Hjerneforskar til DKS-konferanse

Hjerneforskar til DKS-konferanse

Professor Kjeld Fredens argumenterer for at elevar lærer meir og betre viss heile kroppen – gjennom kunst og kultur – får meir plass i skolen. Når Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til Dialogkonferanse, handlar det nettopp om å koble kultur og skole tettare saman.

Den 23. og 24. januar arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune dialogkonferanse om kunst og kreativitet i framtidas skole i Molde. Den raude tråden er kor essensielt kultur er for læringa.

Den danske hjerneforskaren Kjeld Fredens, den engelske professoren Christine Hall og teaterpedagog Nina Andresen-Borud er blant dei som tek del på konferansen og er kritiske til den tunge vektlegginga på teoretiske fag i skolen.

- Når skolar kuttar ned på dei såkalla praktiske, skapande faga til fordel for dei teoretiske, blir intelligensen til barn og unge innsnevra. Kunstnarlege aktivitetar tilfører nemlig ei anna form for tenking, som ikkje berre fremjer den kreative utviklinga, men samtidig har ein stor verknad på dei teoretiske faga, argumenterer Fredsen i den siste boka si ‘Læring med kropper forrest’.

Moderne hjerneforsking
- Dialogkonferansen vil gi oss ny innsikt om kva kreativiteten tyder for eleven si læring. Dette tek vi på alvor og inviterer til eit tettare samarbeid mellom skole og kultur, seier Camilla Wiik, som er koordinator for Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ho meiner vi må rigge skolen og samfunnet for å gi elevane kunnskapen dei treng for morgondagen og viser til læreplanen som seier at skolen skal la elevene utfalde seg i skaparglede, engasjement og utforskartrong.

- På konferansen ser vi på korleis vi kan gjere dette, mellom anna gjennom ordninga Den kulturelle skulesekken, held Wiik fram.

Kultur i skolesekken
Parallelt for Dialogkonferansen ‘Kunst og kreativitet i framtidas skule’ som er retta mot både kultur og skole går også fagdagar for Den kulturelle skulesekken, med visning av produksjonar, verkstad, kunstnartreff og ulike foredrag. Den kulturelle skulesekken gir norske barn kulturopplevingar som konsertar og framsyningar i skuletida i heile landet.

- For mange barn gir desse arrangementa eit unikt møte med profesjonelle kulturuttrykk. Vi legg no opp til tettare samhandling mellom skulen og tilboda i Den kulturelle skulesekken. Derfor er dialogkonferansen eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda v/SEANSE og Kulturtanken, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Tekst: Kristin Vestly, kommunikasjonsavdelingen i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Gjengitt med tillatelse.

OM KONFERANSEN
Konferansedagane har to delar, med ulike målgrupper.

Del 1: Fagdagar for Den kulturelle skulesekken er meint for kommunekontaktar, kulturkontaktar i skule og elevar i vidaregåande skule. Fagdag for grunnskule går over ein dag (23. januar), medan vidaregåande skule får eit program som går over to dagar (23. og 24. januar). Det blir visning av produksjonar, verkstad og ulike foredrag.

Del 2: Dialogkonferansen «Kunst og kreativitet i framtidas skule» går over ein dag, den 24. januar, og er meint for leiarar for oppvekst, skule og kultur, politisk leiing, kommunekontakt for DKS og rådgivarar innan oppvekst og kultur

Meir om programmet her

Call for papers!  Søker bidrag til konferanse.

Call for papers! Søker bidrag til konferanse.

Første akademiske artikkel om DiSko

Første akademiske artikkel om DiSko