en mann som ser på en skjerm-vegg med bilde av ett kart

Foredrag: Elektronisk litteratur – nye opplevingsformer

Med Scott Rettberg, Professor i Digital kultur ved Universitetet i Bergen.

Kva er elektronisk litteratur? Og kva slags litteraturopplevingar kan møtet mellom teknologi og litteratur gi barn og unge?

Kulturtanken hadde gleda av å invitere til fagleg påfyll med Scott Rettberg, Professor i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Foredraget er på engelsk.

Rettberg ville med utgangspunkt i den nye boka si Electronic Literature (Polity 2018) gi innblikk i ulike sjangrar innan elektronisk litteratur. Boka er den første heilskaplege gjennomgangen historia til den elektroniske litteraturen og dei ulike sjangrane ho har gitt opphav til. Døme på "poetic generators" og "combinatory films" blir vist. Elektronisk litteratur er eit kunstfelt i utvikling, og Rettberg diskuterer kva moglegheiter som ligg i elektroniske litteraturopplevingar for barn og unge.