Mikrofon foran og en vokalist i bakgrunnen

Godtek utbetaling av honorar for avlyste DKS-oppdrag ut skuleåret

Kulturdepartementet og Kulturtanken opnar for vidareføring av dagens praksis.

Foto: Lars Opstad

Førre veke melde Kulturtanken at det i samråd med Kulturdepartementet blei vedteke at det frå 1. mai ikkje lenger var mogleg å rapportere på midlar som blei nytta til å honorere utøvarar for avlyste DKS-oppdrag etter 1.mai. Etter tilbakemeldingar opnar Kulturtanken og Kulturdepartementet for vidareføring av dagens praksis, med rom for å rapportere på midlar utbetalt for avlyste DKS-oppdrag ut dette skuleåret.

Etter dialog med fleire fylkeskommunar og med Kulturdepartementet på bakgrunn av reaksjonar frå både frå politisk hald og frå DKS-utøvarar ser vi at det i nokre situasjonar vil vere både rimeleg og rett å føre vidare praksis med å utbetale honorar i samsvar med avtale ut inneverande skuleår, seier direktør i Kulturtanken, Øystein Strand.

Det er òg uvisse rundt korleis dei generelle tiltaka for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande vil slå ut for kvar enkelt DKS-utøvar. Strand seier derfor vidare;

– Vi har tillit til at kvar enkelt fylkeskommune og kommune gjer gode vurderingar basert på både juridiske og lokale omsyn, og vil derfor opne opp for at avgjerder som fattast for inneverande skuleår ikkje vil få konsekvensar for rapporteringa på dei statlege spelemidlane.

Kulturtanken vil altså ikkje krevje tilbake statlege DKS-midlar for inneverande skuleår og kommunar og fylkeskommunar står dermed fritt til gjere eigne vurderingar og å ta avgjerder vedrørande inngåtte avtalar.

– Det er likevel viktig for oss å understreke intensjonen om at DKS-midlane i så stor grad som mogleg skal gå til sitt definerte formål* og vi oppmodar fylkeskommunar og kommunar til å søkje gode løysingar med dette for auget i samarbeid med DKS-utøvarane sine og skulane i sitt område, seier Strand.

* Midlane skal brukast i tråd med mål og prinsipp for ordninga som vedteke i St.meld. nr. 38(2002–-2003) Den kulturelle skulesekken og St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida.

«Den kulturelle skulesekken skal sikre eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skulen for barn og unge i heile landet, innanfor alle dei seks kunst- og kulturuttrykka i Den kulturelle skulesekken: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.»