Ungdomsrådet i Den Kulturelle Skolesekken

Kunst- og kulturengasjerte ungdommar

– Eg liker at dei ansvarlege for– Den kulturelle skulesekken er opptekne av å høyre på og forstå ungdommen, og ikkje berre pushar noko ut til dei, seier ein ivrig Yasir Moa i Ungdomsrådet, som saman med tre andre i rådet, fortel om sitt kunst- og kulturengasjement og utdjupar kva dei synest er bra med ordninga og kva som kan bli endå betre.

Berre for å gjere det klart: Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Mandatet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi, og dessutan samarbeid mellom skule, elevar og DKS. Sakene som blir drøfta skal vere innanfor utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane i DKS. Sjekk gjerne ut meir om Ungdomsrådet her!

Vi tok ein prat med fire av dei ni medlemmene av rådet, Yasir Moa, Laila Oftedal Voll, Marius Ekhagen og Gabriel Bruun, som alle hadde mykje på hjartet. God sommarlesing!

Yasir Moa i Ungdomsrådet

Yasir Moa (EO)

Då Yasir fekk høyre om Kulturtanken og Ungdomsrådets oppgåver gjennom ein annan medlem i Elevorganisasjonen, og at DKS stod i sentrum, merka han eit sterkt ønske til å bidra.

– Kunst og kultur er noko eg engasjerer meg i, eg jobbar jo med kunst sjølv. Mange ungdommar slit med å sjå samanhengen mellom politikk og det som er kunst og kultur, og korleis ein koplar dei saman. Eg kjende sjølv eg forstod begge delar, og at eg kunne vere den «brua» til akkurat det. Eg har òg vore tillitsvald i fleire år, så eg veit korleis eg jobbar med å vidareformidle ting og korleis det er å jobbe med representasjon, seier han, og legg til at motivasjonen er stor.

Han er forholdsvis altetande innan kunst- og kultur, men presiserer at interessa er aller størst innanfor musikk og scenekunst.


– Eg har jo alltid skrive tekstar og spelt instrument, og dessutan elska framsyningar, teater og generell litteratur. Alt dette er for meg veldig gode måtar å uttrykkje seg sjølv på, då du i den augneblinken du presenterer kunst- eller kulturuttrykksforma di, klarer å skape ei ideell verd der du viser kva du kan, seier han, og synest nettopp det er det mest fascinerande med formidlinga.

Yasir rosar DKS-satsinga og all engasjementet som ligg bak, men skulle ønske at elevane blei betre informert om ordninga frå skulens side.

– Eg liker at dei ansvarlege for DKS er opptekne av å høyre på og forstå ungdommen, og ikkje berre pushar noko ut til dei. Det er veldig bra, og er noko òg ungdommen burde forstå. Eg trur at viss dei unge hadde visst endå meir om DKS, før læraren kom og sa rett før eit kunstmøte at «no skal vi ned for å sjå noko», så hadde truleg tilknytinga til DKS blitt endå større enn tilfellet er i dag.I tillegg kan jo opplevinga òg blir diskutert i etterkant, seier han, då han veit det er ei meining bak kvart enkelt kunstmøte.

Laila Oftedal Voll i Ungdomsrådet

Laila Oftedal Voll (LNU)

Laila kjem frå Hyperion Norsk Forbund for Fantastiske Fritidsinteresser, som er ein medlemsorganisasjon i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar. Ho har lenge hatt ei kampsak for å få nerdekultur, og då særleg dataspel, meir anerkjent enn det er i dag.

– Utgangspunktet mitt var at eg hadde veldig lyst til å få dataspel inn i DKS og i kultur-Noreg generelt, og derfor tenkte eg at Ungdomsrådet var den beste staden å starte. Eg merkar at folk som kan litt om dataspel blir stadig meir ettertrakta, og slik sett kjenner eg at eg er ein stor ressurs, seier ho, som mellom anna er med i planlegginga av spelekonferansen Spilltanken, som blir arrangert av Kulturtanken seinare i haust.

Ho er, til liks med Yasir, også relativt altetande innan kunst og kultur – om ein tek vekk dataspel som fremste interesse, sjølvsagt.

