minutt. Kurset består i tillegg av verktøyarket HOW TO bli en god elevarrangør som blir brukt saman med HOW TO-filmane. I verktøyarket blir den viktigaste informasjonen samanfatta frå kvar episode og kvart tema i filmane. Det inneheld òg tips, råd og tilrådingar for elevarrangørjobben i tillegg til teoretiske og praktiske elevoppgåver. Oppgåvene eignar seg godt for forankring av rolla til elevarrangørane på eigen skule.

Nedst på sidan finn du forslag for gjennomføring av kurset.

Alle videoane ligg òg samla i ei speleliste på Vimeo.

Elevarrangørene

I filmen følgjer vi artisten Tora på DKS-besøk til Charlottenlund ungdomsskule i Trondheim. Gjennom fire epiosoder får vi eit innblikk i ein utøvars arbeidsdag og kva oppgåver elevarrangørane til skulen har i løpet av framsyningsdagen. I tillegg inneheld filmen kommentarar og supplerande informasjon frå ein lærar, ein fagkoordinator i DKS og ein sceneteknikar. Elevarrangørene kan sjåast som ein samanhengande film, eller som fire episodar.

HOW TO-filmar

HOW TO består av fem rettleiingsfilmar som er produserte i tidsriktig «YouTube-format». Her møter vi Youtuber og teaterstudent Ole Henry Snildalsli som med høgt tempo og mykje humor guidar elevane gjennom førebuingar, koking av kaffi, vertskap, publikumshandtering og DKS-omgrep.

Det blir tilrådd å sjå filmane i rett rekkjefølgje og setje av god tid til arbeid med verktøyarket i etterkant.

HOW TO-verktøyark

Verktøyarket HOW TO bli ein god elevarrangør inneheld informasjon, råd og tips for korleis å bli ein god elevarrangør for Den kulturelle skolesekken. Verktøyarket skal brukast saman med HOW TO-filmane. Kvart kapittel blir avslutta med teoretiske og praktiske elevoppgåver som eignar seg godt for forankring av rolla til elevarrangørane på eigen skule.

Bruk av materiellet

Kurset kan gjennomførast av både lærarar, kulturkontaktar og administrativt personell i DKS. Materiellet kan nyttast som eit fullverdig kurs, som eit supplement til allereie eksisterande opplæring, eller som ein repetisjon og oppfrisking for elevar som allereie har ei rolle som elevvert eller elevarrangør.

Ulike forslag for gjennomføring:

  1. Vis dei fire episodane av Elevarrangørene som ein samanhengande film. Ei slik visning eignar seg som ein introduksjon til rolla som elevarrangør for elevar på ungdomstrinnet. Eksempelvis kan filmen visast for alle elevar dersom skulen opererer med søknader for å bli elevarrangør.
  2. Vis Elevarrangørene episode for episode som ein del av opplæringa for nye elevarrangørar. Legg til rette for refleksjon, samtalar og oppgåveløysing mellom kvar episode. Ta gjerne utgangspunkt i oppgåvene frå verktøyarket HOW TO bli ein god elevarrangør.
  3. Vis HOW TO-filmane episode for episode. Jobb med verktøyarket HOW TO bli ein god elevarrangør etter kvar episode. Kvar episode, inkludert oppgåveløysing, tek ca 45 minutt å gjennomføre. Ved å velje vekk oppgåver som ikkje er relevant for skulen eller elevgruppa, er det mogleg å gå gjennom to tema per økt.
  4. Vis episodar frå Elevarrangørene og HOW TO vekselsvis.Dette kan gjerast som eit supplement til, eller ein repetisjon av, kunnskap elevane allereie rår over. Sett av tid til samtale og oppsummering ved behov.

Fakta om kurset

Idé, utvikling og produksjon: DKS Trøndelag
Verktøyark: DKS Trøndelag og Kulturtanken

Spørsmål eller tilbakemeldingar kan sendes til:

Elevarrangørene

Filmet på Charlottenlund ungdomsskole i Trondheim, juni 2021

Ide: Marit Bakken og Jon Vatne
Manus: Anna Lian, basert på kurset «Elever som arrangører» ved Stig Berg og Eirik Engan
Prosjektleiing: Marit Bakken og Irene Rosenblom, DKS Trøndelag
Elevarrangørar: Benjamin, Nora, Niklas og Cathrin
Ekspertar: Irene Rosenblom, Stig Berg og Hans Kristian Sæterbakk
Regi: Jon Vatne
Foto: Ask Jacobsen
Kamass: Kalle Huelssner
A-lyd: Are Åberg
B-lyd: Jesper Opheim
Lydetterarbeid: Are Åberg, Ambolt Audio
Color grading: Tom Chr. Lilletvedt, Hinterland
Produsent og klippar: Jon Vatne

HOW TO

Filmet i Trondheim, juli 2021

Idè: Marit Bakken og Jon Vatne
Prosjektleiing: Marit Bakken og Irene Rosenblom, DKS Trøndelag
Manus: Anna Lian
Skodespelarar: Ole Henry Snildalsli aka @oleharry
Regi: Jon Vatne
Lydetterarbeid: Are Åberg, Ambolt Audio
Color grading: Tom Chr. Lilletvedt, Hinterland
Produsent, fotograf, A-lyd og klippar: Jon Vatne

Relaterte ressursar

Elevmedvirkning - logo

Elevar som medprodusentar

Er det mogleg å ha elevar som medprodusentar? DKS Lørenskog, forteljarkunstnar Marianne Sundal og musikar Viktor Bomstad har testa det.

Elevmedvirkning - logo

Ressursgruppe for elevar og lærarar i vidaregåande skule

Kan ressursgrupper for DKS gi betre forståing for Den kulturelle skolesekken og ei oppleving av at tilbodet har større relevans til læreplanane i skulen? DKS Vestfold og Telemark og ressursgruppa ved Bø vidaregåande skule samanfattar eit spennande pilotprosjekt.

Elevmedvirkning - logo

Evaluering og tilbakemelding på DKS-produksjonar

Metode som lèt elevane sleppe til, utvikla i Prosjekt elevmedverknad.