Cezinando på scenen under konsert

285 millionar i spelemidlar til Den kulturelle skulesekken

Regjeringa har fordelt spelemidlane til kulturformål for 2020. DKS-ordninga får 285 millionar, som er ein nedgang på tre millionar kroner samanlikna med i fjor.

DKS-konsert med Cezinando. Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Totalt blir 805 millionar kroner fordelte til kulturformål for 2020, skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding. Det er same sum som for 2019, og regjeringa gjer berre mindre justeringar.

– Med desse midlane er vi med på å støtte opp om fantastisk kunst og kultur skapt av barn og unge gjennom Frifond-ordninga og for barn og unge gjennom Den kulturelle skulesekken. Vi er òg med på å sikre aktivitet i det frivillige kulturlivet så det kan halde fram med å blomstre over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Kan gi færre kunstnarmøte og mindre aktivitet

portrett bilde av Øystein Strand
Øystein Strand

Kan gi færre kunstnarmøte og mindre aktivitet

285 millionar kroner av potten blir tildelte Den kulturelle skulesekken (DKS). Det er ein liten nedgang frå i fjor, då DKS fekk litt over 288 millionar kroner.

Direktør i Kulturtanken, Øystein Strand, seier at han gjerne skulle hatt auka ramme til DKS-ordninga for å ikkje svekkje tilbodet til barn og unge.

–  Årets løyving er litt over tre millionar kroner mindre enn løyvinga i fjor, og med stor auke i honorara og generell prisvekst på varer og tenester så vil dette gi færre kunstnarmøte og mindre aktivitet, seier Strand.

– God kulturpolitikk å satse på DKS

Strand meiner Den kulturelle skulesekken er den beste ordninga i verda for kunstformidling til barn og unge, og seier at Kulturtanken er offensive og ønskjer utvikling og ekspansjon.

– Vi har ambisjonar om best mogleg og flest mogleg tilbod. Dette er superviktig for alle skuleelevar i heile Noreg, og vi meiner det er god kulturpolitikk å satse på DKS. Det er den einaste ordninga som faktisk når alle barn og unge over heile landet med kunst og kultur, uavhengig av elevanes sosiokulturelle bakgrunn.

Samtidig innser han at det er mykje uvisse grunna korona-situasjonen, og at det ikkje er gitt at det vil vere mogleg med like høg DKS-aktivitet neste skuleår.

– Vårt ansvar er uansett å gjere maksimalt ut av den løyvinga vi har fått til DKS og vise at denne ordninga er enormt viktig. Det vil vere den beste argumentasjonen for ein reell auke i løyvinga til DKS neste år, seier Kulturtanken-direktøren.