Portretter av medlemmene i ungdomsrådet.

Kampsakene til ungdommen

Elevmedverknad, nerdekultur, teknologi og nye kunstuttrykk. Vi har snakka med seks av medlemmene i Ungdomsrådet i år, og dei er tydelege på kva dei ønskjer meir av i Den kulturelle skulesekken.

Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Mandatet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi, og dessutan samarbeid mellom skule, elevar og Den kulturelle skulesekken (DKS). Sakene som blir drøfta skal vere innanfor utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane i DKS.

Men kva er viktig for ungdommane sjølv? Vi spurde dei, og fekk følgjande svar frå seks av dei åtte medlemmene som er valde inn for skuleåret 2019/2020:

Ida Pollestad Brunes i ungdomsrådet til DKS

Vil heie fram utøvarane som vågar å komme med nye idear

Ida Pollestad Brunes (18) er vald frå Elevorganisasjonen, der ho til dagleg sit i sentralstyret. Ho er oppvaksen i Sandnes, men flytta nyleg til Oslo for å jobbe heiltid som frivillig i organisasjonen, mellom anna med sosiale medium og ungdomsskular.

Kvifor ønskte du å vere med i Ungdomsrådet?

– Eg såg på Ungdomsrådet som eit høve til å vere med på å komme med innspel til kultur for unge. For å vere heilt ærleg visste eg ikkje heilt kva eg gjekk til, men eg blei møtt av mange som hadde nokså like tankar og interesser som meg. Eg fekk sjå at rådet har eit reelt høve til å påverke mellom anna DKS.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?
– Kunst og kultur er ein viktig del for unge, fordi det er uttrykk som er med på å forme og danne menneske.

Kva er di viktigaste kampsak?
– Mi viktigaste kampsak er at elevane som møter uttrykka i DKS skal få oppleve at det er aktuelt og spennande. DKS kan bli meir aktuelt for unge, gjennom at elevar sjølv får ta del i utveljingsprosessen, og at til dømes ungdomsråd eller Ungdommens fylkesting får vere med på å leggje opp program i fylka sine. Ein skal òg leggje til rette for nye kunstuttrykk, og heie fram dei utøvarane som vågar å komme med nye idear.

Emil Johan Stenhaug i ungdomsrådet til DKS

– Vi må bli flinkare til å snakke positivt om DKS

Emil Johan Stenhaug (18) er vald inn frå Ungdom og Fritid. Han er oppvaksen på Strømmen, der han framleis bur. I dag går han i 3. klasse på Lillestrøm vidaregåande skule, på studiespesialisering.

Kvifor ønskte du å vere med i Ungdomsrådet?
– Eg er veldig oppteken av at unge skal ha tilgang på kultur. Eg tenkjer DKS kan vere ein god måte å gjere dette på. Ved å vere med i rådet, så langt, har eg lært mykje meir om korleis det blir jobba med DKS for å gjere tilbodet betre, og kvifor kultur i skulen er viktig.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?
– Kunst og kultur er ei moglegheit for alle til å uttrykkje seg sjølv. Det gir moglegheit for at same kven du er skal du ha høvet til å ytre deg på den måten du vil, og kanskje viktigast av alt ha det gøy.

Kva er di viktigaste kampsak?
– Vi må bli flinkare til å snakke positivt om DKS. Eg tenkjer det er viktig å finne balansen mellom å gjere DKS relevant for skule, og å ha det som eit avbrekk i skulekvardagen.

Kan du fortelje om ei DKS-framsyning som har gjort inntrykk på deg?
– Eg hugsar spesielt godt ein moderne versjon av Romeo og Julie der dei brukte kyllingdrakter, det var veldig morosamt.

Martine Haugen i ungdomsrådet til DKS

Vil at «nerdekulturen» skal bli anerkjent

Martine Hagen (18) er vald inn frå Hyperion, som er med i LNU. Ho er frå Oslo og går på Oslo katedralskole. Ho er nettopp ferdig med sesongjobben på Tusenfryd etter to år.

Kvifor ønskte du å vere med i Ungdomsrådet?
– Eg ønskjer å gjere DKS meir relevant for unge og skape eit betre omdømme rundt DKS.

Kva er di viktigaste kampsak?
– Mi viktigaste kampsak er å få dataspel inn som eit kunstuttrykk i DKS, eg vil at «nerdekulturen» skal bli representert og anerkjend.

