Shruti Chowdary Bojedla, Shamsa Mohamed-Ali, Lina Husby og Håvard Valstad i Kulturtankens ungdomsråd poserer for fotografen.

Nye medlemmer i Kulturtankens ungdomsråd

Håpar å kunne gjere ein positiv skilnad i arbeidet med kunst og kultur til barn og unge.

Shruti Chowdary Bojedla, Shamsa Mohamed-Ali, Lina Husby og Håvard Valstad er nye medlemmer i ungdomsrådet. Foto: Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken

Kulturtanken sitt ungdomsråd skal hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi. Nyleg takka nokre av dei tidlegare medlemmene av og gav plass til nye krefter. Vi spurde dei om deira tankar om å vere ein del av ungdomsrådet anno 2024.

Portrett av Line Husby Nygård i ungdomsrådet til Kulturtanken.
Line Husby Nygård. Foto: Trine Grønningen/Kulturtanken

Nye medlemmer:

Lina Husby Nyård:

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

- Eg brenn for at alle elevar skal få høve til å medverke i sin eigen skulekvardag. Kunst og kultur er ekstremt viktig for mange elevar og eg ser på Kulturtankens ungdomsråd som ein god arena for å kunne påverke noko av det elevane bryr seg om.

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

- Eg håpar at ungdomsrådet bidreg til å gjere kunst og kultur endå meir engasjerande for unge og at vi samtidig kan vere eit symbol på god ungdomsmedverknad.

Kva er det viktigaste du ønskjer å setje fokus på som medlem av ungdomsrådet?

- Stemma til ungdommar er viktig og eg vil jobbe for at vi skal bli høyrde i alle saker som gjeld oss.

Portrett av Shruti Chowdary Bojedla i ungdomsrådet til Kulturtanken
Shruti Chowdary Bojedla. Foto: Trine Grønningen/Kulturtanken

Shruti Chowdary Bojedla:

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

- Eg ønskte å vere med i Kulturtankens ungdomsråd for å prøve noko nytt. Eg viste ikkje så mykje om ungdomsrådet så eg tok sjansen når eg fekk han.

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

- Eg håpar ungdomsrådet kan bidra med å gjere Kulturtanken meir ungdomsvennleg.

Kva er det viktigaste du ønskjer å setje fokus på som medlem av ungdomsrådet?

-Kanskje gi unge fleire høve til å vere kreative (via dans, musikk, skodespel, og så vidare).

Portrett av Shamsa Mohamed-Ali
Shamsa Mohamed-Ali. Foto: Trine Grønningen/Kulturtanken

Shamsa Mohamed-Ali:

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

- Eg blei tilboden å søkje av styreleiaren min og tok det som ei moglegheit å lære organisasjonsarbeid betre.

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

- Akkurat no er eg usikker på Kulturtankens rolle og kva dei eigentleg gjer. Derfor er det vanskeleg for meg å svare på dette spørsmålet. Men eg gler meg til å setje meg inn i arbeidet.

Kva er det viktigaste du ønskjer å setje fokus på som medlem av ungdomsrådet?

- Det viktigaste for meg er å bidra til å skape møteplassar for ungdom.

Portrett av Håvard Valstad i ungdomsrådet til Kulturtanken.
Håvard Valstad. Foto: Trine Grønningen/Kulturtanken

Håvard Valstad:

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

- Eg ville vere med då eg trur det kan vere kjempespennande å vere med i og eg har eit stort håp om å kunne jobbe meir med kulturtilbod for barn og unge.

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

- Eg håpar vi kan bidra til å skape fleire møteplassar, arrangement, aktivitetar og få idear ungdommar har til å blomstre.

Kva er det viktigaste du ønskjer å setje fokus på som medlem av ungdomsrådet?

- Eg ønskjer å setje fokus på viktigheita av å bli høyrd og vere med på å bestemme kva ungdommar sjølv treng og ønskjer i kulturlivet.

Medlemmer som fortset i ungdomsrådet:

Portrett av Ahmet Titrek
Ahmet Titrek. Foto: Privat

Ahmet Titrek:

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

- Eg har eit brennande engasjement for likestilling, og ein måte å jamne ut skilnader på er gjennom fritidstilbod/kulturtilbod. Eg ville vere med å gjere kultur ein felles ting, for å samle menneske og gi dei som kanskje ikkje har råd eller moglegheit eit kulturtilbod. Kulturtilboda DKS tilbyr kan vere eit av mange løysingar på å jamne ut dei skilnadene.

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

- Eg håpar at Kulturtanken sitt ungdomsråd blir teken seriøst, ikkje berre ute i media og representasjon, men også internt i Kulturtanken. Eg vil delta i samtalar, debattar, diskusjonar om korleis vi kan gjere dagens tilbod meir relevant og betre. Det er mykje å gjere og ein del jobb som må bli gjort. Derfor meiner eg at ungdomsrådet står sentralt i utviklinga av gode tilbod.

Kva er det viktigaste du ønskjer å sette fokus på som medlem av ungdomsrådet?

