Spente barn med ansiktsmaling under Barnas Verdensdag i 2015

Barnas verdsdagar til Oslo World

I samband med overdraginga av Barnas verdsdagar til Oslo World blir foreslåtte 2 mill. kroner overført frå Kulturtankens budsjett. Midlane skal dekkje drift av Barnas verdsdagar Oslo og dessutan drift av det nasjonale nettverket ute i landet. Overdraginga vil gjelde frå 2018, og årets Barnas verdsdagar i Oslo blir gjennomførte av Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg.

Foto: Lars Opstad

- I Kulturtanken er vi veldig glade for at Barnas verdsdagar lever vidare, seier direktør Lin Marie Holvik.  – Vi har stor tillit til at Oslo World vil bli ein svært god arvtakar til noko som har vore ein viktig del av organisasjonen vår, så dette er ein gledesdag for oss, sjølv om det nok blir trist for oss å ikkje lenger skulle stå for arrangementet.

Holvik er svært fornøgd med at Barnas verdsdagar vil leve vidare med Oslo World:
- Barnas verdsdagar er ein fantastisk familiefestival kor store og små kan reise verda rundt heilt gratis. Festivalen blir no arrangert i alle fylka i landet, året gjennom, og er eit viktig arrangement for lokale arrangørar, lokalt kulturliv og lokalbefolkning, for glede, oppleving og deltaking. Ønsket vårt har heile tida vore at festivalen skulle leve vidare òg etter at mandatet vårt blei endra, og i god dialog med Kulturdepartementet er vi svært fornøgd med løysinga som kom i dag. Og vi vil både delta og gjerne òg bidra og hjelpe til i framtida. Vi ønskjer Oslo World all mogleg lykke med sitt nye ansvar!

Liten jente forsøker å sparke ned hatt fra hevet pinne
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Fakta


Familiefestivalen Barnas verdsdagar blei arrangerte av dåverande Rikskonsertane første gong i 1999, som ein del av Oslo World Music Festival (no Oslo World). Sidan den gong har familiefestivalen vore eit fast punkt på programmet. I Mangfoldsåret 2008 blei det opna opp for at Barnas verdsdagar skulle arrangerast òg i andre delar av landet, og no blir Barnas arrangert verdsdagar i alle fylka i landet.

Les meir:
www.statsbudsjettet.no
www.bvdoslo.no
www.osloworld.no/nyheter-2017/for-barn-2017/barnas-verdensdager-2017/