Plakat av kvinne som ber mystisk

Bergteke av kulturarv

Kva er det som har bergteke oss i ein formidlingssituasjon på kulturarv? Historia ligg jo der, utgrave og ferdig til bruk, men kva gjer den levande og minneverdig?

Foto: fra Interkulturelt museums utstilling “Våre hellige rom”

Kulturtankens ressursgruppe for kulturarv i Den kulturelle skulesekken hadde nyleg sitt aller første møte. Vi bad medlemmene om å dykke ned i minnekassen sin og hente opp ei formidling av kulturarv dei minnest spesielt godt. Det skapte energi og taleflaum! Stikkorda som fylte tavla etterpå, peika på noko heilt essensielt når det gjeld kvalitetar og verdiar i ei god formidling av noko som ofte er uhandgripeleg.

-Ei slik oppleving er eigen-arkeologi der ein får omsetjingshjelp til å forstå det ein finn, sa Daniel Johansen.

Noko som gjekk igjen i diskusjonen rundt kva formidlingsproduksjonar som berører og som ein hugsar, så var det mellommenneskelege - det relasjonelle, og moglegheita for å sjå seg sjølv i ein større samanheng.

Her følgjer dei fem medlemmene i ressursgruppa sine utvalde formidlingsminne:

Daniel Johansen, kunsthistorikar

Den største formidlingsopplevinga mi var nok på vidaregåande skule då domkyrkjearkitekt Arne Gunnarsjaa heldt eit foredrag om musikk og arkitektur gjennom historia. Dette var på slutten av 90-talet og vi var ikkje særleg vant til multimediale opplevingar. Arkitekten tok oss gjennom antikken og bysantinsk tid og viste bilete av både Parthenon i Athen, Hagia Sophia i Istanbul og Klippekuppelen i Jerusalem og spelte av gjenskapningar av religiøs musikk både frå den greske antikken, gresk-ortodoks messesong og ein gjenskapning av tidleg-islamsk bønnesong. Ved hjelp av musikken og teikningar og bilete av bygningane viste han oss korleis så mykje med bygningane blei planlagde for den bestemde musikken og songen som skulle framførast inne i dei. Og med det forklarte han arkitekturen på ein heilt ny måte for oss elevane.

Gazi Øzcan, religionshistorikar

For nokre år sidan hadde vi utstillinga «Våre Hellige Rom» på Interkulturelt Museum. Under ei omvisning med elevar frå 4.-trinn blei det veldig klart for meg korleis formidling kan føre til (kritisk) refleksjon hos publikummet, sjølv hos ein 9-åring. Utstillinga bestod av kopiar av heilage rom som tilhøyrde dei seks verdsreligionane. Elevane fekk omvisning i alle desse «heilage» romma som var direkte kopiar av dei originale romma i byrommet. Vi stoppet ved buddhisttempelet og eg byrja å snakke om religionsutøving og religionsfridom innanfor nokre retningar som krev mykje og langvarig meditasjon for å oppnå nirvana og at dette kan bli utfordrande og problematisk i nokre samfunn. Dette skjer fordi ein ekskluderer seg sjølv frå samfunnet for å meditere og dermed kan dei ikkje ha ein vanleg jobb. Religionsfridom og religionsutøving kan til tider vere ein kontrast til sekulære statar, demokrati og menneskerettane. Når eg òg fortalde elevane at ein del menneske i Vesten konverterer til buddhismen, så starta elevane ein diskusjon i mellom seg som direkte gjekk ut på kor mykje ein stat kan tillate religionsutøving og kvar grensene burde gå. Ein av elevane avslutta den lange og interessante samtalen med å seie: Vi kan vel ikkje tillate at menneske søkjer til fjellet eller skogen for å meditere heile tida for å oppnå nirvana. Kva om meir enn halvparten av befolkninga i Noreg gjer det same som dei munkane gjer? Kven skal køyre skulebussen eller toget då? Eg hugsar at eg var verkeleg imponert over grada av eigenrefleksjon og kor fort dei kunne forstå desse vanskelege/ betente temaa og sjå utfordringane i forholdet mellom religionsutøving og statlege lovverk og menneskerettar. God formidling kan alltid føre til undring, refleksjon og fine samtalar, sjølv om ein ikkje deler same syn på ein gitt sak.