- Eg vil fokusere på korleis vi effektivt kan nå ut til unge, gi unge kulturtilbod og fjerne stigmatiseringa av «rar-kultur». Kulturtilboda ungdom får i dag er ikkje alltid relevante, gode eller interessante og det er derfor eg vil stå i fronten om å kople ungdom opp mot fleire ledd i prosessen når vi skal jobbe med kultur.

Kva tenkjer du om arbeidet du har vært med på i ungdomsrådet så langt?
- I fjor gjekk mykje av arbeidet til ungdomsrådet med til Kulturytring i Drammen. Der blei vi tekne seriøst av både Kulturtanken og dei vi jobba med undervegs i prosjektet vårt og det er eg takksam for.

Portrett av Truls Baamann
Truls Baalmann. Foto: Privat

Truls Baalmann:

Kvifor ønskte du å være med i Kulturtanken sitt ungdomsråd?

- Eg synest framleis at kultur er råkult og viktig. Så tenkte eg òg at det var spesielt viktig i år i 2024 at det var med ein bodøværing ungdomsrådet, for her kjem det til å skje mykje rart.

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

- Eg håpar at vi i ungdomsrådet kan bidra med å få fram det som er kult for oss ungdom frå alle stadar i landet.

Kva er det viktigaste du ønskjer å setje fokus på som medlem av ungdomsrådet?

- Eg tenkjer at det er viktig at vi ungdommar er oss sjølve og at vi ikkje tenkjer for stort og politisk. At vi heller står for det vi vil akkurat her og nå.

Kva tenkjer du om arbeidet du har vært med på i ungdomsrådet så langt?

- Eg synest det vi gjorde i fjor var veldig interessant, kult og lærerikt. Så eg tek med meg alt av erfaringar eg fekk frå det året vidare til i år og vidare ut i livet.

Ida Haugen Skulstad. Foto: Marte Glanville/Kulturtanken.

Ida Haugen Skulstad:

Kvifor ønskte du å være med i Kulturtanken sitt ungdomsråd?

– Eg er så heldig at eg allereie har fått vore med eit år i ungdomsrådet og fått eit innblikk i alt det spennande arbeidet vi gjer. Då eg fekk spørsmålet om eg ønskte å sitta ein periode til, var eg ikkje vond å be! 

Kva håpar du ungdomsrådet kan bidra med?

– Eg håpar ungdomsrådet kan komma med konstruktive forslag på korleis me kan bruka Den kulturelle skulesekken til å både formidla kultur og historie, og auka dei unge si interesse for kultur.

Kva er det viktigaste du ønskjer å sette fokus på som medlem av ungdomsrådet?

– Eg meiner skulen er alt for forsiktige med å eksponera barn og unge for det som har skjedd opp gjennom historia og det som framleis pågår. Ein må tørre å vedgå at kultur tradisjonelt har sirkla rundt kva vi som samfunn har anerkjent som fint eller det viktigaste. I den prosessen kan det gløymast at kultur er alt det menneske er oppteke av, ikkje berre det som har størst oppslutning. 

Kva tenkjer du om arbeidet du har vært med på i ungdomsrådet så langt?

– Fjoråret var fylt med kjekke og varierte utfordringar, og ikkje minst mykje hyggelige folk. Sjølv fekk eg blant anna moglegheita til å halda eit innlegg på DKS-forum. Der delte eg rådet sine tankar om den noverande DKS-ordninga, og kva som kan bli betre.

Eit anna høgdepunkt var å få delta på to ulike debattar under Arendalsveka. Det å få vere til stades på ein så spennande og viktig møteplass var utruleg kjekt og lærerikt. Det gav meirsmak! 

Når det er sagt vil eg generelt sei at det kjekkaste eg har opplevd med ungdomsrådet til no er den interessa eg opplever at Kulturtanken har i det vi seier. For meg har det verka som om dei, og andre inviterte til arrangementa deira, har hatt ei genuin interesse av å høyre kva vi fortel. Samt eit oppriktig ønskje om å vere med på å bidra til eit kulturtilbod som ungdommen ønskjer.

– Slikt motiverar, og eg ser difor fram til alt det spennande den nye perioden har å tilby!

Meir om ungdomsrådet

Kulturtankens ungdomsråd 22/23

– Jeg håper rådet kan bidra med å styrke elevenes ønske om å lære om kunst og kultur

Hvordan kan Den kulturelle skolesekken bli enda bedre? Vi spurte Kulturtankens ungdomsråd – de unges talerør – om hva som opptar dem.

Gruppebilde av Ungdomsrådet

Møt Kulturtankens ungdomsråd 2021/22

– Vi styrkjer barn og unges medverknad ved å la dei få vere med og bestemme, seier Anna Ignate. Ho er ein av fleire ungdommar som bidreg til at barn og unges stemme blir høyrde i Kulturtankens arbeid.

Signering av avtale med elevorganisasjoner 2017

Kulturtanken opprettar Ungdomsråd

Partane som har inngått avtalen er Elevorganisasjonen, Ungdom og Fritid, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg.