Illustrasjon: vegg med innrammede portrettbilder av alle medlemmene i ungdomsrådet.

– Gamle gubbar i dress kan ikkje forstå ungdom i dag

Vaksne og unge menneske kan ha ulike opplevingar av kva kunst og kultur handlar om. Vi spurde Kulturtankens ungdomsråd – talerøyret til dei unge – om kva som opptek dei, og kvifor dei ønskjer å påverke DKS til å bli endå betre.

Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Mandatet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi, og dessutan samarbeid mellom skule, elevar og Den kulturelle skulesekken (DKS).

Ungdommane representerer seg sjølv, men hentar inn råd frå organisasjonane sine og eige nettverk. Rådet har ei styringsgruppe med ein representant frå kvar av dei fire partnarorganisasjonane. Rådet møtes 4–6 gonger i året.

Vi kontakta rådsmedlemmene i år for å få deira tankar om kva kunst og kultur er for ungdom – og for dei sjølv. Medlemmene i 2020/21: Jade Hauan, Annenth Vijayaindra, Marie Hagen, Emil Johan Stenhaugen, Leo Laukvik og Henrik Aarnes.

– Eg ønskjer å peike dei gamle i rett retning

Leo Laukvik er 19 år, nettopp ferdig med VGs og sit i sentralstyret til Elevorganisasjonen. Han har vakse opp rett utanfor Grimstad.

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

– Eg ønskte å vere med fordi eg har vore med i teatermiljø i lang tid. Der diskuterte vi ofte DKS, alt som var bra og alt som var dårleg. Men det eg engasjerte meg mest i var debatten om korleis ein kan auke elevmedverknaden i framstillingsprosessen. Håpet er at eg kan ta med nokre av dei diskusjonane til Kulturtankens styre.

Kunst og kultur er viktig for å kunne rotfeste barn til stadene dei er frå, og fordi det er eit viktig pedagogisk verktøy for å forstå seg sjølv og dei rundt ein.

Leo Laukvik
Bilde av Leo Leo Laukvik
Leo Laukvik (Foto: privat)

Kva håpar du å bidra med?

– Eg håpar å bidra med elevmedverknad i alle kunstartane, men pga. teaterbakgrunnen min er eg nok mest eigna til å uttale meg om scenekunst.

Kva håpar du ungdomsrådet samla sett kan bidra med?

– Ungdomsperspektivet, enkelt og greitt. Gamle gubbar i dress kan ikkje forstå ungdom i dag, og kva dei ønskjer frå kunsten sin på same måte som ungdom. Eg ønskjer å peike dei gamle i rett retning når dei skal appellere til ungdom.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?

– Då vil eg spørje kvifor leik er viktig? Kvifor er musikk viktig? Kvifor er det viktig å ha det gøy? Kvifor er det viktig å ha nokon som elskar ein? Jo, fordi det kjennest godt. Det er gøy å leike og å høyre på musikk, ikkje berre pga. pedagogikken i det, men også av den enkle grunn at det er viktig å ha det gøy. Kunst og kultur er òg viktig for å kunne rotfeste barn til stadene dei er frå, og fordi det er eit viktig pedagogisk verktøy for å forstå seg sjølv og dei rundt ein.

Kva er den sterkaste kunst-/kulturopplevinga du sjølv har hatt?

– Det er vanskeleg å seie, eg har hatt ein del sterke opplevingar. Og dei er sterke av ulike grunnar, så det er nesten umogleg å peike ut ein. Men scenisk er det nok White Heart, sett opp på teateret i Kristiansand. Framsyninga var ikkje spesielt god, men som ei post-postmodernistisk framsyning opna den auga mine på kva teater kan vere. I litteraturen er det nok Jonas av Jens Bjørneboe. Og Franks Wild Years av Tom Waits er like fengjande, rørande og flott kvar gong.

Kven er favorittkunstnaren din? Og kvifor ho/han?

– Igjen vanskeleg å velje, men gir eit lettare svar denne gongen. Trur det må vere Bertholt Brecht. Dei episke teaterstykka hans er utruleg godt skrive, og har tematikkar som er relevante den dag i dag. Men eg ser opp til han òg fordi han var på mange måtar startskotet til mykje av det modernistiske teateret. Og for det blir han stor i mine auge.

– Ein annleis måte å lære om verda på enn skuletimar

Jade Hauan er 16 år, går på Lillehammer vidaregåande avdeling sør og dansar på fritida, i tillegg til å vere med i Elevorganisasjonen og Operasjon Dagsverk.

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

– For å fremje ungdommars stemme i vidareføringa og utvidinga av kulturlivet i Noreg, og for å prøve å gjere kultur og kunst til noko fleire barn og unge får ein kjærleik eller interesse for.

Eg ønskjer å bidra med endå eit nytt synspunkt og synsvinkel. Meiningar som kanskje er litt utradisjonelle. Ta med eigne erfaringar frå kulturlivet.

Jade Hauan

Kva håpar du å bidra med?

– Eg ønskjer å bidra med endå eit nytt synspunkt og synsvinkel. Meiningar som kanskje er litt utradisjonelle. Ta med eigne erfaringar frå kulturlivet.

bilde av Jade Hauan
Jade Hauan (Foto: privat).

Kva håpar du ungdomsrådet samla sett kan bidra med?

– Å gjere kultur og kunst til noko fleire ungdommar tek seg nytte av. Gjer prosjekt meir dagsrelevante og «kule».

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?

– Kunst og kultur er ein viktig del av identiteten, han lærer oss å fokusere på menneskelege aspekt. Det er ein annleis måte å lære om verda på enn skuletimar.

Kva er den sterkaste kunst-/kulturopplevinga du sjølv har hatt?

– Å sjå Nøtteknekkeren live frå Bolsjojteateret i Moskva. Teknikken, forteljinga av ei historie via rørsle og arbeidet som låg bak, var fantastisk.

– Vil vere eit talerøyr for andre ungdommar

bilde av Annenth Vijayaindra
Annenth Vijayaindra (Foto: privat).

Annenth Vijayaindra er 20 år, studerer industriell økonomi på KTH i Stockholm. Sit i Ungdom og Fritids sentralstyre.

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

– Eg ønskte å vere med i Kulturtankens ungdomsråd fordi eg i lang tid har vore veldig oppteken av at ungdom skal vite at dei har ei reell påverknadskraft på deira eigen kvardag. Ettersom eg òg er veldig interessert i kultur og ikkje-formell læring så eg på dette som ei gyllen moglegheit.

Eg skal prøve så godt eg kan å representere andre ungdommar som ofte ikkje blir høyrde.

Annenth Vijayaindra

Kva håpar du å bidra med?

– Eg håpar å kunne vere eit talerøyr for andre ungdommar og bidra ikkje berre med mine eigne meiningar og synspunkt, men også prøve så godt eg kan å representere andre ungdommar som ofte ikkje blir høyrde.

Kva håpar du ungdomsrådet samla sett kan bidra med?

– Eg håpar ungdomsrådet samla sett kan representere dei ulike ungdommane i landet og påverke i ei retning som kan tillate at fleire barn og unge opnar seg for slike opplevingar. At vi får påverka på ein slik måte som gjer at vi kan treffe dei barna og unge som ikkje nødvendigvis har ei like stor glede av kunst og kultur.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?

– Eg meiner kunst og kultur er viktig for barn og unge fordi eg trur det er viktig at dei veit at det finst mange ulike måtar å utfalde seg på, utanom til dømes organisert. Dette er òg ein måte å lære barn og unge til å setje pris på mykje av det vakre vi som menneske kan skape, og at det finst stor kunnskap og lærdom òg i dette. Kunst og kultur er ein måte for oss som menneske å uttrykkje vår eiga unike oppleving for andre som kan leve i ei verkelegheit langt frå det som blir uttrykt, eg synest dette er utruleg vakkert og viktig. Det opnar oss til å vere meir empatiske og forståingsfulle menneske. Noko må kjennast eller opplevast på andre måtar enn gjennom ei tekstbok for at det verkeleg skal søkke inn, eg trur vi har alle har veldig godt av å lære dette i ung alder.

Kva er den sterkaste kunst-/kulturopplevinga du sjølv har hatt?

– Eg er utruleg glad i kunst og kultur, og i mange år har eg gjennom ungdomsdemokratigruppa i Skedsmo (no Lillestrøm) fått høve til å vere med å arrangere UKM. Det er ei veldig spesiell kjensle å vere i den salen, og oppleve iveren og talentet til så mange ulike ungdommar som blir til dømes uttrykte på scena. Dette er absolutt ein av mine favoritt kulturopplevingar; eit samfunnshus fylt med så mange ulike uttrykksformer og så mykje skaparglede, det engasjementet og den fascinasjonen er verkeleg smittsamt.

Kven er favorittkunstnaren din? Og kvifor ho/han?

– Sidan eg fann ut kven Jean-Michel Basquiat var synst eg han er utruleg interessant. Måten han opparbeidde ei stor mengd tilhengjarar og etablerte namnet sitt utan eingong å identifisere kven han var er eit veldig fint døme på korleis kunst og kultur har høvet til å vere universelt. Ein person som kan vere så ulik som meg som det går an, kan framleis produsere noko som verkeleg treffar meg. Det er veldig fint, og eg meiner det fører oss saman.

– Veldig kult å kunne lære om joik og samisk kultur

bilde av Martine Hagen
Martine Hagen (Foto: privat).

Martine Hagen er 19 år og bur i Oslo, og sit i sentralstyret til Hyperion. Fritida bruker ho på å spele DND med venner, og ho liker òg å teikne og måle.

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

– Eg sat i ungdomsrådet i fjor òg, men vi blei veldig brått avbrotne pga. covid-19 og eg kjende ikkje at eg rakk å få gjort så mykje.

Eg håpar å bidra til å utvide det vi kallar kultur og prøve å representere nerdekulturen i Kulturtanken og DKS.

Martine Hagen

Kva håpar du å bidra med?

– Eg håpar å bidra til å utvide det vi kallar kultur og prøve å representere nerdekulturen i Kulturtanken og DKS.

Kva håpar du ungdomsrådet samla sett kan bidra med?

– Eg håpar ungdomsrådet kan bidra til å gjere Kulturtanken og Den kulturelle skulesekken til noko barn og unge får noko ut av og gir gode opplevingar.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?

– Kunst er veldig viktig for å lære om og forstå andre kulturar, og når ein lærer om kunst og kultur får ein eit viktig og annleis bilete av verda rundt seg som vitskapen ikkje kan vise.

Kva er den sterkaste kunst-/kulturopplevinga du sjølv har hatt?

– På ungdomsskulen fekk vi besøk av ein som framførte samisk joik med ein moderne vri. Det var veldig kult å kunne lære om joik og samisk kultur samtidig som ein fekk høyre på bra musikk.

Kven er favorittkunstnaren din? Og kvifor ho/han?

– Favorittkunstnaren min er Clara Peeters. Ho var ein flamsk målar på 1700-talet kjent for stillebena sine. Eg synest hennar auge for detaljar var fantastisk, du kan mellom anna sjå refleksjonen av henne i gjenstandane ho måla i fleire av måleria hennar.

– Ønskjer å viske bort grensene for kunst og kultur

bilde av Henrik Aarnes
Henrik Aarnes (Foto: privat).

Henrik Aarnes er 21 år, går på Universitetet i Stavanger og representerer Dei Unges Orkesterforbund som er medlem av LNU. På fritida har han klassisk musikk som hovudvirke, men er òg svært interessert i luftfart, reiseliv og matlaging.

Eit veldig viktig punkt for meg er variasjon, og derfor vil eg vere med på å sørgje for at ein får oppleve det vide spekteret av kunsten og kulturen som vi har å by på!

Henrik Aarnes

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?

– Eg hugsar sjølv tilbake til møta mine med DKS i både grunnskulen og vidaregåande. Mykje av det var veldig interessant og lærerikt, men dessverre var noko av det òg heilt skivebom på kva som ein kunne vurdere som relevant. Eg ønskjer å vere med i ungdomsrådet nettopp for å sikre at DKS har dei rette kvalitetane som barn og unge kan relatere til. Eit veldig viktig punkt for meg er variasjon, og derfor vil eg vere med på å sørgje for at ein får oppleve det vide spekteret av kunsten og kulturen som vi har å by på! Mange tenkjer på veldig spesifikke ting når ein høyrer om kultur, så eg ønskjer å viske bort grensene for kva som kan definerast og ta bort båsane som ein ofte set dei ulike formene for kunst og kultur i.

Kva håpar du å bidra med?

–Eg håpar å bidra med erfaringane mine, men ikkje minst min organisasjons tankar og ønskjer. Eg kan representere meg sjølv, men det er for meg endå viktigare å representere organisasjonen eg er vald inn i frå. For han dekkjer mange område som meg som enkeltperson ikkje gjer.

Kva håpar du ungdomsrådet samla sett kan bidra med?

– Eg håpar ungdomsrådet kan hjelpe til i å gjere DKS endå betre. Eg håpar at ungdomsrådet har gode refleksjonar som speglar dei vala vi tek og dei utsegnene vi kjem med. Rådet har ei stor påverknadskraft, og eg håpar at vi saman kan utnytte ho til fulle.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?

– Barn og unge har i mine auge dessverre ofte eit distansert forhold til kunst og kultur. Eg ser at fleire og fleire ser på det som noko sært, rart og spesielt. Noko som dei ikkje kan sjå på som relevant hos dei sjølv. Derfor meiner eg at kunst og kultur er ekstremt viktig for barn og unge. Dei treng å kjenne på at dette er så mykje meir enn det dei trur, og eg trur det skjer ei større utvikling i tankesett hos barn og unge som har eit godt forhold til kunst og kultur. Det er med på å bidra til ein verdifull oppvekst som gjer at ein kan reflektere, provosere og bli vant med å tenkje mykje utover det ein gjer til vanleg.

Kva er den sterkaste kunst-/kulturopplevinga du sjølv har hatt?

– Det må nok vere då eg høyrde KORK spele i Operaen. Dei spelte Verdis Requiem som er eit av favorittverka mine i den klassiske musikken. Eg kjenner verket godt og gler meg alltid til Dies Irae-satsen. Når det brakar laus, får eg berre den WOW-kjensla og dette er verkeleg eit musikalsk minne som verkeleg har sett spor i meg.

Kven er favorittkunstnaren din? Og kvifor ho/han?

– Det er eit utruleg vanskeleg spørsmål, for det er så mange å trekkje fram. Men skal eg velje éin, må det bli Bjarte Engeset. Bjarte har ein kunnskap som strekkjer seg utruleg langt, og dette gjer at musikken han skaper saman med kollegaene og medmusikarane sine blir så utruleg interessant. Det ligg utruleg mykje bak kvart enkelt stykke og det viser verkeleg det vide spekteret av klangfargar, tonar, frasar, og musikk!

– Kunst og kultur er viktig for forståinga til barn og unge av kvarandre og samfunnet

bilde av Emil Johan Stenhaug
Emil Johan Stenhaug (Foto: privat).

Emil Johan Stenhaug er 19 år gammal og har no friår før vidare studiar. Han representerer Ungdom og Fritid i Ungdomsrådet. På fritida liker han best å drive med politikk og vere med venner.

Kvifor ønskte du å vere med i Kulturtankens ungdomsråd?
– Eg synest Kulturtanken jobbar med veldig mykje spennande ting og kjenner det er viktig at unge får høvet til å påverke meir i Den kulturelle skolesekken og samfunnet elles.

Eg håpar eg kan bidra med eit perspektiv som representerer fleire unge.

Emil Johan Stenhaug

Kva håpar du å bidra med?

– Eg håpar eg kan bidra med eit perspektiv som representerer fleire unge. Organisasjonen min jobbar innanfor fritidsklubbar som kvar dag samlar veldig ulike unge menneske, og håpar derfor eg får til å ta med perspektiva deira inn i Kulturtanken.

Kva håpar du ungdomsrådet samla sett kan bidra med?

– Å fremje synspunkta til barn og unge i måten vi skal oppleve kultur på.

Kvifor er kunst og kultur viktig for barn og unge?

– Kunst og kultur kan vere så mykje ulikt, mellom anna ein arena der ulike folk kjem saman for å oppleve eller skape noko flott. Eg tenkjer kunst og kultur derfor er viktig for forståinga til barn og unge av kvarandre og samfunnet rundt seg.


Les meir om Ungdomsrådet