Torhild Skåtun, museumspedagog og stipendiat

Vennskap og kjærleik på mobil og nett starta med utstillinga «Kjensler i Flyt» om nettdating. Saman med Redd Barna og ei gruppe elevar utvikla vi eit læringsopplegg der elevane produserte forteljingar i tekst og bilete om relasjonelle kvardagshendingar. Undervisningsopplegget lét eleven sine eigne refleksjonar om vennskap og mobbing, kjensler og ansvar, nærleik og distanse vere utgangspunkt for oppleving og læring. Bileta og tekstane var utgangspunktet for samtale om nærleik og distanse i digitale medium.

Det eg liker ved dette opplegget er samarbeid i utvikling og produksjon, elevane er produsentar av innhald for vidare dialog og vi opplevde nokre augneblink av gull, der barn reflekterte om eigen digital kvardag på godt og vondt.

Bjørn H.S. Kristiansen, kulturhistorikar.

Eg skulle ha forelesing på Blindern, der eg studerte Kulturhistorie (etnologi) på 1990-talet. Alt eg visste var at det kom ei dame frå Sverige for å snakke om forskinga si.

Då eg kom inn i auditoriet, sit det ei godt vaksen dame i syrinfarga drakt der - ei skikkeleg frue frå middelklassen. Ho kunne fortelje at barna hadde blitt store, og ho hadde byrja å studere etter mange år heime. Det eine hadde ført til det andre og no etter fleire år hadde ho levert doktorgrada si.

Tema for avhandlinga var menstruasjonsbindets historie i Sverige. Korleis ein handterer menstruasjonen har til kvar tid vore ei utfordring for halvparten av befolkninga. Forelesinga avdekte kor lite vi veit, kor lite som er dokumentert, men òg om mangfaldet og oppfinnsomheten. Foredraget gjorde greie for alle tabu, historieløyse og vankunne om noko som er så til dei grader vanleg. Eg måtte til slutt berre gi meg over av alle dei kulturelle paradoksa som knyter seg til dette blodet.

Ho gjorde greie for nøkternt og sakleg. Var ikkje spesielt dynamisk og spennande formidlar. Men ho var godt førebudd og visste kva ho ville seie. Eg hugsar korleis denne innsikta gav meg ei oppleving av å ha vakse, og av å ha fått eit forandra blikk på eigen kultur. Fordommane mine fekk òg køyrt seg for eg hadde aldri trudd at ei dame med det oppsynet skulle kunne sjokkere, overraske og berike meg slik ho gjorde. Det var heilt herleg!

Bente Aster, fagansvarleg for kulturarv i Kulturtanken

‘Lirekassen fortel', er ein produksjon i DKS med utøvar Åse Mørk som formidlar og musikar. Målgruppa er barneskule, og det er best eigna for småtrinn.

‘Lirekassen fortel' handlar om Åses oppdaging av instrumentet, då ho var på Ringve museum som lita jente. Ho hadde aldri sett noko liknande, og ho blei fanga av utsjånaden og lyden til denne rariteten. Oppdaginga og historia rundt lirekassen, tek ho med seg inn i forteljinga til elevane. Ho flettar inn eigenskapar som undring og nysgjerrigheit overfor eit instrument som læt som ikkje noko anna ein høyrer til dagleg. Elevane tek del i denne undringa og oppdaginga, og alle får til slutt prøve sveiva, sjølvsagt. Undervegs har dei spontant rollespel, der alle blir tekne inn på det nivået dei er trygge på.

I tillegg er denne produksjonen eit vindauge ut til den store verda, der lirekassen hadde ein funksjon i samfunnet - nokon hadde den som levebrød. Så med objektet i sentrum, får Åse sagt og gitt mykje; sitt eige engasjement først og fremst, deretter historiske drypp, og så får elevane innblikk i at det faktisk krev fagleg dyktigheit når ein held på med lirekasse; alle får teste knappane og sjå korleis belg, luft og sveiv heng saman med digital programmering. Men for meg som vaksen tilhøyrer, er det mest slåande å oppleve den omtanken og varmen Åse har overfor elevane. For dette handlar om formidlingsmessig musikalitet, og evna til ikkje å ta seg sjølv så høgtideleg heile tida – då oppnår ein det fine møtet mellom utøvar og elev.

Om ressursgruppa i Kulturarv:

Ressursgruppa skal ha to møte i året. Medlemmene skal få høve til å bidra og utvikle dialogen rundt fag, formidling, innhald og framtid som Kulturtanken har med feltet på dagleg basis. Nokre av medlemmene kjem til innspelsseminaret den 22.10, og skal ha ei aktiv rolle der.

Innspelsseminar om Kulturarv:
https://www.facebook.com/events/129619344573669/
Hugs å melde deg på til: ba@kulturtanken.no innan 18. oktober