Korleis kan DKS bli meir relevant for barn og unge?
– DKS kan bli betre ved å få inn meir elevmedverknad, men også gjere det til ein standard at lærarar går gjennom eitt opplegg før og etter slik at elevane får meir kontekst og då kanskje lærer meir av det dei har sett på.

Kan du fortelje om ei DKS-framsyning som har gjort inntrykk på deg?
– På ungdomskolen såg vi på ein artist som joika med ein litt moderne vri, eg synest det var veldig bra og lærerikt.

Hanna Huseklepp i ungdomsrådet til DKS

– Få med elevane, så blir opplevinga betre for alle!

Hanna Huseklepp (21) er vald inn frå Ungdom og Fritid, der ho òg er nestleiar. Ho er frå Skjetten, men bur no i Oslo, der ho studerer statsvitskap på UiO og jobbar på fritidsklubb.

Kvifor ønskte du å vere med i Ungdomsrådet?
– Eg har vore med sidan Ungdomsrådet blei danna. Trivst veldig godt, og kjende meg ikkje heilt ferdig med alt det spennande som skjer. Heldigvis blei eg vald til å sitje ein periode til. Eg har lært kor omfattande og grundig, og ikkje minst bra, arbeidd Kulturtanken gjer er. Dessutan er det herleg å komme inn som ungdom og faktisk oppleve å bli høyrd av dei vaksne!

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?
– Det er viktig å bli eksponert til ting du ikkje trudde du likte – plutseleg finn du det du vil drive med resten av livet!

Kva er di viktigaste kampsak?
– Mi viktigaste kampsak er elevmedverknad i DKS. Eg trur at med ein gong elevane skjønner kvifor dei opplever det dei gjer, blir opplevinga 100 gonger betre – det at dei kan medverke både før, under og etter kan vere eit steg i rett retning. Få med elevane på di side, så blir opplevinga så mykje betre for alle partar!

John Victor Nicacio Pereira i ungdomsrådet til DKS

– Elevane bør i større grad kunne påverke besøka dei får

John Victor Nicacio Pereira (19) er vald inn frå Elevorganisasjonen, der han òg jobbar som sentralstyremedlem på heiltid. Opphavleg er han frå Brasil, og har tidlegare budd i Kongsberg, men har no flytta til Oslo.

Kvifor ønskte du å vere med i Ungdomsrådet?
– Eg ønskte å vere med i Ungdomsrådet fordi det høyrdest veldig interessant ut, og i tillegg hadde eg lyst til å påverke den kulturelle biten av skulen.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?
– Kunst og kultur er viktig for at unge skal utvikle seg og bli den beste versjonen av seg dei kan vere, og bli kjende med verda utanfor Noreg, utan å måtte dra frå Noreg.

Kva er di viktigaste kampsak?
– Mi viktigaste kampsak i Ungdomsrådet er nok større implementering av teknologi i DKS, og at elevane i større grad skal kunne påverke besøka dei får. DKS kan bli endå meir relevant viss barn og unge i ei endå større grad får lov å påverke kva slags framferd det er som kjem.

Karina Kapelrud i ungdomsrådet til DKS

– Vi må følgje trendane, men ta vare på kulturarven vår

Karina Kapelrud (21) er vald inn frå Ungdom og Fritid. Ho kjem frå Trondheim, men bur på Lillehammer, der ho studerer til å bli sosionom ved Høgskolen i Innlandet.

Kvifor ønskte du å vere med i Ungdomsrådet?
– For å kunne halde fram med å påverke og vere med å bestemme korleis DKS skal drivast vidare. Eg har lært at DKS er så mykje meir enn det eg først trudde. Erfaringane mine med DKS var stort sett berre nokon som kom og spelte gitar og song litt før vi gjekk tilbake til undervisninga, men etter å ha blitt med i rådet har eg lært at DKS er både lesing, skriving, teater, kulturarv, musikk og kunst.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?
– Kunst og kultur er viktig for barn og unge fordi det er ein grunnleggjande del av korleis ein er som menneske. Ved å gi barn og unge informasjon og opplevingar gjennom DKS kan dei lære, oppleve og oppdage ulike kulturuttrykk som seinare kan inspirere dei til å ta del i kulturen på eit større nivå enn før.

Kva er di viktigaste kampsak?
– Mi viktigaste kampsak er at DKS skal gi barn og unge ei god innsikt i dei ulike kulturformene vi har, og at dei skal få gode opplevingar i møte med kultur. Det kan vi gjere ved å lytte til barn og unge og følgje trendane som blir sette, men også ta vare på den historiske kulturarven vår.

Les meir om Ungdomsrådet