Kulturtankens ungdomsråd i 2017

Første møte med ungdommen

Kulturtankens ungdomsråd har hatt sitt første møte.

Foto: Cathrine Jakobsen



- Kult at ungdommar skal ha ei stemme i det som skjer.
-  Eg vil gjerne bruke erfaringa mi som skuleelev og frå elevråd til å gi råd om DKS.

-  DKS angår jo alle skulelever, derfor er det viktig at vi har noko vi skulle sagt om det

Ungdommane i rådet møtest for aller første gong. Nokon kjenner til kvarandre frå før via interesseorganisasjonane dei er valde frå. Nokon er elevar ved vidaregåande skular, og nokon har komme litt lenger og byrja å studere. Dei er frå ulike kantar av landet; frå Svalbard i nord til Kristiansand i sør. Felles for dei alle er at dei er opptekne av at unge har medverknad og påverknad.

FNs barnekonvensjon, artikkel 12 seier at barn har rett til å bli høyrd i saker som gjeld dei og at barns meiningar skal tilleggjast vekt.

- Det er heilt naturleg at ein etat, som har det nasjonale ansvaret for ei ordning som gjeld alle skulebarn i landet, hentar råd hos dei unge. Vi gler oss veldig over at vi no er i gang, seier Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken, etter første møte med ungdomsrådet.

Råd om ungdomskultur

Mandatet til ungdomsrådet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi, og om samarbeid mellom skule, elevar og DKS. Rådet skal møtast 4-6 gonger i året.

I første møte var det viktig å bli litt kjent med kvarandre og snakke om forventningar til rådet, både frå frå ungdommane sjølv og frå Kulturtanken. For å kunne gi gode råd er det viktig at ungdomsrådet kjenner til Kulturtanken og ordninga med Den kulturelle skulesekken. Dette blei presentert av Lin Marie Holvik.

Holvik fortalde ungdommane at eit overordna mål er at ungdomsrådet skal han ein reell innverknad. Råda dei gir vil Kulturtanken ta vidare til nettverket i Den kulturelle skulesekken, og dei vil bli ein del av utviklingsarbeidet til DKS. Kulturtanken ønskjer òg at ungdomsrådet skal bidra i dei råda som blir gitt til sentrale styresmakter i kultur- og utdanningssektor.

Eigarskap og inkludering

Ungdommane delte eigne erfaringar med Den kulturelle skulesekken for å nærme seg første spørsmål til diskusjon om eigarskap og inkludering: Korleis kan elevane på ein skule få ein større eigarskap til DKS?

Det kom mange gode forslag på bordet, og det blei diskuterte om elevråda ved skulane burde ha DKS inn i arbeidet sitt, eller om ein burde opprette eigne kulturråd ved skulane som berre jobba med DKS-tilbodet ved skulen.

Teknologi og sosiale medium

Deretter var det ungdom og teknologi som skulle diskuterast. Kva kanalar blir tilrådde å kommunisere med ungdom i? Her var engasjementet stort, og ein diskuterte kva kanalar som opplevast som privat og berre for venner og eigne interesser, og kva kommunikasjonskanalar og sosiale delingskanalar ungdommane oppfattar som naturlege for DKS å vere på. I tillegg blei det diskutert korleis ungdom (og barn) kan bidra med råd i forhold til teknologi og bruk av program og spel, i til dømes læring, skule, i kunst og innhaldsproduksjon.

Tida blei knapp, og ein blei samde om at fleire av diskusjonane måtte ein gå djupare ned i, og få meir tid til. Ungdomsrådet avslutta dagen med ei oppsummering og planar for vegen vidare. Dei møtest igjen allereie 3. november, då saman med Kulturtankens fagråd.



Desse er med i Kulturtankens ungdomsråd:

Fakta

Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF), Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Medlemmene i rådet er valde frå dei respektive medlemsorganisasjonane sine.

Ulv Johannes Ottem (17) – Molde (EO)
Maja Reiss (18) – Nordland (EO)
Gabriel Bruun (15) – Trondheim (EO)
Laila Oftedal Voll (19)- Trondheim (LNU)
Inger-Andrea Østby (21)- Bergen (LNU)
Karoline Steen Nylander (21)- Oslo (LNU)
Malin Nilssen Alexandersen (18) – Longyearbyen (UoF)
Hanna Huseklepp (21) – Oslo (uoF)
Philip Eskildsen (19) – Kristiansand (UoF)

Randi Nordihus (19) -Oslo (EO)(styringsgruppa)