Gutt med ansiktsmaling og mann som spiller kontrabass

Kulturtanken i ny drakt

I desse dagar blir kulturpolitisk historie skriven. Den heilt nye etaten med det fulle namnet Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg har denne siste veka før jul opna dørene til huset sitt.

På nettsidene våre kan du lese om bakgrunnen for og utviklinga av Kulturtanken, profilen vår og visuelle identitet, og grunntankane og visjonane våre for arbeidet i tida framover: Saman med alle partnarane våre i DKS - fylkeskommunar og kommunar, skular og kunst- og kulturinstitusjonar, vil Kulturtanken opne dører til kunsten og framtida for alle barn som veks opp i Noreg - dette er visjonen og framtidsdraumen vår.

Vegval og utveljing

Kulturtanken søkte råd hos DOGA, Norsk Design- og Arkitektursenter, om korleis det kunne vere klokt å arbeide i designprosessen, både når det gjeld utforming av merkevareplattform og visuell profil. Vi starta jakta på eit designbyrå og hadde, etter ein anbodsrunde, fem byrå inne til vurdering. Vi landa på Neue Design Studio.

Neue har hatt store kundar i kunst- og kulturverda, t.d. Noregs musikkhøgskole, Dansens Hus, Oslo Filharmonien, og mange kundar med svært sterke merkevarer (Meteorologisk institutt, Paleet i Oslo, UDI). Dei har utført nokre svært prestisjefylte oppdrag, som til dømes utforming av dei nye norske passa (nyleg nominert til ein stor, internasjonal designpris i London. ). Alt i alt har Neue vunne mange prisar, både internasjonalt og her heime.

Korleis og kvifor akkurat slik?

Mandatet Kulturtanken fekk av Kultur- og Kunnskapsdepartementene har vore utgangspunktet for arbeidet med den visuelle profilen til etaten.

Det var viktig å finne ein identitet som rommar mangfaldet av uttrykk, menneske og kunstsjangrar som Kulturtanken skal representere. Identiteten prøver å underbyggje korleis det vi gjer i Kulturtanken fører til noko større ute i skulane og ute i samfunnet, men òg korleis det som blir gjort på alle nivå i Den kulturelle skulesekken til saman fører til noko større.

Det gylne snittet

Grunnprinsippet for heile den visuelle profilen – logo og tekst – er det gylne snitt. Det gylne snittet er ei harmonisk deling av eit linjestykke eller ei flate, og eit delingsforhold vi finn i naturen og spesielt på menneskekroppen. Vi kjenner det gylne snittet som Phi i matematikken, og som Den guddommelege proporsjon; eit system for storleiksforhold som har vore brukte til å skape gode proporsjonar i kunst, arkitektur og musikk sidan den tidlege antikkens Hellas.

I Kulturtankens identitet er dei harmoniske proporsjonane frå det gylne snittet brukt gjennomgåande som eit grunnelement for å skape solide rammeverk. Slik Kulturtanken skal skape og leggje til rette solide rammeverk for god produksjon, distribusjon og formidling i Den kulturelle skulesekken.

Designet har òg fått følgje-profilen sin for Den kulturelle skulesekken, som er tilgjengeleg for alle samarbeidspartnarar og andre som ønskjer å bruke han. Denne har ein eigen fargepalett som skil den visuelt frå Kulturtanken-logoen, men ein står fritt til å velje fargar etter eige behov og ønske.

-Berre nokon firkantar, sa du?

Proporsjonane og samspelet mellom boksane, eller firkantane, eller formene, og rommet rundt skapar ulike assosiasjonar, som kan vere nyttige peikarar til kva tanken bak det heile er. I eit perspektiv er boksane scener for teater, dans, konsert, performance, figurteater; i eit anna er dei eit stilisert, gammaldags filmkamera; i eit tredje lerret for film, og lerret eller rammer for kunstmåling; i eit fjerde er dei ark og bøker for å skrive og lese. Kort sagt: Alle uttrykka vi finn i Den kulturelle skulesekken finn vi òg her.

Ein ambisjon med uttrykket til logoen er at det etterlatne inntrykket av avsendaren er ein god balanse mellom det enkle, tydelege og seriøse, og det å vere leiken innanfor rammene – akkurat slik vi vil at Kulturtanken skal vere.