Skip to main content
Smilende elever ser på utøver i forgrunnen.

Jobb i Kulturtanken

Interessert i å jobbe i Kulturtanken? Her kan du lese meir om jobbsøkjarprosessen hos oss og kva vi tilbyr våre tilsette.

Kulturtanken arbeider for at alle barn og unge får oppleve og ta del i kunst- og kulturopplevingar som opnar for undring, engasjement og tilhøyrsel. Gjennom samarbeid, deling og innovasjon vil vi samle og løfte kunst- og kulturfeltet for, med og av barn og unge. Vi styrkjer samarbeidet mellom forvaltningsnivå og dialogen mellom skulesektor og kultursektor, og står på for at barn og unge skal få like høve til å vere skapande medborgarar. Vil du vere ein del av dette arbeidet?

Vi tilbyr

Vi har ein variert oppgåveportefølje, derav også ei breitt samansett personalgruppe med ulik kompetanse. Våre tilsette har bakgrunn både frå kunst- og kultursektoren, og frå skule/utdanning og forsking. Vi har også tilsette med kompetanse og bakgrunn frå arkiv, IT, økonomi, kommunikasjon, HR og offentleg forvaltning. Medarbeidarane våre jobbar både sjølvstendig og i team.

Hos oss får du:

  • Interessante og utviklande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling og fagleg utvikling
  • Sosiale og faglege aktivitetar som fagleg forum, lønningstreff, aktivitetsdag og sosiale samlingar
  • Kantine
  • Fleksibel arbeidstidsordning, sommartid og vintertid
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Moglegheiter for tilrettelegging for tilsette med spesielle behov
  • Moglegheit for delvis heimekontor

Rekrutteringsprosessen

Kulturtanken er ei statleg verksemd. Fleire av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova og dei alminnelege krava til forsvarleg saksbehandling kjem derfor til bruk. Nedanfor kan du sjå korleis vi gjer dette i praksis og kva du som søkjar kan forvente deg.

1. Søknad
Du sender søknad på ei ledig stilling elektronisk gjennom rekrutteringsverktøyet vårt. Når vi har fått søknaden din vil du få ei automatisk stadfesting på e-post.

Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Du kan be om unntak frå den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

2. Intervju
Alle søknader blir vurderte opp mot dei krava som er sette i stillinga. Viss du er ein aktuell kandidat, vil du bli kontakta og invitert til intervju. Vi har som regel to intervjurundar, og ofte må kandidatar også gjennomføre ei praktisk oppgåve som ein del av prosessen. I intervjua møter du leiar, ein tilsettrepresentant og nokre gonger ein fagperson og/eller HR.

3. Referanse- og bakgrunnssjekk​
Referansesjekk blir gjennomført som ei kvalitetssikring på dei kandidatane som blir innstilte. Vi vil be deg om referansar som er aktuelle for stillinga du søkjer. Du må også levere inn attestar og vitnemål frå tidlegare arbeidsforhold og stadfesting på utdanning.

4. Tilsetjingsrådet gjer vedtak om tilsetjing
Etter intervjuar, referanse- og bakgrunnssjekk blir søkjarane vurdert og rangert i ei innstilling. På bakgrunn av denne blir det avgjort kven som skal tilsetjast. I staten gjeld kvalifikasjonsprinsippet, som inneber at den som er best kvalifisert for stillinga skal tilsetjast. Kriteria i kvalifikasjonsvurderinga er utdanning, erfaring og personlege eigenskapar.

5. Tilbod​
Den utvalde kandidaten vil få eit tilbod frå oss. Når stillinga er besett, vil alle kandidatane som ikkje vart valde få tilbakemelding.

Inkludering og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke som gjer at vi løyser oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

Har du tilretteleggingsbehov, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen når du søkjer stilling hos oss. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar av desse gruppene til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg så langt det lèt seg gjere. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.

Læreplass, praksisplass eller sommarjobb?

Kulturtanken er godkjend lærebedrift innan IT drift. Vi har tidlegare også vore godkjende for kontor- og administrasjonsfaget og mediegrafikarfaget.Som lærebedrift i staten er vi tilknytta OK stat. Ledige læreplassar hos oss blir lyst ut offentleg, mellom anna hos OK stat, eller tilsetjast direkte via skule eller via kontakt frå OK stat. Vi strevar etter å alltid ha ein lærling tilsett hos oss.

Yakub Khalukhoev foran kontorene til Kulturtanken

Lyst til å bli lærling i Kulturtanken?

Yakub Khalukhoev har vore lærling i kontor- og administrasjonsfaget i Kulturtanken frå 2018 til 2020, og stortreivst frå første stund.

Frå tid til anna har vi samarbeid med studentar på anten høgskule eller universitet, som har sin praksisperiode hos oss. Praksisperioden kan ha kortare eller lenger varigheit. Ta kontakt med oss på post@kulturtanken.no dersom du kan tenkje deg dette.

Vi har som regel låg bemanning i juli, då verksemda vår er sterkt knytt til aktiviteten i skulane. Vi lyser derfor sjeldan ut konkrete sommarjobbar.

Open søknad

Ettersom vi er ei statleg verksemd lyses alle dei ledige stillingane våre som hovudregel ut offentleg. Vi har derfor få høve til å tilsetje nokon gjennom ein open søknad. Alle ledige stillingar hos oss blir lyste ut på nav.no og finn.no. Dersom du er interessert i stillingar hos oss tilrår vi å setje opp varsel til dømes på finn.no, slik at du får beskjed når stilling er lyst ut.