Illustrasjonsbilde med rapportforside

DKS årsrapport 2018

DKS-årsrapporten for 2018 viser kor omfangsrik, mangfaldig og variert DKS-ordninga er.

Rapporten er basert på talmateriale og skildringar rapportert av fylkeskommunar, direktekommunar og andre kommunar.

Utvalde hovudpunkt

  • I 2018 engasjerte DKS-ordninga fleire tusen kunstnarar og kulturformidlarar, i alt 3517 utøvarar. Desse turnerte rundt i heile Noreg med 3598 kunst- og kulturproduksjonar.
  • Nytt av året er at den rapporterte totale omsetninga for ordninga, inkludert lokal eigeninnsats, har nådd over ein halv milliard kroner (521 millionar). Summen seier noko om kor viktig ordninga har vorte også i næringspolitisk forstand. I tillegg til det store talet kunstnarar, sysselset DKS over 262 fulle stillingar på alle nivå innan skule, kommunar og fylkeskommunar.
  • Det blir tenkt og produsert nytt i DKS. I 2018 vart 1688 produksjonar rapporterte som nye produksjonar, noko som utgjer nær halvparten av det samla talet. Det er ein indikasjon på at både produsentar og kunstnarar er i ein nyskapande fase.
  • Etableringa av Kulturtanken har også bidrege til at ordninga har vorte meir synleg, noko som igjen påverkar tilfang av nye utøvarar, nyskapande idear og innsende programforslag.