Avtale signeres

Avtale om utvikling av ny portal for DKS

Det har lenge vore behov for forenkling av byråkratiet i ordninga Den kulturelle skulesekken (DKS). Mellom anna blir det i rapporten «Utgreiing av administrativt system for Den kulturelle skulesekken» (Rambøll, 2015) konkludert med at det er eit behov for eit administrativt system som støttar opp under prosessane i ordninga. Kulturtanken skal komme desse utfordringane i møte, og har no inngått avtale med Netpower Web Solutions AS om utviklinga av ein ny portal og nytt fagsystem for DKS.

- Netpower har domenekunnskap, som betyr at dei kjenner DKS godt. Dei har mellom anna jobba med Oslo kommune ved Utdanningsetaten og system for DKS i Oslo, og dei har erfaring med tilsvarande kundar i offentleg sektor. Netpower har gjennom forhandlingane vist stor kunnskap og forståing for behova til DKS. Vi er sikre på at vi gjennom Netpower vil få eit svært godt system som vil komme alle aktørar knytt til DKS til gode, seier prosjektleiar for portalen i Kulturtanken, Daniel Nørbech.

Mennesker side om side smiler til kamera
Fra v: Stine Vika Karlsen (Netpower), Gørild Silden Brekkhus (Netpower), Mihriban Rai (Kulturtanken), Lin Marie Holvik (Kulturtanken), Morten Hjelle (Netpower), Daniel Nørbech (Kulturtanken), Anders Tollefsen (Kulturtanken) og Lasse Borge (Tiger Consulting)

Målet med ein ny portal og nytt fagsystem er å lage ei totalløysing for heile Den kulturelle skulesekken. Portalen skal ha ei felles løysing for alle produksjonar i DKS uavhengig av kunstuttrykk, og vere eit nyttig verktøy for turnélegging, produksjonsarbeid, rapportering og evaluering. Portalen skal òg vere eit godt vindauge for DKS mot skulane og elevane.

Netpower bla valt etter ein grundig innkjøpsprosess, mellom anna på bakgrunn av ei rekkje kvalitetskriterium. Desse er baserte på vurdering av løysingskvalitetar som krav til arbeidsflater og prosessflyt, rapportering og statistikk, brukaroppleving, administrative funksjonar og grensesnitt.

- Vi takkar Kulturtanken for ein ryddig og god innkjøpsprosess og er både audmjuke og stolte over å ha blitt valde som leverandør, seier Morten Hjelle, avdelingsleiar for web i Netpower.

Hjelle trekkjer fram forhandlingsprosessen som han meiner var særleg god.

Med fokus på open dialog i forhandlingsmøta opplevde vi tidleg i prosessen å etablere god forståing for den langsiktige måloppnåinga til innkjøpet og kvar skoen klemmer i dag. Portal og fagsystemet for DKS er ein så omfattande leveranse at utan openheit og felles forståing av at det krev nokon rundar for verkeleg å forstå kvarandre, hadde det blitt vanskeleg for oss å levere eit utfyllande og detaljert tilbod. Netpower ser verkeleg fram mot å gå i gang med prosjektet, seier Hjelle.

Les meir om ny portal for DKS her: https://prosjektblogg.dksportalen.no/