samlet bilde av Abid Raja og ungdommene

Fem millionar til inkludering av barn og unge i kulturlivet

Kulturminister Abid Raja lanserte ei ny tilskotsordning som skal sikre at fleire barn og unge får høvet til å delta i organiserte kulturaktivitetar.

Kulturminister Abid Raja med ungdommar frå Ammerudklubben og Kulturhjerte. Foto: Kulturtanken/Erik Brandsborg

– Deltaking i kulturaktivitetar fremjar fridom og moglegheit for den enkelte til å uttrykkje seg, sa kulturminister Abid Raja under lanseringa på Ammerudklubben i Oslo fredag 28. august.

 Vi ønskjer å sikre at kulturlivet opplevast som relevant, representativt og tilgjengeleg for alle barn og unge.

— Kulturminister Abid Raja

Deltaking i kultur og frivilligheit er ulik i befolkninga. Dette blei mellom anna dokumentert i Frivillighetsmeldingen . Deltaking i ein del kulturaktivitetar som korps, kor, orkester og kulturskule er klart høgare blant barn og unge frå familiar med høg utdanning, høg inntekt og breitt sosialt nettverk.

Barrierar for deltaking kan vere konkrete, som økonomi, fysisk tilgjengelegheit eller informasjon, men handlar like ofte om relasjonar, identifikasjon, tryggleik eller relevans i tilbodet.

– Dette må vi endre på. Vi ønskjer å sikre at kulturlivet opplevast som relevant, representativt og tilgjengeleg for alle barn og unge, seier kulturminister Abid Raja.

Meir informasjon om ordninga og korleis du søkjer finnar du her

Byggjer sosiale fellesskap og identitet

Midlane på fem millionar kroner skal fordelast til aktørar i det frivillige kulturlivet som gjennom tiltak retta mot barn og ungdom bidreg til å gi auka tilgang til fritidsaktivitetar. Tilskotsordninga skal bidra til å inkludere nye grupper inn i det ordinære aktivitetstilbodet til laga.

–  Kunst og kultur er viktig for å byggje sosiale fellesskap og identitet for barn og unge. Å vere saman med jamaldra og få høvet til å utvikle seg sjølv og sine kreative evner bidreg til kjensle av tilhøyrsel, og anerkjenning. Det er derfor viktig at alle barn får tilgang til å utfalde seg gjennom kunst og kultur i oppveksten, seier Raja.

Kunst og kultur er viktig for å byggje sosiale fellesskap og identitet for barn og unge

— Kulturminister Abid Raja

Prioriterte tiltak

bilde av Kulturminister Abid Raja og Øystein Strand.
Kulturminister Abid Raja med Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Tiltak retta mot barn og unge frå låginntektsfamiliar, med minoritetsbakgrunn, nasjonale minoritetar eller med funksjonsnedsetjingar vil bli prioritert. Samtidig vil regional spreiing og mangfald i kulturuttrykk òg bli lagd vekt på.

Kulturdepartementet har gitt Kulturtanken i oppdrag å organisere ordninga.

Ordninga skal bidra til at det frivillige kan samarbeide på tvers for å leggje til rette for trygge, sosiale og utviklande miljø som lèt barn og unge kjenne meistring, samhald og tilhøyrsel gjennom deltaking i kunst og kultur på tvers av økonomiske eller sosiale og kulturelle skilje, seier Kulturtankens direktør, Øystein Strand.

Den økonomiske støtta skal sikre at barn og unge blir inkludert i tilbod der dei sjølv er aktive deltakarar, og ikkje berre er publikum. Eit mål er at tiltaka vil føre til deltaking i ordinær aktivitet på jamleg basis.

Midlane skal delast ut i 2020, medan aktivitetar kan òg finne stad i 2021. Søkjar må vere registrert i Frivilligregisteret. Søknadsfristen er 1. oktober.  

Meir informasjon om ordninga og korleis du søkjer finnar du her

Sjå bilete frå lanseringa:

Abid Raja holder tale.
Abid Raja lanserer tilskuddsordningen
Abid Raja danser med ungdommene
Abid og ungdommene i skyggen
Habib Tahir, Abid Raja og ungdommer fra Ammerudklubben

Fakta

Ammerudklubben er ein fritidsklubb aust i Oslo, som er ein del av innsatsen til kommunen for ungdom i bydel Grorud. Kulturministeren fekk ei omvisning i frukthagen, som er ein del av eit prosjekt der ungdommar medverkar til å bestemme over uteområda til bydelen.

Ungdom og Fritid vektla rolla til fritidsklubbane som lokale kultursenter for unge kulturøvere då dei presenterte arbeidet sitt. – Det er veldig bra at Kulturdepartementet og statsråden no satsar på barne- og ungdomskulturen. Pengar er eit av verktøya som må til for å skape god integrering og sterke fellesskap, seier generalsekretær i Ungdom og Fritid, André Ruud.

Også ungdommar frå Lillehammer-baserte Kulturhjerte var til stades på lanseringa. Kulturhjarte er ein vekevis møteplass for rundt 40 unge og vaksne frå 14 ulike opphavsland. Målet er å skape vennskap og nettverk for nye familiar og ungdom som kjem til byen.