Kirsti Jerijärvi formidler den samiske kunstneren John Andreas Savio sitt kunstnerskap til elever ved Svolvær skole, høsten 2019.

Udir får i oppdrag å informere om DKS

For første gong er Den kulturelle skulesekken nemn i tildelingsbrevet til Utdanningsdirektoratet!

Kirsti Jerijärvi formidlar den samiske kunstnaren John Andreas Savio sitt kunstnarskap til elevar ved Svolvær skule, hausten 2019. Foto: Cathrine Jakobsen

Den kulturelle skulesekken og Kulturskulen er no nemnt i Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til Utdanningsdirektoratet (Udir) for 2020. Tildelingsbrevet inneheld mål, prioriteringar og økonomiske rammer for kva Utdanningsdirektoratet skal arbeide med.

Under punkt  4.1 Andre oppdrag, blir bede direktoratet om å «utvikle informasjon om kulturskulen og den kulturelle skulesekken (DKS)». I skildringa av oppdraget står det at Udir i samarbeid med Kulturtanken skal sørgje for at relevansen av tilboda i DKS i forhold til læreplanane blir formidla i skulesektoren.

– På alle reisene mine og møter med fylke og kommunar rundt om i landet har éin bodskap vore viktig frå DKS-familien; ønsket om at Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet skal sjå, og ta DKS på alvor. Dette har dei bede meg formidle oppover i systemet. Eg er derfor svært glad for det signalet som no kjem i oppdragsbrevet til Udir, og ser fram til å samarbeide om å informere skulane om moglegheitene som ligg kunst- og kulturtilbodet i Den kulturelle skulesekken, seier Kulturtankens direktør Lin Marie Holvik.

Udir har fått frist til 1. september 2020 med å utføre informasjonsoppdraget til skulane.