Skip to main content
Kulturtankens ungdomsråd 22/23

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet hjelper Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skule, elevar og DKS.

Ungdomsrådet 2022/23. Fra v: Truls Baalmann, Ahmet Titrek, Ida Haugen Skulstad, Hannah Baarøy og Dilara Kara. Heine Keyser og Lucie Ariel Marie Nilsen Myrheim var ikke til stede.

Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Medlemmene i rådet er valde frå dei respektive medlemsorganisasjonane sine. Medlemmene representerer berre seg sjølv, men kan hente inn råd frå organisasjonane og nettverka sine elles. Rådet har ei styringsgruppe, beståande av ein representant for kvar av dei fire partnarorganisasjonane.

Mandatet til ungdomsrådet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skule, elevar og DKS. Ungdomsrådet skal kunne gi råd til Kulturtanken om arbeidet med Den kulturelle skulesekken (DKS) på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Sakene rådde kan drøfte, skal vere innanfor utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane i DKS.

Rådet skal møtast 4-6 gonger i året.

Medlemmer for 2022/23:

Truls Baalmann (UoF), Ahmet Titrek (UoF), Ida Haugen Skulstad (LNU), Hannah Baarøy (EO), Dilara Kara (UoF), Heine Keyser (LNU) og Lucie Ariel Marie Nilsen Myrheim (EO).

Ahmet Titrek satt i panelet under Nettverkssamling for DKS i april 2023.
En ung kvinne står lent mot et bord. På skjermen bak henne står navnet hennes.
Ida Haugen Skulstad holdt innlegg under DKS-forum i april 2023.