Kulturtankens mandat

  • Styrke den kunstneriske og formidlingsmessige kvaliteten i DKS-tilbodet innan alle kunstretningar og vere ein nasjonal koordinerande instans for utvikling av kvalitet og samarbeid i DKS-ordninga.
     
  • Forvalte statlege middel til DKS-ordninga, samt tilskotsmiddel til utvikling av ordninga.
     
  • Samarbeide om innhald og kvalitet med høgre kunstutdanning, lærarutdanning, kunst- og kulturinstitusjonar og -organisasjonar, produksjonsmiljø og nasjonale aktører for Den kulturelle skolesekken.
     
  • Bidra til å fremme engasjement og utvikle kunnskap og kompetanse om kunst og kultur i utdanninga, og sikre at innhaldet i DKS-ordninga understøtter læreplanane til skulen.
     
  • Drive rådgiving og rettleiing overfor fylkeskommunar og kommunar, herunder gje råd om korleis tilbod frå Den kulturelle skulesekken og kulturskolane kan nyttjast i skulane, og vidareformidle gode erfaringar med å koordinere kulturskuleverksemda og DKS-tilboda lokalt.
     
  • Basere sitt arbeid på forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid. Initiere forskings- og utviklingsarbeid, og stimulere til og samarbeide med ulike fagmiljø om slikt arbeid på regionalt og nasjonalt nivå.
     
  • Ha god kompetanse innan kunst- og kulturfag, kunstformidling, pedagogikk, skulefag, rammeplan og læreplanverk, arbeide for god forankring og tett samarbeid mellom skule- og kunstsektor.
     
  • Bistå sentrale myndigheiter i kultursektor og utdanningssektor med råd og tenester i arbeidet med å realisere politiske føringar, og sjølv ta initiativ til å styrke nasjonale satsingar.
     
  • Føre forhandlingar med utøvar- og rettshavarorganisasjonar.
     
  • Sikre god ressursutnytting, effektiv forvalting og tydelege og føremålstenlege styringsstrukturar i DKS.