Signering av avtale med elevorganisasjoner 2017

Kulturtanken opprettar Ungdomsråd

Partane som har inngått avtalen er Elevorganisasjonen, Ungdom og Fritid, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg.

F.v.: Hanna Huseklepp (UoF), Rahman Chaudry (EO), Christina Søgård (UoF), Lin Marie Holvik (Kulturtanken), Rode Margrete Hegstad (LNU) og Ragnhild Vassbotten (EO).

Oslo, 12. september 2017

Medråderett

I Kulturtankens Ungdomsråd får barn og unge sjølv bestemme kven som skal sitje i rådet.
- Det er svært verdifullt at ungdomsorganisasjonane sjølv får bestemme. Denne avtalen er eit føredøme, seier Rode Margrete Hegstad, leiar av LNU.

– Det betyr mykje at skuleelevar får vere med på å bestemme i eit så stort danningsoppdrag som Den kulturelle skulesekken er. Dette ungdomsrådet er eit av dei viktigaste tiltaka i reell medråderett i ordninga, seier Chaudhry.

Gode råd for framtida

Ungdomsrådet skal gi råd til Kulturtanken om arbeidet med Den kulturelle skulesekken (DKS) på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Rådet skal drøfte saker innanfor utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane i DKS. Mandatet til Ungdomsrådet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi, og samarbeid mellom skule, elevar og DKS.

Christina Søgård frå Ungdom og Fritid er oppteken av det gjensidige samarbeidet: - Vi som møtest på arenaene der barn og ungdom er må ha eit felles fokus, og ha vilje og evne til å lære av kvarandre. Med dette samarbeidet trur eg også interessa for DKS vil auke, seier ho.

Direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik, er svært glad for at Kulturtankens Ungdomsråd er realisert. – Eg elskar å jobbe med dei unge, seier ho. – Og det er framtida deira vi jobbar for.

Det første møtet i Kulturtankens Ungdomsråd skjer 7. oktober.