Øystein Strand konstituert direktør for Kulturtanken
Kulturdepartementet offentleggjorde i dag, i ein pressemedling, kven som tek over som direktør i Kulturtanken når Lin Marie Holvik går over i ny stilling.
Pressemelding frå Kulturdepartementet:
Avdelingsdirektør i Kulturdepartementet Øystein Strand blir konstituert som ny direktør for Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg frå 1. mars 2020. Noverande direktør, Lin Marie Holvik, går over til stillinga som rektor ved Thor Heyerdahl videregående skole i Larvik.
– Lin Marie Holvik har gjennomført oppdraget ho fekk frå departementa på ein svært god måte. Ho har bidrege til å styrkje kunnskapen om ordninga på nasjonalt nivå og har sett i gang ei rekkje samarbeidsprosjekt for utvikling av ordninga lokalt. Eg har forståing for at ho ønskjer seg tilbake til skuleverket og vil ønskje henne lykke til vidare, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.
– Med konstitueringa av Øystein Strand er eg er trygg på at vi får ein ny direktør for Kulturtanken som vil vareta oppgåvene på ein god måte, seier Skei Grande.
Øystein Strand er avdelingsdirektør i Medie- og kunstavdelinga og var prosjektleiar for arbeidet med Kulturmeldingen. Han har arbeidd med DKS som ansvarleg for ordninga både på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Strand blir konstituert som ny direktør for Kulturtanken i eitt år.
Kulturtanken er ein viktig aktør for Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i arbeidet med den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga gjennom å bidra med faglege råd og rettleiing, og gjennomføre satsingar som er viktige for departementa på nasjonalt nivå. Mellom anna har dette inkludert arbeidet med å innhente stemmene til barn og unge.
Kulturtanken har vore gjennom ein stor omstillingsprosess sidan 2016 med eit nytt og utvida mandat frå tidlegare Rikskonsertane, nye oppgåver og ny styringsstruktur for å vareta det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skulesekken.
Kulturdepartementet har tidlegare varsla at Kulturtankens rolle som forvaltar av DKS-ordninga vil bli drøfta i den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga.