Forestilling vises som film på lerret

Kunst og kontrastar i skuleprosjekt

– Kan dans få has på tabu?
– Kan stygg språkbruk ta slutt med film?

Dette har elevane ved Furuset skule fått bryne seg på det siste halvåret gjennom eit kunst- og kulturprosjekt støtta av Den kulturelle skulesekken i Oslo.

Gymsalen på Furuset skule er forvandla til ein teatersal. Publikum, skulens 3.- og 4.-klassingar, strøymer inn. Dei set seg på plass og ser eigne måleri pryde veggene. Lyset blir dempa, og framsyninga startar. Resultatet av seks månaders arbeid er no endeleg klart for å visast. Og bak scena blir elevane preppa frå 6. og 7. trinn ein siste gong av regissøren for det heile, danse- og teaterpedagog Gunnhild Aarebrot Kilde. Så går ho fram og ønskjer velkommen.
 
Er det nokon som veit kva kontrastar er?

Mange hender i vêret. Jente på første rad får svare.

-Dag og natt, og svart og kvit, kjem det kjapt. Elevane veit godt kva kontrastar er. Dette har dei jobba med i lang tid.

- Alle er ulike, og det skal vi respektere. Vi kan vere venner for det?

-Jaaa!

Teaterinstruktør gir en
Teater- og danseinstruktør, Gunnhild Aarebrot Kilde gir siste "pep-talk" før framsyninga.

Utfordringa


- SKUP betyr skuleutviklingsprosjekt, og skal gi skulen eit høve til å ta tak i ei utfordring i skulekvardagen gjennom eit kunst- og kulturprosjekt, fortel Anne Elisabeth Sæter. Ho er ansvarleg for SKUP i DKS Oslo.

SKUP-midlane skal brukast til samarbeid med profesjonelle aktørar frå kunst og kulturfeltet. Målet med SKUP er å få til ei positiv endring på definerte utfordringar ved skulen.

-SKUP skal vere prosessorientert, meir enn resultatorientert. Og viktigaste pådrivar i prosessen, frå idé til planlegging og gjennomføring, er skulen sjølv, fortel Sæter.

Furuset barneskule er ein av sju skular i Oslo som har fått SKUP-midlar dette skuleåret. Rektor Magne Dahl fortel at skulen går laus på eit SKUP-prosjekt for andre gong. Dei var så fornøgd med opplegget sist at dei ønskte å føre vidare det. Furuset skule er ein fleirkulturell skule, og har nokre utfordringar knytt til det.

- Vi har ei utfordring på skulen i forhold til røff kroppskontakt blant elevane, knuffing og mobbing og negativ omtale av kvarandre. Mykje av dette er knytt til språk og religion – haram (forbod og avgrensingar knytt til Islam, rei anm.). Vi ønsket å betre forholdet elevane ha til eigen og kroppen til andre. Ideen var derfor å bruke dans som verkemiddel for å bryte med barrierar og tabu som er kimen til ein del konfliktar ved skulen, fortel Dahl.

Furuset blir skult SKUP-prosjekt har altså temaet «kontrastar". Temaet fungerer som ein overbygning, og blir nytta i alle fag.

- Elevane ved skulen vår har ein kontrastfylt kvardag, med ulik kultur heime og på skulen, og i samfunnet elles. Dei manglar språk for å artikulere utfordringane sine, fortel Dahl. Han seier at prosjektet dei har jobba med sidan september er verd kvar einaste krone, og kvar einaste arbeidstime dei har lagt i det.

- Kva er suksesskriteria?

- Vi er avhengig av å få med alle lærarane, og få inn dyktige utøvarar. Det er avgjerande, seier Dahl.

Det stadfestar òg Anne Elisabeth Sæter i DKS Oslo, som har erfaring med at eit SKUP-prosjekt først vil bli vellykka når det blir forankra hos leiinga i skulen og hos alle lærarane.

-Ein må vere villig til å rydde plass, og sjå undervisninga i ulike fag i relasjon til prosjektet, seier ho. SKUP er sånn sett ikkje for alle skular, seier Sæter.

Ein kritisk venn


Skulen får òg bidrag til forankring og framdrift av prosjektet av ein rettleiar frå Høyskolen i Oslo og Akershus, slik at læringsutbyttet blir størst mogleg for både elevar og lærarar.

-Eg skal vere ein "kritisk venn" av prosjektet, som hjelper til med å setje i gang, halde fokus på målet og vere ein refleksjonspartnar undervegs, seier Stine Nilsen Ellinggard. Ho kjem frå PPU-avdelinga ved HiOA, og jobbar med fagdidaktikk i drama- og teaterkommunikasjon. Ho synest prosjektet på Furuset skule har vore veldig fint å jobbe med.

- Det har vore kjempegøy og interessant. Mellom anna fann vi ut undervegs at vi skulle ha med eit film-element i prosessen, som kunne bidra til den sosiale kompetansen til elevane på ein positiv måte ved at elevane fekk sjå seg sjølv utanfrå gjennom film, fortel ho.

Dei fann fram til filmregissør Gjermund Mathisen, som jobba med ei gruppe elevar. Dei utvikla manus, og spelte sjølv alle rollene i filmen, som blei ein del av den endelege framsyninga.

6.- og 7. -klassinger ved Furuset skole fremfører en dans.
Kontrastar og dans mot tabu, framført av 6. og 7. -klassingar ved Furuset skule.

Dans utan tabu


I tillegg har danse- og dramapedagog Gunnhild Aarebrot Kilde vore uvurderleg i prosjektet. Ho har jobba med elevane på 6. og 7. trinn, og saman med dei produsert danseteaterframsyninga som prosjektet munnar ut i. Kilde har vore på skulen kvar veke sidan september.

- Det var viktig at dei skulle uttrykkje seg med kroppen, fortel Kilde, som for andre året på rad har jobba med eit SKUP-prosjekt på Furuset.

Det er nokre utforingar med stygg språkbruk på skulen, så derfor ønskte vi å fokusere på rørsle og dans, utan språk. Vi har jobba med skapande dans for å finne vårt eige språk, fortel Kilde.

Og det har fungert godt.

- Når vi jobbar med dansen og koreografien, tenkjer dei ikkje på at dei jobbar så fysisk nære kvarandre og gløymer utfordringane dei vanlegvis har med tabu og kroppskontakt.

Det har òg vore eit mål å få med elevar som vanlegvis ikkje tek plassen i rampelyset.

Nokre av elevane som til vanleg er stille og tilbaketrekte, spring ut i full blome i løpet av prosessen, då blir eg så rørt.

Det kan lærar og prosjektleiar for «Kontrastar» ved Furuset skule, Mette Sæthre, skrive under på.

Gunnhild har fått elevane til å kjenne seg tryggje i prosessen, til å prestere og vise nye sider av seg sjølv. Ho har på ein måte vore ein omsetjar for dei, inn i kunsten, seier Sæthre. Ho seier at SKUP-prosjekta ikkje berre er viktige for elevane, men også for lærarane. Og at dette har gitt dei nye måtar å sjå og jobbe med elevane på.

Masker som skjuler


Den endelege framsyninga i prosjektet «Kontrastar» består av film, dans og drama. Alle elevane på skulen har bidrege. Resultatet er tre framsyningar – to på skulen, og ein på kvelden for foreldre.

-Det var litt vanskeleg koreografi, men Gunnhild er veldig flink og har lært oss å danse. Det var gøy å vere med, og aller morosamast med den krangle-scena eg var med på, smiler Arjan (11 år).

Vi laga masker som vi brukte i framsyninga. Maskene skulle skjule dei ekte ansikta våre, og vise at for å vere venner må vi ta av maskene og vere ekte, fortel Halima (11 år)

Halima og Arjan og dei andre elvane har fått velfortent applaus og ispinne som premie for god innsats.

Barna koser seg med is etter forestilling
Velfortent is og godt humør etter enda framsyning.

Etter framsyninga – den siste av tre i rekkja, strøymer det på med kort og gåver til Gunnhild. Det er tydeleg at ho har sett spor hos elevane.

Vi elskar deg, Gunnhild!, blir det ropt frå bakarst i gymsalen, i det applausen døyr ut.

Så kva tenkjer rektor om utviklingsmåla dei hadde då dei starta årets SKUP? Har prosessen gjort noko med utfordringane dei har ved skulen?

- Ingen er upåverka av denne prosessen, verken elevar eller lærarar, seier rektor Dahl, som synest det har blitt ei strålande framsyning.

- Samtidig er det klart det tek tid før ein kan sjå korleis dette påverkar utfordringane i skulen, men det er eit veldig viktig og godt steg på vegen. Vi kjem nok til å søkje om SKUP-midlar neste år òg, smiler Dahl.

En lykkelig teaterinstruktør, med favnen full av kort og gaver.
Ein lykkeleg og fagna teaterinstruktør, med favnen full av kort og gåver.

Fakta om SKUP

SKUP blei etablert i DKS Oslo i 2006.

Utgangspunktet for SKUP var å komme måla i møte til Den kulturelle skulesekken om å bruke kunst og kultur for å bidra til å realisere læringsmålet for skulen. SKUP lener seg òg på seinare tids rapportar som viser at det er eit stort uutnytta potensial i lengre møte mellom kunstnar og elevar og deltaking.

SKUP har dei siste åra teke ei dreiing, der målet no er å nytte kunst- og kulturprosjekt for å få til ei positiv endring på definerte utfordringar ved skulen, anten det dreier seg om faglege eller miljømessige utfordringar.

Les meir om SKUP i Oslo her