Silhuett av person med hodetelefoner foran en pc-skjerm.

Foredrag: Elevars spelkompetanse

Med Tobias Staaby frå Spillpedagogene.

Majoriteten av norske barn speler dataspel, men det er ikkje gitt at alle elevar kan spele, forstå eller få utbytte av eit spel. Det er store skilnader i kva spel, sjangrar og spelkompetanse barn har.

Tobias Staaby presenterer erfaringane sine om spelkompetansen til elevane, og korleis det har påverka arbeidet hans som spelepedagog.

Om Spillpedagogene:
Tobias Staaby og Alexander Husøy er lærarar og spelepedagogar ved Nordahl Grieg vidaregåande skule. Dei jobbar med å bringe spel inn i undervisninga, på lik linje med dei andre kunst- og kulturuttrykka, og bidreg til kompetanse i skulen på dette. Saman lagar dei podkasten Spillpedagogene: en podcast om spill og digitalkultur. Spillpedagogene er hyppige foredragshaldarar og har bidrege i fleire publikasjonar. Dei vann Gullepleprisen i 2015 for arbeidet sitt med spelebasert læring. Tobias Staaby arbeider òg med Phd-avhandlinga si om spel og læring ved Universitetet i Bergen.