Yakub Khalukhoev foran kontorene til Kulturtanken

Lyst til å bli lærling i Kulturtanken?

Yakub Khalukhoev har vore lærling i kontor- og administrasjonsfaget i Kulturtanken frå 2018 til 2020, og stortreivst frå første stund.

Korleis har det vore å jobbe i Kulturtanken?

Det har vore veldig fint, og dei mange varierte oppgåvene har dekt alle kompetansemåla i læreplanen i kontor- og administrasjonsfaget. Eg har fått god oppfølging av ein dyktig rettleiar, i tillegg har alle dei hyggjelege og engasjerte kollegaene bidrege til å gjere opphaldet mitt veldig bra.

Kvifor søkte du lærlingplass i Kulturtanken?

Då eg kom over utlysinga i Kulturtanken, valde eg å sjå bort frå alle andre annonsar. Eg såg at arbeidsoppgåvene passa meg godt, og eg har alltid vore interessert i kunst og kultur, og dessutan likt å vere i kontakt med andre menneske. Då tenkte eg raskt at «der vil eg gjerne vere». I ettertid ser eg det på som ein Tinder-match; eg likte Kulturtanken og eg følte at dei gjorde det same tilbake. Det siste halvtanna året har gått fort, noko som også stadfestar trivselen min.

Kva har du lært av å jobbe i Kulturtanken?

Eg har fått mykje erfaring og kompetanse i løpet av desse månadene, og dessutan lært korleis ein jobbar i staten og kva som krevst. Har òg fått større forståing for kva kunst og kultur handlar om, og kva det prøver å fange. Eg har vore innom mange fagfelt og fått god opplæring i arkiv, økonomi, HR og kommunikasjon, der oppgåvene har vore mellom anna faktura, budsjettering, postmottak, journalføring, tilrettelegging for møter osb. Eg har ønskt å lære så mykje som mogleg, og dei ulike givande oppgåvene har bidrege til at eg no meistrar fleire roller innanfor kontorfaget.

Kvifor bør folk søkje lærlingplass i Kulturtanken?

Viss du trivst med kontor- og administrasjonsoppgåver, ønskjer å jobbe med menneske og er interessert i kunst og kultur, er Kulturtanken den rette plassen for deg. Eit pluss viss du òg er strukturert og liker å ha sjølvstendige oppgåver. Du sit ikkje berre på kontorplassen, men får òg vere med på konferansar, seminar osb. Man blir godt kjent med fleire avdelingar på huset, og det er eit bra arbeidsmiljø som også andre bør få oppleve. Eg har aldri hatt ein kjedeleg dag på jobb i Kulturtanken, og det trur eg ikkje den nye lærlingen vil ha heller.

Les meir om å jobbe i Kulturtanken