Fra forestillingen “Lars er LOL” ved Teatret Vårt i Molde

Rekordmange forslag til Den kulturelle skulesekken!

Etter ein intens innspurt med fleire hundre innmeldingar av forslag rett før fristen ved midnatt 1.oktober, er tala frå DKS-portalen klare.

Frå framsyninga “Lars er LOL” ved Teatret Vårt og DKS Møre og Romsdal.

- Vi er svært glade for å ha fått nesten 2000 unike forslag i den nye portalen. For fleire av fylka ser det ut til talet på forslag er dobla- og kanskje tredobla, seier Daniel Nørbech, prosjektleiar for utvikling av DKS-portalen i Kulturtanken.

Profesjonelle utøvarar, produsentar og formidlarar kan melde inn forslag til kunst- og kulturproduksjonar for Den kulturelle skulesekken. For første gong har ein kunna melde inn forslaga sine i éin portal for heile landet. Den nye DKS-portalen, som er utvikla av Kulturtanken og Netpower, blei lansert 2. september i år.

Kulturminister Trine Skei Grande meiner det store talet innmelde forslag vil komme elevane til gode.

- Det er fantastisk at det er så mange som ønskjer å formidle kunst- og kulturopplevingar for barn og unge i Den kulturelle skulesekken. Kulturtanken har ved utvikling av den nye portalen opna døra for endå meir kunst og kultur til det viktigaste publikummet i verda, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Brukarvennleg portal

Tidlegare har utøvarar som ønskte å sende forslag for ein produksjon inn til DKS måtte ta omsyn til ei rekkje ulike fristar og skjema. No viser tilbakemeldingane at den nye DKS-portalen har fungert godt og opplevast som enkel og brukarvennleg.

For ein lette å få samla dette inn i ein portal. No treng vi ikkje lenger å følgje med på alle individuelle forslagsfristar hos fylka og kommunane. Den nye portalen er enkel og veldig brukarvennleg.

Scenekunstnar Thea Danielsen Fjørtoft

Det har vore så mykje arbeid med å leggje ut forslag til turnear og så mykje å ta omsyn til at eg melde meg heilt ut for nokre år sidan, og gjorde andre prosjekt i staden. No har eg lyst å turnere igjen! Tusen takk!

Produsent i Kulturproduksjoner, Karen Høie

Portalen har vore i drift i ein månad og allereie er ein stor del av gevinstane for utøvarar realisert ved at det har blitt enklare, meir oversiktleg og tidssparande å sende inn forslag til DKS.

- Det er strålande at portalen fungerer så godt for ei utruleg viktig brukargruppe. Målet har vore å samle, effektivisere og forenkle ordninga. At utøvarane opplever portalen så bra og at vi har fått to tusen unike produksjonar inn til DKS, gjer at portalen langt på veg allereie er ein suksess. Ved å samle statistikk gjennom DKS-portalen, får vi meir kunnskap for vidareutvikling og framtidige satsingar og rekrutteringar i ordninga, noko vi gler oss til å ta fatt på. Men mest av alt gler eg meg på elevanes vegner! seier Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik.

Karen Høie, produsent i Kulturproduksjoner og Thea Danielsen, Fjørtoft i Fjørtoft kulturproduksjoner
Karen Høie, produsent i Kulturproduksjoner og Thea Danielsen Fjørtoft i Fjørtoft Kulturproduksjoner er begge veldig godt fornøgd med brukarvennlegheita til DKS-portalen.

Kva skjer vidare med forslaga no?

På bakgrunn av innkomne forslag blir det no fortløpande valt ut produksjonar som skal inngå i det lokale DKS-programmet. Det er produsentar og programmerarar i fylka og direktekommunane, i samarbeid med lokale fagutval, som vedtek endeleg program. Dei byrjar arbeidet no – med for nokon ei mangedobling av forslag å gå igjennom.

-  Det er overveldande mange forslag, men vi tenkjer at dette er veldig spennande og at vi no får tilgang til mange nye produksjonar og nye utøvarar vi tidlegare ikkje har hatt kontakt med, seier Kjersti Østnes Eggum, DKS-koordinator og Ass. rektor Lørenskog musikk- og kulturskule.

Fakta

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år.

DKS-portalen:
www.denkulturelleskolesekken.no- ein innmeldingsportal for utøvarar med éin frist i året (1. oktober 2019)

  • eitt felles fagsystem for alle som jobbar med administrasjon av DKS (hausten 2019)
  • ein bank med oversikt over alle produksjonar i DKS (skuleåret 2020/2021)
  • visningsrute for elevar og lærarar om deira DKS-tilbod (skuleåret 2020/2021)