Absence Crew danser på scenen

– Kultur-app åleine vil gi mindre kultur

Fylkestinget til ungdommen i Rogaland (UFT) foreslår å erstatte Den kulturelle skulesekken (DKS) med ein kultur-app for ungdom, kunne Stavanger Aftenblad fortelje 3. oktober. Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken, svarer på utspelet i dette debattinnlegget.

Absence Crew er eit prisvinnande breakecrew med spektakulære framsyningar som har turnert mange stader i landet med Den kulturelle skolesekken. Foto: Lars Opstad, Arena Trøndelag 2018

Vi veit ikkje kva som treffer kven. Derfor må Den kulturelle skulesekken vere mangfaldig. Elevane må møte si eiga samtid, kjenne seg igjen, men også blir utfordra. Samtidig er det alltid rom for forbetring, og vi ønsker både debatt, innspel og ein nasjonal kultur-app velkommen.

Fylkestinget til ungdommen i Rogaland(UFT) foreslår å erstatte Den kulturelle skulesekken (DKS) med ein kultur-app. I Aftenbladet 3. oktober seier ungdommens fylkesordførar, Sander Olsen, at han vil bruke pengane meir effektivt og at DKS er «politikarsløseri». Han hevdar òg at det er ein generell, negativ haldning til DKS.

Kulturapp under utvikling

Både Kulturtanken nasjonalt og DKS Rogaland ønskjer velkommen ein god debatt om ordninga fungerer som ho bør og skal. Vi som jobbar med, og er glad i kulturfeltet, ønskjer oss både ei relevant og profesjonell ordning gjennom DKS, ein god kulturskule for alle, Ungdommens kulturmønstring (UKM) og sjølvsagt òg ein kultur-app, som altså allereie er sett i arbeid nasjonalt.

Når barn og unge får tilgang til ein kultur-app, vil det hjelpe dei med å engasjere seg i kulturen dei sjølv oppsøkjer. Men jobben vår er større enn det. Vi skal òg introdusere barn og unge for musikk, scenekunst, kulturarv, visuell kunst, litteratur og film, slik at dei seinare kan ta deira eigne val om kva kultur som interesserer dei.

Relevans for dei unge

I 2016 blei Kulturtanken oppretta nettopp for å sikre godt samarbeid på tvers av landet, høg kvalitet, nærmare samarbeid med skulen, og at ein lettare kan dele tilbakemeldingar på kva som gjer at nokre DKS-produksjonar kjennest verdifulle, medan andre ikkje gjer det. Det arbeidet ser vi på som utruleg viktig, og det gjer vi saman med fylke og kommunar landet rundt.

DKS-ordninga har som mål at elevane både skal få oppleve, bli kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Av og til skal kunst dytte litt på premissane til verkelegheita for elevane. Av og til skal kunst føre til diskusjonar. Det er bra. Det er likevel viktig at tilbodet opplevast som relevant, og dette blir det jobba kontinuerleg med. Vi lyttar systematisk til unge i heile landet.

Det nasjonale Ungdomsrådet i Kulturtanken jobbar aktivt med relevans og medverknad frå elevperspektivet.

Der sit det medlemmer frå Elevorganisasjonen, Ungdom og Fritid og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar. Dei er åtte medlemmer, valt frå medlemsorganisasjonane sine, er 15-22 år gamle og busett rundt om i landet. Dei gir råd til oss i Kulturtanken og andre DKS-aktørar om mellom anna samarbeid mellom skule, elevar og DKS. Dei 3500 kunstnarane og kunst- og kulturformidlarar som turnerer i DKS er seriøse arbeidstakarar og ønskjer at det dei formidlar skal bety noko. Der og då, og seinare i livet.

Fleire av Noregs fremste kunstnarar er med i DKS, det er fantastisk mykje bra for elevane å delta på, også i Rogaland som har eit vell av spennande tilbod både i år og neste år.

Elevmedverknad i Rogaland

Så er det alltid forbetringspotensial akkurat som Sander Olsen beskriv. Noko treffer ikkje. Derfor er det så bra at nettopp Rogaland fylkeskommune er med i ein pilot i regi av det nasjonale prosjektet DKS-skule. Fylkeskommunen skal bidra til å utvikle ein metodikk for korleis ein ytterlegare involverer elevars syn på DKS-produksjonar. Og korleis desse innspela best blir nytta vidare.

I 2018 gjennomførte DKS Rogaland elevsamtalar i samband med DKS-produksjonar, der ein snakka om kva DKS er, korleis elevane opplever og korleis dei ønskjer at DKS skal vere. Innspela blei så nytta inn då ein laga program for inneverande skuleår.

Kulturapp i tillegg til kunstmøte

DKS må følgje med i tida og ta ungdom på det største alvoret. Gjennom kunst i skulen skal elevane både møte si eiga samtid, kjenne seg igjen, men også bli utfordra. Dei skal lytte til ein akustisk gitar, sjå ei scenekunstoppsetning og ballett – eller diskutere dataspel og sjå verda gjennom VR-briller.

Vi veit ikkje kva som treffer kven. Derfor må vi vere rause og mangfaldige, og kvar dag jobbe saman, kunstnarar, skular, elevar og vi i forvaltninga for den ordninga som berre i 2018 genererte meir enn 500 millionar til kunst og kultur til barn og unge i skulen. Og vi må lytte, spørje, kartleggje og jobbe med både kvalitet og kvantitet. Det er jobben vår som nasjonal etat. Og vi skal òg jobbe vidare for ein god nasjonal kultur-app. Det kan vi gjerne gjere saman.


Innlegget blei publisert i Stavanger Aftenblad 13. oktober 2019.