Bøker ligger rotete på en skolepult

Litteraturfeltet samla seg

Tirsdag 25. april møttast litteraturfolk i Den kulturelle skulesekken landet rundt hos Kulturtanken. Fagsamlinga la opp til samtalar, diskusjonar og utveksling av kunnskap, erfaringar, idear og tankar om litteratur til, for og med barn og unge.

Møteplass er viktig

Fylkeskommunar, direktekommunar, Foreningen !les, Leser søker bok, bibliotekansatte og Norske barne- og ungdomsbokforfattarar var deltakarar då Kulturtanken i samspill med Norsk barnebokinstitutt og Norsk Forfattersentrum kalla inn til samling for litteraturfeltet i DKS.

Dei umiddelbare tilbakemeldingane frå dei om lag 40 deltakarane var svært positive; ein møteplass for fagleg utveksling som her var til inspirasjon og stor nytte for deltakarane så vel som for arrangørane.

Kulturtanken-direktør Lin Holvik snakka i si innleiing om å sjå behovet til produsentar og formidlingsfeltet for å møtast.

- Nokon må ta ansvar for eit nasjonalt nettverk for dei som produserar i DKS, derfor er det invitert inn til samling her i dag, sa ho, og peika på at Norsk Forfattersentrum saman med Norsk barnebokinstitutt har bært dette ansvaret i fleire år. Kulturtanken ser fram til å hjelpe til vidare i dette arbeidet.

Programmet var satt saman av presentasjonar, innlegg, foredrag, sofasamtale, gruppearbeid, plenumsdiskusjon og ei spørsmålsrunde med Kulturtanken-direktør Lin Marie Holvik i sentrum til slutt.

Litteraturarbeidet i Den kulturelle skulesekken

Deltakarane hadde på førehand fått tilsendt spørsmål å forberede svar på. Svara blei presentert i plenum. Spørsmåla strakte seg frå korleis litteratur blir programmert i fylket og kommunen, til kva slags produksjonar som turnerer i DKS hos den enkelte, til kva for nokre utfordringar ein møter for litteraturformidlinga i DKS lokalt, regionalt og nasjonalt. 

I gruppearbeidet gjekk deltakarane saman og diskuterte moglege produksjonar og metoder for produksjon. Kanskje vil vi sjå at nokre av produksjonsideane og dei tenkte samarbeidsformene blir satt ut i livet i det kommande arbeidet på litteraturfeltet i DKS.

Ståle Stensilie snakker om litteratur
Ståle Stenslie om litteratur i den digitale brytningstiden. Foto Lars Opstad

Litteratur i ei digital brytningstid

Nytilsatt leiar for FoU-avdelinga i Kulturtanken, Ståle Stenslie, holdt eit foredrag om utviklinga av litteratur i DKS. Han satte skaperkrafta i sentrum, og peika på barna og ungdommen som morgondagens forfattarar. Men korleis vil morgondagens forfattarar skrive, produsere, lage tekstar - eller det vi i dag kallar litteratur? Dei unge bruker skjermen, og les digitalt. Og dei unge les tekstar av andre unge, i fora som ofte ikkje er kjende for voksne av i dag. Måten tekstar blir laga på, og måten dei formidlast på, vil endre seg, hevda Stenslie.

Booktuber Caroline Gabrielsen, barne- og ungdomsbibliotekar på Vågsbygd bibliotek, viste korleis vi kan bruke oss sjølve som anmeldarar, ambassadørar og anbefalarar av litteratur gjennom levande bilete på den offentlege kanalen YouTube.

- Det er enkelt, det er engasjerende, og det når potensielt ut til veldig mange. Det er kort og godt en effektiv og takknemlig måte å formidle på, og et verktøy som foreløpig ikke er i utstrakt bruk i Norge, sa Gabrielsen.  Så kva bør ein booktube-video innehalde? I følgje Gabrielsen bør den vere ein merksemdsvekkar, ha ei grunngjeving på korleis ein skal lese boka, og ei avslutning. Gabrielsen følgjer utanlandske booktubarar for å vite kva som kjem, som gir ein god peikepinn på kva ho skal kjøpe inn til biblioteket. Sjå www.ubok.no for eksempel.

Caroline Gabrielsen snakker om litteraturformidling på Youtube
Booktuber Caroline Gabrielsen om litteraturformidling på Youtube

Aksjon Skulebibliotek

Vibeke Røgler, konstituert dagleg leiar i Foreningen !les, innleia sofasamtalen med ein appell for skulebiblioteka. Utgangspunktet var utsegnet til kunnskapsministeren om at han var «heldig som hadde eit godt skulebibliotek» då han vaks opp. Det skal ikkje vere flaks som avgjer om barn og unge har tilgang til gode skulebibliotek, alle barn skal ha tilgang til eit skulebibliotek med ein god katalog og dyktige og dedikerte ansatte som sett lesaren og behovet til lesaren i sentrum, sa Røgler.

Samtalen fortsatte med Røgler, Joron Pihl, professor ved HiOA (fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar) og Siri Larsen, skulebibliotekar ved Ekeberg skule i Oslo. Matias Hilmar Iversen frå Kulturtanken var samtaleleiar. Dei peika på litteratur, mangfald og breidde, og at eit skulebibliotek må ha eit variert innhald til mangfaldige barn. Skulebiblioteket er heilt sentralt for lesing og skriving både som sosial praksis og på individnivå. Leseevne og leseglede heng nøye saman med leseoppleving og leselyst, og her har skulen, skulebiblioteket, føresatte og lærarar alle et ansvar.

Kulturtanken vil i framtida arrangere fagsamlingar også i dei andre kunstfelta i DKS – musikk, scenekunst, kulturarv, visuell kunst og film, for å fremje kompetanseheving, informasjonsdeling og utvikling på felta.