Orkester spiller med visuelle effekter på scenen.

Ein bit av universet

Planetar, Marinemusikken, lys, akrobatikk og visuelle effektar. Ein liten bit av universet har fylt kulturhusa i Vestfold denne hausten, saman med alle ungdomsskoleelevane i fylket.

Planetene heiter stykket som var grunnlaget for storproduksjonen. Planetene er basert på musikk av den britiske komponisten Gustav Holst. Holst inspirerte mange seinare komponistar, mellom anna mannen bak filmmusikken til Star Wars, John Williams.

Versjonen av Planetene dei unge i Vestfold har opplevd, er produsert på ein heilt annan måte enn verket tidlegare er satt saman og produsert, spela og visualisert: Saman med heile korpset frå Marinemusikken, artistar frå britisk nysirkus og visuelle effektar og filmar, blei publikum med på ei musikalsk romferd frå tusenvis av år tilbake, til månelandinga på 1900-tallet, og ikkje minst til den moderne tidas Star Wars og framtidas science fiction.

Og tilbakemeldingane frå lærarar og elevar på den ganske storslåtte framsyninga har vore ganske storslåtte, dei òg:
"Dette var en flott forestilling. Stolt over at DKS kan tilby skolene så høy kvalitet som dette!", sa ein. "FANTASTISK forestilling!", sa ein annan. "Ungdommen var veldig fornøyde med konserten! Responsen bar preg av at de likte veldig godt at det var mye visuelt i tillegg til musikken. Og de lot seg (i likhet med meg selv) imponere over danserne! Og samtlige hadde kjent igjen minst ett av verkene. May the force be with you!", sa ein tredje.

Avisa Gjengangeren dekte premieren i Bakkenteigen kulturhus grundig.

- Alle bør få oppleve ei slik framsyning

Marinemusikken er eitt av dei fem nedleggingstrua korpsa til Forsvaret. Arild Moen, kulturdirektør i Vestfold fylkeskommune, er oppteken av at Marinemusikken og Forsvarets musikk speler ei viktig rolle.  

- Marinemusikken er ein viktig bidragsyter i lokalsamfunnet, fortel han.  - Berre denne hausten speler korpset for 11.500 barn og unge i fylket, på barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular. I tillegg har korpset ordinære, offentlege familieframsyningar på kulturhusa.

Moen peikar også på kor viktig det er å produsere store samarbeidsprosjekt som Planetene i Den kulturelle skulesekken (DKS).

- Vi har gleda oss over å kunne fylle dei flotte kulturhusa våre med ungdommane i fylket, der dei kunne oppleve det einaste profesjonelle orkesteret i regionen, seier han. - At heile ungdomsskular blir bussa til kulturhus er ikkje kvardagskost, men DKS skal innehalde eit breitt kulturtilbod. Eit stort, profesjonelt ensemble med alt som høyrer med av lyd, lys og teknikk bør alle få oppleve, fortset han. - Bærebjelken i DKS er at alle elevar, uansett bakgrunn, økonomi og geografi skal få oppleve mangfaldig, profesjonell kunst og kultur.

Fakta om Planetene

  • Medverkande:
    Kongelige norske marines musikkorps (Marinemusikken), Bjarte Engeset (dirigent), Matthew Pasquet (nysirkusartist), Imogen Huzel (nysirkusartist) og David Chocron (videokunst).
  • Produsent og arrangør:
    Eit samarbeid mellom Kulturtanken (tidl. Rikskonsertene), Den kulturelle skulesekken Vestfold og Kongelige norske marines musikkorps (Marinemusikken).