Skjermdump fra spillet Journey.

«Journey» – Samtale om dataspel som kunst- og kulturuttrykk

Opptak av digitalt seminar med Thomas Grønvoll og Dag-Erling Jensen.

Illustrasjon: Thatgamecompany/SCEE

Seminaret blei strøymt 25. juni 2020. Seminaret var ein samtale om spel som kunst- og kulturoppleving med utgangspunkt i spelet Journey (2012) av Thatgamecompany og Santa Monica Studio, og korleis dette verket formidlar bodskapen sin gjennom design av ei melankolsk verd spelaren kan utforske og inviterer spelaren inn gjennom å nytte seg av enkle spelmekaniske grep.

I tillegg til at deltakarane spelte og snakka om spelet, svarte dei òg på spørsmål frå sjåarane undervegs.

Sjå opptak av seminaret her:

Bakgrunn for seminaret

Journey blei gitt ut i 2012 til stor kritikarhyllest, spesielt frå presse og kritikarar utanfor den tradisjonelle spelmedia-sfæren. Verket har blitt halde fram som eit av dei viktigaste døma på spel som kunstuttrykk. Journey var eit av dei første kunstfokuserte spela som blei stor internasjonal suksess og har blitt gitt ut på fleire plattformer.

Kulturtanken gjennomførte i 2019 konferansen «Spilltanken: Korleis kan dataspel sjå ut i DKS?» samt ein pilot for å sjå nærmare på spel som kunst- og kulturoppleving for barn og unge i Den kulturelle skulesekken, med ein ny pilot i utviklingsfasen no for å vidareutvikle moglegheita for spel som kunstmøte i DKS.

Seminaret 25. juni tok opp tråden etter konferansen og vurderte spel som kunst- og kulturoppleving, med spesielt omsyn til korleis ein kan forstå spel i og for seg og kva spel kan bety for DKS-ordninga og målgruppa. 86% av alle under 19 år i Noreg speler, og trendane viser antalet jenter i alder 17–18 år har auka vesentleg dei siste to åra; kjønnsforskjellane som ein tidlegare har sett blir viska sakte, men sikkert ut og spel blir meir tilgjengelege og desto viktigare for alle barn og ungdom.

– Spel set i gang tankane til publikum, opnar for nye inntrykk, kjensler og kritiske refleksjonar, og skaper ein kontekst for å diskutere samfunnsrelevante spørsmål. Derfor er det å diskutere spel frå eit kunst- og kulturperspektiv spesielt viktig for å gi barna og dei unge høvet til å oppleve eit alternativ til dei populærkulturelle og kommersielle verka som i stor grad dominerer i mediekvardagen deira, påpeikar Thomas Grønvoll, rådgivar i Kulturtanken, som også har ansvar for etatens Spillab.

Les òg: Rapport om dataspel som kulturuttrykk i DKS

Spørsmål og svar med Dag-Erling Jensen

Kva er den største misforståinga om spel?

– Dei fleste veit ikkje omfanget av kor mange spel som er laga og kva slags type spel som finst der ute. Folk har ein tendens til å sjå på eit spel og dømme resten av industrien etter det. Men det finst spel for alle og kan brukast til alt frå underhaldning til opplæring. Vi har spel som Fortnite som er 100% underhaldning og My Child Lebensborn som løftar eit viktig menneskesyn fram i lyset. Og så kan ein hoppe til Minecraft som fungerer som ein digital legokasse for barn og vaksne.

At det er usosialt er òg ei stor misforståing i mine auge. Det er mange spel som ein speler med venner, eller at du møter nye menneske gjennom spel som gjer det veldig sosialt.

Kva gjer eit spel som «Journey» til kunst, i dine auge?

– Det Journey har til felles med andre kunstformer er at det skaper ei unik oppleving hos alle som speler det. Nesten alle eg har snakka med har ei eiga tolking på kva spelet går ut på og dei liker å diskutere det. For ikkje å snakke om at det òg er eit visuelt flott spel å sjå på, saman med flott og stemningsfull musikk.

Om seminardeltakarane

Dag-Erling Jensen

  • Jobbar som fagansvarleg for Spillutvikling ved Høyskolen Kristiania.
  • Starta karrieren sin som speledesignar i Funcom under utviklinga av Age of Conan: Hyborian Adventures. Der jobba han som world designar og enda opp som systemdesignar.
  • Etter Funcom jobba han for selskapet Expology, der han var med å utvikle utstillingar og opplevingar til kunnskapssenter.
  • Jensen har òg utvikla barnespelet Enki og starta sitt eige selskap, Process, som har gitt ut to spel. Desse er BoOoo til Google Play og Agents vs Villain til Xbox.

Thomas Grønvoll