Julehelsing frå Kulturtanken

Julehelsing frå Kulturtanken

Den kulturelle skulesekken er, som folk i Bergen ville sagt nåkke for seg. Skuleelevar over heile landet, ca 700 000 i talet, får, uavhengig av foreldra sin økonomi eller kulturinteresse, møte ei verd dei kanskje elles ville vore utestengde frå. I møte mellom eleven og scenekunsten eller musikken, dansen, filmen, litteraturen eller biletet vert tankar utfordra, opplevingar større og kanskje skapast det ein kunstnarspire der og då, i desse møta. Musea våre tek og i mot tusenvis av elever og let borna både oppleve og erfare delar av vår kulturarv. Våre nasjonale institusjonar fyllast kvart år av ungar. Alt fordi vi i Norge vel å prioritere denne eineståande, rare, nydelege ordninga Den kulturelle skulesekken som heilt klart er nåkke for seg.

Vi som er så heldige, at vi er satt til å forvalta, utvikla, og koordinere arbeidet på nasjonalt nivå, har hatt eit innhaldsrikt, gjevande og krevjande år i 2018. Men mest av alt vart 2018 året for dei gode møta og nye samarbeidsprosjekt. Eg vil takka for alle invitasjonar frå nær og fjern til kulturarrangement over heile landet. Det har vore ei glede for oss å delta. Så vil eg takke for alle som har delteke på våre arrangement. Anten det har vore samtalar rundt i landet, medverknad og deltaking på dei nasjonale konferansane i Stavanger, Karasjok, Oslo og Bergen eller på seminara våre. Til saman har vi hatt eit utal gode og viktige møter, i Nydalen og ute i landet. Og takk til alle de som sit i våre ulike utval for medverknad. Det er til stor hjelp for oss i vårt oppdrag.

Og ikkje minst takk til kunstnarar, takk til lærarar, til kulturkontaktene, til elevar og til Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. I tillegg til å vere nåkke for seg er også Den kulturelle skulesekken eit økosystem, og vi er heilt avhengige av kvarandre. Ein blome til dykk frå oss i Kulturtanken.

2018 vart eit år der vi gjorde mykje for fyrste gong. Å etablere ein ny organisasjon er å tråkke opp nye spor, ta med det beste frå det som var og sjå framover. Fornying av DKS høyrer naturleg inn under dette. Når skulen er i ei stor endring gjennom fagfornyinga og stadig fleire arbeids- og læringsprosessar vert digitaliserte, lyt vi ta det på alvor. Difor lyste vi i fjor ut til bredt samarbeid. Og 2018 vart i sanning året for samarbeidsprosjekt.

Eit av dei var skuleprosjektet. Spesielt her vil eg nemne elevmedverknad. Denne litt vanskelege, men spanande og ikkje minst ein heilt nødvendige delen av fornyinga av Den kulturelle skulesekken. Det same gjelde nye digitale formidlingsformer. Og arbeidet med kvalitet. Dette er dei store områda vi lyste ut i fjor, og som vi skal arbeide med i åra som kjem. Det er ikkje tvil om at vi her har funne ein fellesnemnar for fornying. Allereie no er fleire prosjekt godt i gong, og når fristen gjekk ut 15. desember no i 2018, var det kome inn særs gode forslag, også til nye samarbeidsprosjekt. Då er vi og inne på noko særs viktig i ordninga: Transparens og mogelegheit for nye aktørar å koma inn. Eg vil takka dykk alle. Både de som har vore med og skal vere med vidare, og de som har sendt inn forslag i år.

I året som ligg føre oss er det difor mykje fint som skjer i Kulturtanken som vi vonar vil komme de der ute, ordninga og alle elevar til gode. Vi skal arbeide med DKS-portalen, vi skal utvida portefølja med digitale formidlingsmodellar og skuleprosjektet skal utviklast vidare. Arbeidet med kvalitet, med forsking på og i ordninga og kompetansedeling i alle ledd vert også satt på dagsorden i året som kjem. Kulturtanken har og fått utvida portefølja si med eit stort oppdrag frå Kulturdepartementet kring den nye Barne- og ungdomskulturmeldinga som vil strekkja seg over heile 2019. Det er vi svært stolte av, og vi vil inkludere heile landet i dette arbeidet. Dette kjem vi tilbake til over nyttår.

Å opne dører til kunsten og framtida er ikkje noko vi tek lett på, men draumen om ein våg me ikkje visste om å segle inn på, er god å ta med seg inn i jula.

Med ønskje om ei fredeleg jul og godt nytt år frå oss i Kulturtanken.

Lin Marie Holvik

Direktør

Første akademiske artikkel om DiSko

Første akademiske artikkel om DiSko

Rimfrosten som brer seg utover landet

Rimfrosten som brer seg utover landet