–Eg liker elles å høyre på musikk, dra på museum, sjå på abstrakt kunst osb. Det same med arkitektur, då eg liker å oppleve ulike kulturar og sjå korleis alt heng saman, seier ho, og legg til at ho gjerne tek nokon rundar med «vanleg» brettspel òg.

Laila set pris på at ny teknologi stadig oftare blir teken i bruk innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka i DKS, og ønskjer endå meir av dette – blant dei at dataspel blir eit eige uttrykk i ordninga.

– Eg føler at mykje i DKS er ekstremt bra kunst, men at noko kunne blitt gjort endå meir relevant for elevane. Ved å få inn dataspel og andre moderne saker som ikkje er like tradisjonelle, vil ting kjennast nyskapande og truleg meir spennande for dei unge, seier ho engasjert, og ønskjer til liks med Yasir, større rom for å la ungdommen snakke om kunstmøtet i etterkant.

Marius Ekhagen i Ungdomsrådet

Marius Ekhagen (UoF)

Marius var, til liks med dei andre, også kjent med DKS som elev frå før av. Gjennom Ungdomsrådet håpar han å bidra til at ordninga kan bli endå betre.

–Eg har alltid sett pris på DKS, og eg synest det er viktig at også andre unge interesserer seg for dette. Å kunne vere med i Ungdomsrådet passar dermed bra, seier han.

Formidling som inkluderer eit kulturelt mangfald er han svært oppteken av, og er noko han gjerne ønskjer meir av òg i DKS-ordninga.

–Å få inn ulike kulturar frå andre land i DKS, vil òg bidra til at barna endå betre forstår kva multikulturelt samfunn vi lever i. Dette er viktig å ta tak i når dei endå er unge, her skal det jo vere plass til alle. Kort sagt ein fin miks av både norsk og utanlandsk kultur, då lærer ein òg av kvarandre, noterer han engasjert.

At elevane i DKS er stadig meir aktive, til dømes i form av workshops, synest Marius er ei veldig god utvikling. Dette ønskjer han meir av òg med åra.

– Ved å aktivisere barn og unge får ein dei òg meir engasjerte, dette kan gjelde i fleire av uttrykka i DKS. Gjennom slik deltaking blir òg den heilskaplege opplevinga større, avsluttar han.

Gabriel Bruun i Ungdomsrådet

Gabriel Bruun (EO)

Takka vere eit innlegg frå Elevorganisasjonen på sosiale medium blei Gabriel gjord merksam på Kulturtanken og Ungdomsrådet, og då tok det ikkje lang tid før han bestemde seg.

–Eg syntest dette høyrdest veldig interessant ut, og det er jo moro å jobbe med kultur i skulen, seier han, og legg audmjukt til at han òg hadde litt flaks som fekk vere med å bidra i rådet.

Kulturarv er det kunst- og kulturuttrykket som opptek han aller mest.

–Lokalhistorie synest eg er veldig spennande, det har ein ei sterk tilknyting til. Kva som har skjedd der ein kjem frå, utviklinga over tid osb., seier han.


For Gabriel står elevmedverknad sterkt, og han ønskjer at barn og unge skal vere med på avgjerder til DKS-program i endå større grad enn i dag.

– Det er bra at dei unge får vere med på å bestemme kva innslag som skal ut på turné i DKS, men eg ønskjer at ein kan inkluderast òg heilt i startfasen. Kva slags kunst og kultur ønskjer elevane sjølv? Eg vil ha meir refleksjon og diskusjon rundt akkurat dette, og ikkje berre at det blir teke avgjerder på innslag som jo allereie «er klare», seier han, og legg til at det òg kan vere eit smart trekk å få inn dataspel i skulesekken.

–Eit slåande visuelt dataspel kan jo bli litt som ei vandrande og interaktiv kunstutstilling, der ein kan bevege seg fritt i eit ukjent terreng. Ikkje alle spel er jo sånn, det er stor skilnad i kunstforma. Likevel, dette ser ein jo òg i til dømes musikk, og ein kan jo ikkje skjere alle over éin kam. Det er jo nettopp denne variasjonen som også er spennande, avsluttar han, og gler seg til korleis DKS blir i åra som kjem.